9857
/kultur-og-fritid/statistikker/trosamf/arkiv
9857
9 prosent er medlem i trus- og livssynssamfunn
statistikk
2008-12-19T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Innvandring og innvandrere
no
trosamf, Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, medlemmer, religionar (for eksempel kristendom, islam, buddisme), kyrkjesamfunn, Human-etisk forbundKultur og fritid, Religion og livssyn, Innvandring og innvandrere, Kultur og fritid
false

Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

9 prosent er medlem i trus- og livssynssamfunn

Nær 9 prosent av folkemengda i Noreg er medlem i trus- og livssynssamfunn som får statstilskot og som er utanfor Den norske kyrkja. Siste året har talet på medlemmer stige med om lag 8 000. Nesten halvparten av dei nye medlemmene er busette i Oslo.

Per 1. januar 2008 var det om lag 412 000 medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja. Auken i talet på medlemmer har vore om lag 8 000, eller 2 prosent frå året før. Veksten er lågare enn førre året, men ligg litt høgare enn veksten i folkemengda som var på 1,2 prosent i 2007. Nokre nye samfunn har kome til i statistikken for 2008, samstundes som fleire samfunn som har vore med i statistikken tidlegare år, ikkje er representerte i år.

Medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, etter religion/livssyn. 1. januar 2008. Prosent

Over halvparten er medlemmer i kristne trussamfunn

Dei kristne trussamfunna utanfor Den norske kyrkja har 227 000 medlemmer, eller 55 prosent av alle medlemmene i trus- og livssynssamfunn som får statstilskot. Dei største kristne trussamfunna eller trusretningane er Den romersk-katolske kyrkja med 54 000 medlemmer og menigheiter innanfor pinserørsla med i alt 40 000 medlemmer.

Andre religionar og livssyn

Over 20 prosent av medlemmene i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja er medlemmer i islamske trussamfunn, og nesten 20 prosent er medlemmer i livssynssamfunn. Buddhisme, hinduisme og sikhisme utgjer høvesvis nærare 3 prosent, 1 prosent og 0,6 prosent av medlemmene.

Så og seie alle religionane og livssynssamfunna har teke del i auken i medlemstala. Det har òg vore ein vekst i talet på medlemmer i alle delar av landet, så nær som tre fylke. Dei islamske trussamfunna har hatt størst vekst i talet på medlemmer, ein vekst på 4 600, medan dei hinduistiske samfunna har hatt størst prosentvis auke på litt over 11 prosent.

Human-Etisk Forbund er det største livssynssamfunnet i Noreg med 79 870 medlemmer. Det utgjer 99 prosent av alle medlemmene i livssynssamfunna.

18 prosent i Oslo

Veksten for medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja har nok eit år vore størst for busette i Oslo, men ikkje så stor som førre året. Veksten er størst både i absolutte tal og prosent, høvesvis 3 400 medlemmer og 3,6 prosent. I Oslo er 99 000, eller bortimot 18 prosent av folkemengda, medlemmer i eit trus- eller livssynssamfunn. Blant dei som er busette i Oslo, har dei islamske samfunna nærare 40 000 medlemmer, og kristne trussamfunn nærare 36 000 medlemmer. Sogn og Fjordane er framleis det fylket der færrast er medlemmer i eit trus- eller livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja. Berre snaue 3 prosent i dette fylket er medlem i eit slikt samfunn.

Statistikken baserer seg på søknader til fylkesmennene frå trus- og livssynssamfunna som søkjer om statstilskot det enkelte år. Medlemslistene til trus- og livssynssamfunna blir leverte elektronisk og sende til Brønnøysundregistra via fylkesmennene for ulike kontrollar og vasking av dublettar. Statistikkane frå og med 2005 kan ikkje samanliknast direkte med tidlegare år, av di datagrunnlaget er endra (sjå Om statistikken).

Informasjon om tal frå Den norske kyrkja, sjå Kyrkje - KOSTRA: http://www.ssb.no/emner/07/02/10/kirke_kostra/

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB