405_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/kirkeregn/arkiv
405
Brutto driftsresultat opp 59 prosent i 2009
statistikk
2010-07-23T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Kultur og fritid
no
kirkeregn, Kyrkjelege fellesråd, rekneskap, kyrkjeøkonomi, driftsrekneskap, utgifter, investeringar, statlege overføringar, kommunetilskotKommunale finanser, Religion og livssyn, Kultur og fritid, Offentlig sektor
false

Kyrkjelege fellesråd, rekneskap2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Brutto driftsresultat opp 59 prosent i 2009

Brutto driftsresultat for dei kyrkjelege fellesråda i 2009 vart på 167 millionar kroner. Dette er ein auke på 62 millionar frå 2008.

Driftsutgifter, etter funksjon i prosent for kyrkjelege fellesråd. 2004-2009. Prosent

Driftsrekneskap. 2004-2009. Millionar kroner

Dei kyrkjelege fellesråda hadde særs tilfredsstillande økonomisk driftsresultat for 2009. Brutto driftsresultat tilsvarer 4,7 prosent av driftsinntektene det same året. Driftsinntektene auka med 10,6 prosent frå 2008, medan auken i driftsutgiftene var på 8,9 prosent.

Høgare driftsresultat

Driftsinntektene auka med 335 millionar kroner til 3 496 millionar kroner frå 2008 til 2009. Tilskot frå eigen kommune utgjorde drygt 60 prosent av inntektsgrunnlaget, medan refusjonar og overføringar utgjorde nær 19 prosent. Inntekter frå brukarbetaling var 7,4 prosent. Samansetjinga av driftsinntektene har ikkje vore vesentleg endra sidan 2004.

Auken i driftsutgiftene var på 274 millionar kroner. Dermed steig driftsutgiftene i 2009 til 3 329 millionar kroner. Lønsutgiftene var den viktigaste utgiftsposten og stod for om lag 63 prosent av driftsutgiftene dette året. Lønsutgifter og kjøp av varer og tenester utgjorde til saman nærare 88 prosent av driftsbudsjettet.

Netto driftsresultat vart 153 millionar kroner i 2009, 41 millionar høgare enn i 2008.

Av driftsutgiftene vart 37 prosent nytta til drift av kyrkjer. Drift av gravstader og administrasjon utgjorde høvesvis 16 og 31 prosent. Dei resterande 16 prosent vart nytta til anna kyrkjeleg verksemd.

Høgare investeringar

Investeringane i bygg og anlegg utgjorde 645 millionar kroner i 2009, som er 94 millionar meir enn året før. Nær 88 prosent vart finansiert ved tilskot, gåver og eigne midlar, medan nye låneopptak finansierte 12 prosent av bruttoinvesteringane. 73 prosent av investeringane var nytta til kyrkjer, medan 18 prosent var investert i gravstader.

Netto finansinntekter/-utgifter. 2004-2009. Millionar kroner

Investeringar, etter funksjon i prosent for kyrkjelege fellesråd. 2004-2009

Forvaltar meir kapital

Dei kyrkjelege fellesråda forvalta ein kapital på om lag 7,4 milliardar kroner i 2009. Dette tilsvarer ein auke på nær 16,2 prosent frå 2008. Sidan 2004 har auken vore på 2,5 milliardar kroner.

Langsiktige lån auka med 16 millionar kroner frå 2008 og utgjorde i 2009 omkring 5,2 prosent av samla eigenkapital og gjeld.

Netto finans endra seg frå 2008 til 2009

For 2009 vart det 14 millionar kroner minus, mot 10 millionar pluss i 2008. Endringa kjem dels frå mindre utbytte, og dels frå større avdrag på lån. Utbytte og renteinntekter var i 2009 om lag 26 millionar, mot 54 millionar i 2008.

Talgrunnlaget

For rekneskapsåret 2009 er det 23 fellesråd som ikkje har levert fullstendig driftsrekneskap. I talmaterialet er det teke omsyn til dette ved at data for desse fellesråda er berekna på bakgrunn av innbyggjartal.

Tala for bruttoinvesteringar i perioden frå 2004 til 2008 er endra frå og med publiseringa for 2008. Bruttoinvesteringar syner utelukkande investeringar i anleggsmiddel.

Tabeller: