411 kilo avfall per innbyggjar

Publisert:

I 2018 kasta norske husholdningar i gjennomsnitt 411 kilo avfall per innbyggjar. Det utgjer ein nedgang på 3,5 prosent samanlikna med året før.

Kvar og ein av oss kastar difor mindre avfall enn tidlegare, ifølgje statistikken Avfall frå hushalda. Toppnivået vart registrera i 2014 med 441 kilo per innbyggjar, men etter den tid har trenden i mengda vore meir eller mindre sakte nedgåande

Dei totale mengdene hushaldsavfall låg samstundes på om lag 2 190 000 tonn i 2018. Dette er ein nedgang på 3 prosent samanlikna med 2017. 

Nasjonalt mål nådd

Medan veksten i avfallsmengda i hushalda har stoppa opp, dels gått noko ned dei siste åra, har auken i konsumet halde fram. Dei to størrelsane kryssa kvarandre i 2017, og i 2018 vart det tydeleg av hushaldsavfallet tek ein meir nedgåande utvikling samanlikna med konsumet ute i hushalda som berre veks upåverka vidare. For hushalda sin del er dermed det nasjonale målet, at avfallsmengda skal vekse mindre enn forbruket, nådd. 

Figur 1. Konsum og mengde avfall i hushalda. 1996-2018. Indeks 1996=1

Konsum i hushalda Hushaldsavfall
1996 1.00 1.00
1997 1.03 1.05
1998 1.06 1.14
1999 1.10 1.17
2000 1.15 1.21
2001 1.18 1.26
2002 1.21 1.35
2003 1.25 1.40
2004 1.32 1.46
2005 1.38 1.54
2006 1.45 1.62
2007 1.53 1.70
2008 1.55 1.74
2009 1.55 1.71
2010 1.61 1.75
2011 1.65 1.83
2012 1.71 1.82
2013 1.75 1.89
2014 1.79 1.89
2015 1.83 1.91
2016 1.85 1.90
2017 1.89 1.89
2018 1.93 1.83

Auke i materialattvinninga

Statistikken visa også at avfall frå hushalda som blei levert til materialattvinning i fjor, har auka samanlikna med året før – både i prosentvise og absolutte tal. Totalt blei det levert 890 000 tonn avfall til materialattvinning i 2018 og 880 000 tonn i 2017, noko som utgjer høvesvis 41 prosent og 39 av totalt hushaldsavfall dei respektive åra.

Dette er ei positiv utvikling i forhold til EU-kravet om 50 prosent materialgjenvinning av hushaldsavfall og hushaldsliknande avfall innan 2020, sjølv om vegen fram til 50 prosent framleis verkar lang. 

Figur 2

Figur 2. Handtering av hushaldsavfall¹ og hushaldsavfall per innbyggjar

Denne mengda levert til materialattvinning reknar med avfallet levert til kompostering og biogass. SSB har berre tal på mengda avfall kommunane leverer til materialattvinning, og ikkje det som faktisk vert materialattvunne (avvik mellom sendt til og reelt materialattvunne kan førekomme).

42 prosent restavfall

Blanda restavfall utgjer 42 prosent av den totale mengda hushaldsavfall i 2018, og utgjer den klart største avfallsfraksjonen. Andre store mengder finn ein i form av utsortera treavfall (13 prosent), papp (11 prosent), matavfall (9 prosent) og hageavfall (7 prosent). Dei utsortera mengdene nyttas i hovudsak til materialattvinning, men også noko blir forbrent, spesielt treavfall. 

Figur 3. Hushaldsavfall fordelt på materialtype. 2018

Prosent
Tekstiler 0.0
Bygg 0.2
Plast 2.1
EE 2.3
Annet 2.8
Glass 3.2
Farlig avfall 3.3
Metaller 4.4
Hageavfall 6.7
Matavfall 9.2
Papp 10.9
Tre 12.6
Restavfall 42.3

Kontakt