10809_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/avlut/arkiv
10809
Lågast utslepp på Sør- og Austlandet
statistikk
2000-10-03T10:00:00.000Z
Natur og miljø;Natur og miljø
no
avlut, Kommunalt avløp, avløpsanlegg, renseanlegg, slam, gråvann, svartvann, kloakk, utslipp til vann, nitrogenutslipp, fosforutslipp, tungmetaller, organiske miljøgifter, organisk materiale (KOF og BOF5), avløpsgebyrerForurensning og klima, Vann og avløp, Natur og miljø
false

Kommunalt avløp1999

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Lågast utslepp på Sør- og Austlandet

Den gjennomsnittlege reinseeffekten for fosfor i kommunale avløpsanlegg er høgast frå Østfold til og med Vest-Agder (nordsjøfylka), med 92,9 prosent. Avløpsanlegga frå Rogaland og nordover har ein gjennomsnittleg reinseeffekt på berre 28,1 prosent, noko som kjem av at behovet for reinsing er mindre i dette området og at forureiningsmyndigheitene dermed stiller lågare krav.

Ved berekning av forureiningsmengder frå kommunale og separate avløpsanlegg fokuserer ein ofte på fosfor. Dette er fordi fosfor spelar ei viktig rolle når det gjeld overgjødsling (eutrofiering) av elvar, innsjøar og kystområde. I tillegg slepp reinseanlegga i varierande grad ut blant anna nitrogen, organisk stoff og ulike tungmetall.

 Utviklinga i samla reinseeffekt for fosfor og nitrogen ved kommunale avløpsanlegg i nordsjøfylka. 1993-1999

836 tonn fosfor frå kommunale avløpsanlegg

80 prosent av innbyggjarane i Noreg er tilkopla kommunale avløpsanlegg. Flesteparten av desse (om lag 91 prosent) er tilkopla reinseanlegg, medan resten (9 prosent) er tilkopla leidningsnett med utslepp av ureinsa kloakk. I kommunane rundt Indre Oslofjord er tilknytingsgraden på heile 98 prosent, berre 2 prosent av innbyggjarane her er tilkopla eigne private avløpsanlegg.

For 1999 er utsleppa av fosfor frå kommunale reinseanlegg berekna til i underkant av 640 tonn. I tillegg kjem utslepp av fosfor frå kommunalt leidningsnett med ureinsa utslepp som er berekna til i underkant av 197 tonn. Totale utslepp frå kommunale avløpsanlegg blir då i overkant av 836 tonn fosfor. På landsbasis var den gjennomsnittlege reinseeffekten for dei kommunale avløpsanlegga i 1999 på nærare 69 prosent, mot 66 prosent i 1998. Det vart med andre ord fjerna om lag 1 850 tonn fosfor frå avløpsvatnet i 1999.

Best nitrogenreinsing rundt Indre Oslofjord

For nitrogen var reinseeffekten på landsbasis berre i overkant av 24 prosent, men enkelte fylke utmerkjer seg i positiv retning, blant anna Oslo og Akershus med 44 prosent, Oppland med 29 prosent og Aust-Agder med 26 prosent. Grunnen til dette er at myndigheitene dei siste åra har satsa på utbygging av nitrogenreinsetrin ved enkelte store anlegg i desse fylka. For dei resterande 15 fylka var gjennomsnittet på 15 prosent.

Dei neste åra vil to nye anlegg i Akershus og Oslo få ferdigstilt nitrogenreinsetrin, noko som vil bidra til ytterlegare reduksjonar i utslepp av nitrogen til Oslofjorden. Lågast reinseeffekt for nitrogen finn ein i Finnmark (6 prosent) og Møre og Romsdal (9 prosent). Dette kan forklarast utifrå det faktum at myndigheitene ikkje stiller same krav til reinsing i desse områda, noko som kjem av gode resipientforhold. Utsleppa av nitrogen frå avløpsanlegg er berekna til om lag 13 500 tonn, noko som inneber at 4 300 tonn vart fjerna frå avløpsvatnet.

Frå 1993 og utover har det vore ein jamn auke i reinseeffekten for fosfor og nitrogen ved avløpsanlegg i nordsjøfylka, noko som inneber at stadig større mengder av desse næringsstoffa blir fjerna frå avløpsvatnet. For 1999 er reinseffekten for fosfor og nitrogen estimert til høvesvis 92,9 og 32,0 prosent.

Størst fosforutslepp frå mekaniske anlegg

 Utslepp av fosfor i forhold til hydraulisk belastning, fordelt på anleggstype. 1999

Ureinsa utslepp og mekaniske anlegg står for ein stor del av utsleppa av fosfor, høvesvis 23,5 og 60,8 prosent, til tross for at dei behandlar ein forholdsvis liten del av den totale mengda avløpsvatn. For kjemisk/biologiske anlegg er forholdet det motsette, utsleppa er små (3,9 prosent av totale utslepp) sjølv om behandla avløpsmengd er stor (25,4 prosent av total avløpsmengd). Ureinsa utslepp og mekaniske anlegg finn ein stort sett langs kysten frå Rogaland og nordover, medan avanserte kjemiske og kjemisk/biologiske anlegg er mest vanleg på Sør- og Austlandet.

Investeringane gjev miljøeffekt

Dei siste 20 åra har store summar blitt investert i avløpsreinsing ute i kommunane, og desse investeringane har ført til redusert forureiningsbelastning i vassdrag og fjordar. Innrapporterte data viser at det på fylkesnivå er ein god samanheng mellom årsgebyr per abonnent, som gjenspeglar investeringar i kommunane dei siste 20 åra, og reinseeffekt for fosfor.

 Samanhengen mellom årsgebyr per abonnent og reinseeffekt for fosfor, etter fylke. 1999

Nordsjøfylka har i lang tid blitt pålagde strenge reinsekrav, noko som har ført til store investeringar og høg reinseeffekt for fosfor. Tilsvarande har dei andre fylka betre resipientforhold, reinsekrava har då blitt mindre strenge, investeringane lågare og reinseeffekten for fosfor i desse fylka ligg godt under tilsvarande tal for nordsjøfylka.

Det må i denne samanhengen leggjast til at ikkje alle investeringar i avløpssektoren nødvendigvis fører til auka reinseeffekt for fosfor. Eksempel på dette er investeringar i leidningsnett og slambehandling. I tillegg er det ikkje alle kommunar som legg opp til full kostnadsdekning på avløpssektoren. Dette er faktorar som vil føre til at det ikkje alltid er ein eintydig samanheng mellom økonomisk innsats og fosforreinsing.

Separate (private) avløpsreinseanlegg fjernar 34 prosent av fosforet

Om lag 20 prosent av innbyggjarane i Noreg er tilkopla eigne separate (private) avløpsreinseanlegg. For 1999 er det berekna utslepp av til saman 342 tonn fosfor frå desse anlegga. I snitt fjerna slike separate anlegg om lag 34 prosent av tilført fosformengde, noko som inneber at det vart fjerna i underkant av 180 tonn fosfor totalt. Den gjennomsnittlege reinseeffekten for separate avløpsanlegg er med andre ord om lag halvparten av det den er for kommunale anlegg, noko som inneber at sjølv om berre 20 prosent av innbyggjarane i Noreg er tilkopla slike anlegg, så utgjer utsleppa frå desse anlegga 29 prosent av dei totale utsleppa av fosfor på landsbasis. For nitrogen er gjennomsnittleg reinseeffekt for denne typen anlegg på berre 16 prosent. I overkant av 620 tonn nitrogen vart fjerna frå avløpsvatnet.

69 prosent av avløpsslammet brukt som gjødsel

Slam frå reinseanlegga inneheld både organisk materiale og plantenæringsstoff. Slammet utgjer med andre ord ein verdifull ressurs som gjødsel og jordforbetringsmiddel. I 1999 har kommunane rapportert at til saman 103 898 tonn slamtørrstoff vart disponert til ulike føremål, ein auke på 12 prosent frå 1998. Av dette vart 69 prosent brukt som jordforbetringsmiddel på jordbruks- og grøntareal, ein auke på 1 prosent frå 1998.

 Mengd avløpsslam disponert til ulike føremål. 1993-1999

 Innhald av tungmetall i avløpsslam, 1993-1999. Indeks: medianverdi 1993 = 100 prosent.

Tungmetallinnhald i slam

Ei av ulempene ved slam er at det i varierande grad inneheld ulike tungmetall. Dersom innhaldet av tungmetall er høgare enn fastsette grenseverdiar kan ikkje slammet disponerast på jordbruks- eller grøntareal. Ut frå opplysningar om innhald av tungmetall og disponerte slammengder, er total mengd tungmetall i disponert avløpsslam berekna. Resultata viser at avløpsslammet som vart disponert til ulike føremål i 1998 inneheldt mellom anna 110 kg kadmium og 95 kg kvikksølv.

Sjølv om gjennomsnittsverdiane er forholdsvis låge, vil mange anlegg oppleve at innhaldet av enkelte tungmetall i periodar vil overstige grenseverdiane, og at slammet difor ikkje kan disponerast på jordbruks- eller grøntareal.

Når det gjeld utvikling over tid for innhaldet av tungmetall i slam, så kan det sjå ut som om innhaldet av kvikksølv, kopar, bly og kadmium har gått ned på 1990-talet, medan innhaldet av nikkel har auka. Variasjonane er imidlertid store frå år til år, og det trengst meir informasjon for å kunne seie noko sikkert om utviklinga.

Innhald av tungmetall og næringsstoff i slam. 1999
  Gjennomsnitt alle anlegg (mg per kg TS) Høgaste registrerte verdi (mg per kg TS) Grenseverdi for bruk på jordbruksareal (mg per kg TS) Grenseverdi for bruk på grøntareal (mg per kg TS) Total mengd i disponert avløpsslam (tonn)
Tungmetall          
Kadmium (Cd) 0,96 12,70 2 5 0,11
Crom (Cr) 29,79 436,00 100 150 3,05
Kobber (Cu) 248,22 1 497,00 650 1 000 24,76
Kvikksølv (Hg) 0,95 24,00 3 5 0,09
Nikkel (Ni) 13,76 407,00 50 80 1,56
Bly (Pb) 24,18 150,00 80 200 2,94
Sink (Zn) 361,29 2 907,00 800 1 500 35,07
           
Andre stoff          
Organisk materiale 62,53 prosent av TS     64 967
Kjeldahl-N 2,82 prosent av TS     2 930
Ammonium-N 0,31 prosent av TS     322
Totalt fosfor (P) 1,62 prosent av TS     1 683
Kalium (K) 0,17 prosent av TS     177
Kalsium (Ca) 3,30 prosent av TS     3 429