385_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/kirkeregn/arkiv
385
Sterk inntektsvekst for kyrkjelege fellesråd
statistikk
2008-07-09T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Kultur og fritid
no
kirkeregn, Kyrkjelege fellesråd, rekneskap, kyrkjeøkonomi, driftsrekneskap, utgifter, investeringar, statlege overføringar, kommunetilskotKommunale finanser, Religion og livssyn, Kultur og fritid, Offentlig sektor
false

Kyrkjelege fellesråd, rekneskap2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Sterk inntektsvekst for kyrkjelege fellesråd

Dei kyrkjelege fellesråda hadde gode økonomiske resultat for 2007. Driftsinntektene auka med 7,5 prosent frå 2006, noko som er den sterkaste veksten sidan 2003. Auken i driftsutgiftene var 5,0 prosent.

Driftsrekneskap

Driftsutgifter, etter funksjon i prosent for kyrkjelege fellesråd

Brutto driftsresultat før avskrivingar vart 133 millionar kroner, eller 4,6 prosent av driftsinntektene. Driftsinntektene auka med 203 millionar kroner til 2 927 millionar kroner frå 2006 til 2007. Tilskot frå eigen kommune utgjorde 64 prosent av inntektsgrunnlaget, medan refusjonar og overføringar utgjorde 16 prosent. Inntekter av brukarbetaling stod for 7 prosent. Samansetjinga av driftsinntektene har ikkje vore vesentleg endra sidan 2004.

Auken i driftsutgiftene var på 133 millionar kroner og samla driftsutgifter steig dermed i 2007 til 2 794 millionar kroner. Lønsutgiftene var den viktigaste utgiftsposten og stod for 62 prosent av driftsutgiftene i 2007. Lønsutgifter og kjøp av varer og tenester utgjorde til saman 88 prosent av driftsbudsjettet.

Høg inntektsvekst

Frå 2004 og fram til 2007 har den gjennomsnittlege årlege auken i driftsinntekter vore på 5,8 prosent, medan auken i driftsutgiftene har vore på 5,7 prosent. Fjorårets vekst i driftsinntektene på 7,5 prosent er altså godt over gjennomsnittet, medan utgiftsveksten er lågare enn snittet.

Netto finanspostar syner ei inntekt på 7 millionar kroner som er ei endring frå 2006 på 17 millionar kroner, i hovudsak grunna ei betring i netto renteinntekter på 12 millionar kroner frå 2006.

Netto driftsresultat vart betra med 70 millionar kroner frå 2006 til 2007 til i alt 140 millionar kroner, eller 4,8 prosent av driftsinntektene.

Avskrivingane for dei kyrkjelege fellesråda har ikkje nokon resultateffekt, men utgjorde i 2007 116 millionar kroner. Dette er ein auke frå 2006 på 12 millionar kroner.

Investeringar, etter funksjon i prosent for kyrkjelege fellesråd

Kyrkjelege fellesutgifter per innbyggjar etter bispedøme. 2004-2007. Kroner

Av driftsutgiftene blei 40 prosent nytta til drift av kyrkjer. Drift av gravstader stod for 17 prosent, medan administrasjon utgjorde 29 prosent. Dei resterande 14 prosent vert nytta til anna kyrkjeleg verksemd.

Auke i byggjeinvesteringar

Investeringane i bygg og anlegg utgjorde i fjor 404 millionar kroner, noko som er 24 millionar høgare enn i 2006. 370 millionar kroner var finansiert ved mottekne tilskott, gåver og overføringar til finansiering ved eigne midlar over drift eller ved bruk av avsetningar. Nye låneopptak utgjorde 34 millionar kroner.

56 prosent av investeringane var nytta til kyrkjer, medan 30 prosent var investert i gravstader.

Høg vekst også i forvalta kapital

Dei kyrkjelege fellesråda forvalta ein kapital på 5 619 millionar kroner i 2007. Det er ein auke på 10,8 prosent frå 2006. Den gjennomsnittlege årlege auken frå 2004 og fram til 2007 var på 5 prosent.

Langsiktige lån vart redusert i 2007 og utgjorde 4,6 prosent av samla eigenkapital og gjeld, mot 5,7 prosent frå førre år.

Talgrunnlaget

For rekneskapsåret 2007 er det 35 fellesråd som ikkje har levert fullstendig rekneskap. I talmaterialet er det teke omsyn til dette ved at data for desse fellesråda er berekna på bakgrunn av innbyggjartal.

Tabeller: