9875_not-searchable
/kultur-og-fritid/statistikker/trosamf/arkiv
9875
Fleire i kristne trussamfunn
statistikk
2010-12-13T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Innvandring og innvandrere
no
trosamf, Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, medlemmer, religionar (for eksempel kristendom, islam, buddisme), kyrkjesamfunn, Human-etisk forbundKultur og fritid, Religion og livssyn, Innvandring og innvandrere, Kultur og fritid
false

Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja1. januar 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire i kristne trussamfunn

Trus- og livssynssamfunn som får statstilskot, og som er utanfor Den norske kyrkja, hadde 449 900 medlemmer per 1. januar 2010. Det er ein auke på 4 prosent frå året før, eller 18 600 medlemmer. Det har vore størst vekst blant dei kristne trussamfunna.

Av dei 4 858 200 personane som var busette i Noreg 1. januar 2010, var 449 900, eller 9,3 prosent, medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja. Veksten i medlemmer med statstilskot er litt lågare enn førre året. Nokre nye samfunn har kome til i statistikken for 2010, medan andre samfunn som har vore med tidlegare, ikkje er representerte i år.

Medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, etter religion/livssyn. 1. januar 2010. Prosent

Over halvparten er medlemmer i kristne trussamfunn

Dei kristne trussamfunna utanfor Den norske kyrkja har 246 000 medlemmer, eller 55 prosent, av alle medlemmene i trus- og livssynssamfunn som får statstilskot. Dei kristne trussamfunna har hatt størst vekst i talet på medlemmer, ein vekst på 11 000, eller om lag 5 prosent. Dei største kristne trussamfunna eller trusretningane er Den romersk-katolske kyrkja, med nær 67 000 medlemmer, og menigheiter innanfor pinserørsla, med om lag 40 000 medlemmer. Talet på medlemmer i Den romersk-katolske kyrkja har auka med 9 600, eller 17 prosent. Pinserørsla har òg hatt ein svak auke i talet på medlemmer siste året.

Medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, etter religion/livssyn. 1. januar 2005-2010

Ein av fem i livssynssamfunn

Livssynssamfunna utgjer 18 prosent av medlemmene i trus- og livssynssamfunna. Human-Etisk Forbund har 99 prosent av alle medlemmene i livssynssamfunna, med sine 81 800 medlemmer. Livssynssamfunna har hatt ein auke i talet på medlemmer, med 2,2 prosent, eller 1 770 medlemmer.

22 prosent, eller 90 000, av medlemmene i trus- og livssynssamfunn er medlemmer i islamske trussamfunn. Buddhisme, hinduisme og sikhisme utgjer høvesvis 3, 1,2 og 0,2 prosent per 1. januar 2010. Buddhistiske trussamfunn har hatt størst prosentvis auke, om lag 9 prosent.

Flest nye medlemmer i Oslo

Det har vore ein vekst i talet på medlemmer i alle delar av landet. Oslo er fylket der flest står utanfor Den norske kyrkja. I hovudstaden er 108 700, eller 19 prosent, av folkemengda medlemmer i eit trus- eller livssynssamfunn, og om lag ein fjerdedel av alle medlemmene i trus- og livssynssamfunn er busette her. Blant dei som er busette i Oslo, har dei islamske samfunna nærare 44 600 medlemmer, og kristne trussamfunn om lag 40 200 medlemmer. Oslo hadde òg den største auken i talet på medlemmer frå 1. januar 2009, med 3 400, eller 3,2 prosent. Dei islamske samfunna hadde største auken med om lag 2 000 medlemmer. 36 prosent av alle medlemmene i trus- og livssynssamfunn bur i Oslo og Akershus.

Statistikken baserer seg på søknader til fylkesmennene frå trus- og livssynssamfunna som søkjer om statstilskot det enkelte år. Medlemslistene til trus- og livssynssamfunna blir vidaresende til Brønnøysundregistra via fylkesmennene for ulike kontrollar og fjerning av dublettar. Statistisk sentralbyrå mottek ei aggregert datafil frå Brønnøysundregistra. Statistikkane frå og med 2005 kan ikkje samanliknast direkte med tidlegare år, av di datagrunnlaget er endra (sjå Om statistikken ).

For informasjon om tal frå Den norske kyrkja, sjå http://www.ssb.no/emner/07/02/10/kirke_kostra/ .

Tabeller: