383_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/kirkeregn/arkiv
383
Investeringane auka med 30 prosent i 2008
statistikk
2009-07-16T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Kultur og fritid
no
kirkeregn, Kyrkjelege fellesråd, rekneskap, kyrkjeøkonomi, driftsrekneskap, utgifter, investeringar, statlege overføringar, kommunetilskotKommunale finanser, Religion og livssyn, Kultur og fritid, Offentlig sektor
false

Kyrkjelege fellesråd, rekneskap2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Investeringane auka med 30 prosent i 2008

Det vart investert over 500 millionar kroner i kyrkjer og gravstader i 2008, ein auke på nær 125 millionar frå 2007.

Driftsrekneskap. 2003-2008. Millionar kroner

Driftsutgifter, etter funksjon i prosent for kyrkjelege fellesråd. 2003-2008. Prosent

Dei kyrkjelege fellesråda hadde tilfredsstillande økonomisk driftsresultat også for 2008. Brutto driftsresultat før avskrivingar vart 105 millionar kroner, eller 3,3 prosent av driftsinntektene. Driftsinntektene auka med 8 prosent frå 2007, medan auken i driftsutgiftene var 9,3 prosent.

Lågare driftsresultat

Driftsinntektene auka med 234 millionar kroner til 3 161 millionar kroner frå 2007 til 2008. Tilskot frå eigen kommune utgjorde 61 prosent av inntektsgrunnlaget, medan refusjonar og overføringar utgjorde nær 19 prosent. Inntekter frå brukarbetaling var 7 prosent. Samansetjinga av driftsinntektene har ikkje vore vesentleg endra sidan 2004.

Auken i driftsutgiftene var på 261 millionar kroner og steig i 2008 til 3 055 millionar kroner. Lønsutgiftene var den viktigaste utgiftsposten og stod for 62 prosent av driftsutgiftene i 2008. Lønsutgifter og kjøp av varer og tenester utgjorde til saman 88 prosent av driftsbudsjettet.

Netto driftsresultat vart 113 millionar kroner i 2008, 27 millionar lågare enn i 2007.

Avskrivingane for dei kyrkjelege fellesråda har ikkje nokon resultateffekt, men utgjorde 118 millionar kroner i 2008, ein auke på 2 millionar kroner frå førre året.

Av driftsutgiftene vart 39 prosent nytta til drift av kyrkjer. Drift av gravstader stod for 17 prosent, medan administrasjon utgjorde 28 prosent. Dei resterande 16 prosent vart nytta til anna kyrkjeleg verksemd.

Kyrkjelege fellesutgifter per innbyggjar, etter bispedømme. 2004-2008. Kroner

Investeringar, etter funksjon i prosent for kyrkjelege fellesråd. 2003-2008

Høgare investeringar

Investeringane i bygg og anlegg utgjorde 541 millionar kroner i 2008, 125 millionar høgare enn i 2007. Nær 88 prosent vart finansiert ved tilskot, gåver og eigne midlar, medan nye låneopptak finansierte vel 12 prosent av bruttoinvesteringane. 68 prosent av investeringane var nytta til kyrkjer, medan 25 prosent var investert i gravstader.

Forvaltar meir kapital

De kyrkjelege fellesråda forvalta ein kapital på 6 3351 millionar kroner i 2008, ein auke på nær 131 prosent frå 2007. Sidan 2004 har auken vore på 1,51 milliarder kroner.

Langsiktige lån auka med 90 millionar kroner frå 2007 og utgjorde i 2008 omkring 4,8 prosent av samla eigenkapital og gjeld.

Talgrunnlaget

For rekneskapsåret 2008 er det 24 fellesråd som ikkje har levert fullstendig driftsrekneskap. I talmaterialet er det teke omsyn til dette ved at data for desse fellesråda er berekna på bakgrunn av innbyggjartal.

Tala for bruttoinvesteringar i perioden frå 2004 til 2008 er endra frå og med denne publiseringa. Bruttoinvesteringar syner utelukkande investeringar i anleggsmiddel.

1  Tallet er rettet 23. juli 2009.

Tabeller: