9855_not-searchable
/kultur-og-fritid/statistikker/trosamf/arkiv
9855
Fleire medlemmer i trus- og livssynssamfunn
statistikk
2009-12-09T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Innvandring og innvandrere
no
trosamf, Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, medlemmer, religionar (for eksempel kristendom, islam, buddisme), kyrkjesamfunn, Human-etisk forbundKultur og fritid, Religion og livssyn, Innvandring og innvandrere, Kultur og fritid
false

Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja1. januar 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire medlemmer i trus- og livssynssamfunn

Trus- og livssynssamfunn som får statstilskot, og som er utanfor Den norske kyrkja, hadde 431 000 medlemmer per 1. januar 2009. Det er ein auke på nesten 5 prosent frå året før. Om lag ein fjerdedel av alle medlemmene i er busette i Oslo.

Medlemmer i trus- og livssynssamfunn per 1. januar 2009. Prosent

Av dei 4 799 300 personane som var busette i Noreg 1. januar 2009, var 431 000, eller 9 prosent, medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja. Auken i talet på medlemmer har vore om lag 19 500, eller nesten 5 prosent, frå året før. Veksten er høgare enn førre året, og ligg høgare enn veksten i folkemengda, som var på 1,3 prosent i 2008. Nokre nye samfunn har kome til i statistikken for 2009, medan andre samfunn som har vore med i statistikken tidlegare, ikkje er representerte i år. Dersom ein ser bort frå desse samfunna, har veksten vore om lag 13 000 medlemmer.

Over halvparten er medlemmer i kristne trussamfunn

Dei kristne trussamfunna utanfor Den norske kyrkja har 235 000 medlemmer, eller 54 prosent, av alle medlemmene i trus- og livssynssamfunn som får statstilskot. Dei største kristne trussamfunna eller trusretningane er Den romersk-katolske kyrkja med 57 400 medlemmer og menigheiter innanfor pinserørsla med i alt 39 600 medlemmer. Talet på medlemmer i Den romersk-katolske kyrkja har auka med 3 350, eller 6 prosent, mens pinserørsla har hatt ein svak reduksjon på litt under 1 prosent frå året før.

Andre religionar og livssyn

22 prosent av medlemmene i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja er medlemmer i islamske trussamfunn. Buddhisme, hinduisme og sikhisme utgjer høvesvis nærare 3 prosent, 1 prosent og 0,6 prosent. Så og seie alle religionane og livssynssamfunna har teke del i auken i medlemstala. Det har òg vore ein vekst i talet på medlemmer i alle delar av landet. Dei islamske trussamfunna har hatt størst vekst i talet på medlemmer, ein vekst på 9 000, eller nær 11 prosent. Dei hinduistiske samfunna har hatt størst prosentvis auke, på om lag 15 prosent.

Medlemmer i trus- og livssynssamfunn per 1. januar 2005-2009

Nesten 19 prosent er medlemmer i livssynssamfunn. Human-Etisk Forbund har 99 prosent av alle medlemmene i livssynssamfunna med sine 80 300 medlemmer. Livssynssamfunna har hatt ein auke i talet på medlemmer, med 0,6 prosent, eller 470 medlemmer.

Flest nye medlemmer

Oslo er fylket der flest står utanfor Den norske kyrkja. I hovudstaden er 105 300, eller over 18 prosent av folkemengda, medlemmer i eit trus- eller livssynssamfunn. Oslo hadde òg ein solid auke i medlemstalet frå 1. januar 2008, med 6 300, eller 6,4 prosent. Blant dei som er busette i Oslo, har dei islamske samfunna nærare 42 000 medlemmer, og kristne trussamfunn nærare 38 200 medlemmer.

Størst prosentvis vekst i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane hadde den største prosentvise veksten i talet på medlemmer i trus- eller livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja med ein auke på nær 7 prosent. Sogn og Fjordane er likevel framleis det fylket der færrast er medlemmer.

Statistikken baserer seg på søknader til fylkesmennene frå trus- og livssynssamfunna som søkjer om statstilskot det enkelte år. Medlemslistene til trus- og livssynssamfunna blir leverte elektronisk og sende til Brønnøysundregistra via fylkesmennene for ulike kontrollar og vasking av dublettar. Statistikkane frå og med 2005 kan ikkje samanliknast direkte med tidlegare år, av di datagrunnlaget er endra (sjå Om statistikken ).

Informasjon om tal frå Den norske kyrkja, sjå http://www.ssb.no/emner/07/02/10/kirke_kostra/

Tabeller: