10811_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/avlut/arkiv
10811
Lågast utslepp på Sør- og Austlandet
statistikk
1999-10-06T10:00:00.000Z
Natur og miljø;Natur og miljø
no
avlut, Kommunalt avløp, avløpsanlegg, renseanlegg, slam, gråvann, svartvann, kloakk, utslipp til vann, nitrogenutslipp, fosforutslipp, tungmetaller, organiske miljøgifter, organisk materiale (KOF og BOF5), avløpsgebyrerForurensning og klima, Vann og avløp, Natur og miljø
false

Kommunalt avløp1998

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Lågast utslepp på Sør- og Austlandet

Den gjennomsnittlege reinseeffekten for fosfor i kommunale avløpsanlegg er høgast i fylka frå Østfold til og med Vest-Agder (Nordsjøfylka), med 91 prosent. Avløpsanlegga i fylka frå og med Rogaland og nordover har ein gjennomsnittleg reinseeffekt på berre 29 prosent.

Ved berekning av forureiningsmengder frå kommunale og separate avløpsanlegg fokuserer ein ofte på fosfor. Dette fordi fosfor spelar ei viktig rolle når det gjeld overgjødsling (eutrofiering) av elvar, innsjøar og kystområde. I tillegg slepp reinseanlegga i varierande grad ut blant anna nitrogen, organisk stoff og ulike tungmetall.

Utslepp frå kommunale avløpsanlegg

I underkant av 80 prosent av innbyggjarane i Noreg er tilkopla kommunale avløpsanlegg. Flesteparten av desse (om lag 90 prosent) er tilkopla reinseanlegg, medan resten (10 prosent) er tilkopla leidningsnett med utslepp av ureinsa kloakk. I kommunane rundt Indre Oslofjord er tilknytingsgraden på heile 97 prosent, berre 3 prosent av innbyggjarane her er tilkopla eigne separate anlegg.

For 1998 er utsleppa av fosfor frå kommunale reinseanlegg berekna til i underkant av 609 tonn. I tillegg kjem utslepp av fosfor frå ureinsa utslepp som er berekna til i underkant av 208 tonn. Totale utslepp frå kommunale avløpsanlegg blir då i overkant av 816 tonn fosfor. På landsbasis var den gjennomsnittlege reinseeffekten for dei kommunale avløpsanlegga på 66 prosent. Det vart med andre ord fjerna nærare 1 600 tonn fosfor frå avløpsvatnet.

For nitrogen var reinseeffekten på landsbasis berre 23 prosent, men enkelte fylke utmerkjer seg i positiv retning, blant anna Oslo og Akershus med 44 prosent og Oppland med 33 prosent. Grunnen til dette er at myndigheitene dei siste åra har satsa på utbyggjing av nitrogenreinsetrin ved enkelte store anlegg i desse fylka. Dei neste åra vil to nye anlegg i Akershus få ferdigstilt nitrogenrensetrin, noko som vil bidra ytterlegare til reduksjonar i utsleppa av nitrogen til indre delar av Oslofjorden. Lågast reinseeffekt for nitrogen finn ein i Finnmark (6 prosent) og Møre og Romsdal (7 prosent), noko som kan forklarast ut frå det faktum at myndigheitene ikkje stiller same krav til reinsing i desse områda. Utsleppa av nitrogen frå reinseanlegg er berekna til 13 550 tonn.

 Utslepp av fosfor i forhold til hydraulisk belastning, fordelt på anleggstype. 1998*

Ureinsa utslepp og mekaniske anlegg står for ein stor del av fosforutsleppa, henhaldsvis 25 prosent og 59 prosent av dei totale utsleppa frå reinseanlegg, til tross for at dei behandlar ein forholdsvis liten del av den totale mengda avløpsvatn. For kjemisk/biologiske anlegg er forholdet det motsette, utsleppa er små (3 prosent) sjølv om behandla avløpsmengd er stor (34 prosent). Ureinsa utslepp og mekaniske anlegg finn ein stort sett langs kysten frå Rogaland og nordover, medan avanserte kjemiske og kjemisk/biologiske anlegg er mest vanleg på Sør- og Austlandet.

Utslepp frå separate avløpsreinseanlegg

I overkant av 20 prosent av innbyggjarane i Noreg er tilkopla eigne separate avløpsreinseanlegg. For 1998 er det berekna utslepp av til saman 355 tonn fosfor frå desse anlegga. I snitt fjerna slike separate anlegg om lag 34 prosent av tilført fosformengd, noko som inneber at det vart fjerna i underkant av 180 tonn fosfor. Den gjennomsnittlege reinseeffekten for separate avløpsanlegg er med andre ord om lag halvparten av det den er for kommunale anlegg. For nitrogen er gjennomsnittleg reinseeffekt for denne typen anlegg på berre 16 prosent.

Slamdisponering

Slam frå reinseanlegga inneheld både organisk materiale og plantenæringsstoff. Slammet utgjer med andre ord ein verdifull ressurs som gjødsel og jordforbetringsmiddel. I 1998 er til saman 92 300 tonn slamtørrstoff disponerte til ulike føremål. Av dette vart 68 prosent brukt som jordforbetringsmiddel på jordbruks- og grøntareal, ein auke på 3 prosent frå 1997.

 Andel slam disponert til ulike formål. 1998*

Tungmetallinnhald i slam

Ei av ulempene ved slam er at det i varierande grad inneheld ulike tungmetall. Dersom innhaldet av tungmetall er høgare enn fastsette grenseverdiar, kan slammet ikkje disponerast på jordbruks- eller grøntareal. Ut frå opplysningar om innhald av tungmetall og disponerte slammengder er total mengd tungmetall i avløpsslam berekna. Resultata viser at avløpsslammet som vart disponert til ulike føremål i 1998, inneheldt om lag 100 kilo av kvar av tungmetalla kadmium og kvikksølv. Sjølv om gjennomsnittsverdiane er forholdsvis låge, vil mange anlegg oppleve at innhaldet av enkelte tungmetall i periodar vil overstige grenseverdiane, og at slammet difor ikkje kan disponerast på jordbruks- eller grøntareal.

Innhald av tungmetall (1998) og næringsstoff (1996) i slam
  Gjennomsnitt
alle anlegg
Høgaste
registrerte
verdi
Grenseverdi for
bruk på
jordbruksareal
Grenseverdi for
bruk på
grøntareal
Total mengd i
disponert
avløpsslam (Tonn)
Tungmetall: (mg pr. kg TS)          
Kadmium (Cd) 0,97 10 2 5 0,10
Krom (Cr) 28,51 644 100 150 1,85
Kopar (Cu) 287,07 3 490 650 1 000 24,26
Kvikksølv (Hg) 1,34 27 3 5 0,10
Nikkel (Ni) 15,40 263 50 80 1,53
Bly (Pb) 21,70 266 80 200 2,70
Sink (Zn) 340,06 1 841 800 1 500 31,85
           
Andre stoff: (% av TS)          
Organisk materiale 62,53       57 720
Kjeldahl-N 2,82       2 600
Ammonium-N 0,31       290
Totalt fosfor (P) 1,62       1 500
Kalium (K) 0,17       160
Kalsium (Ca) 3,30       3 050
Frigitt 6. oktober 1999 (C) Statistisk sentralbyrå

Tabeller: