401_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/kirkeregn/arkiv
401
Betra driftsresultat for fellesråda
statistikk
2000-10-27T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Kultur og fritid
no
kirkeregn, Kyrkjelege fellesråd, rekneskap, kyrkjeøkonomi, driftsrekneskap, utgifter, investeringar, statlege overføringar, kommunetilskotKommunale finanser, Religion og livssyn, Kultur og fritid, Offentlig sektor
false

Kyrkjelege fellesråd, rekneskap1999

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Betra driftsresultat for fellesråda

Kyrkjelege fellesråd fekk betra resultatet for rekneskapsåret 1999 sett i høve til 1998. Resultata var likevel ikkje så gode som for rekneskapsåret 1997, som var fyrste året fellesråda utarbeida eigne rekneskapar.

Rekneskapen til kyrkjelege fellesråd for rekneskapsåret 1999 syner at driftsutgiftene var på 1 713 millionar kroner, medan driftsinntektene var på 1 802 millionar kroner, ein auke på høvesvis 4 og 6 prosent frå 1998.

Løn og "andre driftsutgifter" er dei to største utgiftspostane til fellesråda. Både lønsutgiftene og "andre driftsutgifter" er størst per innbyggjar i Sør-Hålogaland bispedøme og minst i Oslo bispedøme. Den største inntektskjelda har vore overføringar frå fylkeskommune, kommune og andre.

Samla lønsutgifter for rekneskapsåret 1999 var i overkant av 1 milliard kroner. I høve til 1998 har lønsutgiftene auka med 45 millionar kroner, ein auke på 4 prosent. I høve til dei totale driftsutgiftene vart det likevel ikkje nytta prosentvis meir på løn i 1999 enn i 1998. For 1998 utgjorde lønsutgiftene 60,4 prosent mot 60,9 prosent i 1999. Tek ein omsyn til refusjonane frå trygdeforvaltninga utgjer samla lønsutgifter 1 007 millionar kroner.

Det vart totalt nytta 380 millionar kroner på "andre driftsutgifter" i 1999, ein auke på 3 prosent frå 1998. "Andre driftsutgifter" utgjorde 22 prosent av driftsutgiftene, det same som for rekneskapsåret 1998.

Fellesråda hadde ein auke i investeringane på 23 millionar kroner frå 1998. Totalt har investeringane auka med 131 prosent sidan rekneskapsåret 1997.

For rekneskapsåret 1998 var det ein positiv differanse mellom nyskaffing og bruk av middel på 48 millionar kroner, ein reduksjon på 51 prosent frå 1997. I 1999 var same differanse 77 millionar, ein auke på 29 millionar, eller 60 prosent frå 1998-tala. Det var likevel 21 prosent svakare enn for 1997.

Netto driftsresultat

Netto driftsresultat er eit resultat som viser kor mykje av driftsinntektene som kan nyttast til investeringar og fondsavsetjingar.

Kyrkjelege fellesråd hadde for 1999 eit netto driftsresultat på 65 millionar kroner. Dette er ein auke frå rekneskapsåret 1998 då same resultat synte eit positivt utfall på 36 millionar kroner. Det var likevel svakare enn i 1997 då netto driftsresultat var 72 millionar kroner.

Endring i netto driftsresultat frå 1998 til 1999 kjem av ein sterkare auke i driftsinntektene enn i driftsutgiftene. Som nemnt innleiingsvis var auken i driftsutgifter på 4 prosent i høve til rekneskapen for 1998, medan driftsinntektene hadde ein auke på 6 prosent. Det er generell auke i artane på både inntekts- og utgiftssida.

Balansen

Balansen syner ein forvaltningskapital på 3,7 milliardar kroner. Det er ein auke på om lag 10 prosent frå 1998.

Anleggsmiddel aukar med nærare 9 prosent frå 1998, eller 246 millionar kroner. I hovudsak omfattar dette maskiner, utstyr og eigedomar. Sum gjeld auka med nærare 20 prosent. Av dette auka langsiktig gjeld med 60 prosent, eller 44 millionar kroner og kortsiktig gjeld auka med 15 millionar kroner, eller 6 prosent.

Bokført eigenkapital for 1999 var på 3,3 millionar kroner, noko som tilsvara ein auke på 9 prosent frå året før.

Arbeidskapitalen har også blitt betra. Medan den for 1998 var på 240 millionar var den på 324 millionar kroner for 1999. Dette er ein auke på 84 millionar kroner, noko som er ei endring frå 1998 på 35 prosent.

Endring i arbeidskapitalen er den faktoren som i størst grad påverkar likviditetsutviklinga.

Om talgrunnlaget

For rekneskapsåret 1999 var det 14 fellesråd som ikkje har levert rekneskap og 15 fellesråd som ikkje har levert balanserekneskap.

Etter gravferdslova § 23 kan kommunar søkje departementet om å få overta drifta av kyrkjegardane. Per oktober 2000 er det fire kommunar som har søkt om dette. Rekneskapstal syner at det er ni fellesråd som ikkje har levert tal på formål 3, Kyrkjegardar.

Netto driftsresultat omfattar berre beløp i driftsrekneskapen. Rekneskap frå kyrkjelege fellesråd blir berre samla inn på artsnivå, der artane 10-19 kan vere både drifts- og investeringsartar. Det kan såleis liggje beløp knytt til investering i det som no er presentert som eit netto driftsresultat.

Tabeller: