391_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/kirkeregn/arkiv
391
Kyrkjelege fellesråd styrkjer økonomien
statistikk
2006-01-11T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Kultur og fritid
no
kirkeregn, Kyrkjelege fellesråd, rekneskap, kyrkjeøkonomi, driftsrekneskap, utgifter, investeringar, statlege overføringar, kommunetilskotKommunale finanser, Religion og livssyn, Kultur og fritid, Offentlig sektor
false

Kyrkjelege fellesråd, rekneskap2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Kyrkjelege fellesråd styrkjer økonomien

Dei kyrkjelege fellesråda hadde ei positiv økonomisk utvikling i 2004. Inntektene auka med 5,7 prosent frå 2003. Sjølv om det også var ein vesentleg auke i utgiftene på 4,1 prosent, blei fellesråda sin økonomi betra. Bruttodriftsresultat auka til 103 millionar kroner, eller 4,1 prosent, av driftsinntektene, opp frå 2,7 prosent i 2003.

Det er med verknad frå 2004 gitt nye/endra rekneskapsforskrifter for dei kyrkjelege fellesråda. Nye artar gjer det vanskeleg å sjå 2004-tala i tidsserie med tidlegare publiseringar.

Kyrkjelege fellesutgifter per innbyggjar, etter bispedømme. Kroner

Kyrkjelege fellesråd. Inntekter og utgifter per innbyggjar. Kroner

Drift

Driftsinntektene auka med 134 millionar til 2 491 millionar kroner frå 2003 til 2004. Tilskot frå eigen kommune og fylkeskommune utgjer 64 prosent av inntektsgrunnlaget, mens inntekter av brukarbetaling representerte 6,5 prosent.

Driftsutgiftene auka med 94 millionar kroner og var i 2004 på 2 388 millionar. Den viktigaste utgiftsposten er lønsutgifter, og desse tilsvara nesten 63 prosent av driftsutgiftene i 2004.

Målt per innbyggjar var gjennomsnittleg driftsinntekt i 2004 på 544 kroner, ein auke frå 2003 på 29 kroner. Sjølv om aukinga i driftsutgiftene per innbyggjar var 21 kroner, blei det ei vesentleg betring i bruttodriftsresultat, slik at driftsresultatet per innbyggjar i 2004 blei på 22 kroner.

Fordelinga av utgiftene etter formål viser at 43 prosent blei nytta til drift av kyrkjer. Administrasjon i kyrkjer kom ut på 29 prosent, mens drift av gravstader og anna kyrkjeleg verksemd representerte høvesvis 18 og 10 prosent av utgiftene.

Avskrivingane i dei kyrkjelege fellesråda utgjer 81 millionar kroner i 2004, men har i denne rekneskapen ikkje nokon resultateffekt.

Driftsutgifter etter funksjon i prosent for kyrkjelege fellesråd

Investeringar

Investeringane i bygg og anlegg for 2004 utgjer 374 millionar kroner, som er ein vesentleg auke frå tidlegare år. 345 millionar kroner av dette er finansiert ved at det er motteke tilskot, gåver og overføringar i tillegg til finansiering ved eigne midlar over drift eller ved bruk av avsetningar. Nye låneopptak utgjer 29 millionar kroner.

71 prosent av investeringane kan knytast til kyrkjene, mens 24 prosent er investert i gravstadene.

Balansen

Kapitalen som blir forvalta av dei kyrkjelege fellesråda i 2004, utgjer vel 4,8 milliardar kroner. Dette er ein auke frå 2003 på 369 millionar. Auken kjem i hovudsak frå investeringar knytte til kyrkjene.

Ein stor del av investeringane er finansiert med eigne midlar og tidlegare avsetningar, slik at auken i netto langsiktig gjeld er 16 millionar kroner.

Forholdet mellom omløpsmidlar og kortsiktig gjeld er på same nivå i 2004 som for 2003.

Arbeidskapitalen er i året betra med 46 millionar kroner frå 2003, og er no på 436 millionar.

Talgrunnlaget

For rekneskapsåret 2004 er det 55 fellesråd som ikkje har levert fullstendig rekneskap. I talmaterialet er det teke omsyn til dette ved at data for nemnte fellesråd er berekna på bakgrunn av innbyggjartal..

Med referanse til endringar i forskriftene, kan det vere at presisjonsnivå for å kategorisere postar i høve til drifts- og investeringsrekneskap ikkje er konsekvent gjennomført fullt ut for dei kyrkjelege fellesråda. I tabell 1 viser vi berre hovudtala for dei føregåande åra.

Tabeller: