9859
/kultur-og-fritid/statistikker/trosamf/arkiv
9859
Over 400 000 medlemmer i trus- og livssynssamfunn
statistikk
2008-01-07T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Innvandring og innvandrere
no
trosamf, Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, medlemmer, religionar (for eksempel kristendom, islam, buddisme), kyrkjesamfunn, Human-etisk forbundKultur og fritid, Religion og livssyn, Innvandring og innvandrere, Kultur og fritid
false

Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Over 400 000 medlemmer i trus- og livssynssamfunn

For første gong er det over 400 000 medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja. 8,6 prosent av befolkninga er dermed medlemmer i eit trus- eller livssynssamfunn som får statstilskot. Over 95 000 medlemmer er registrert busett i Oslo.

Medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, etter fylke. Per 1.1.2006 og 2007

Per 1. januar 2007 var det 404 000 medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja som fekk statstilskot, det vil seie 8,6 prosent av befolkninga. Det betyr at det er ein auke på over 20 000 medlemmer frå året før, eller 5 prosent. Noko av veksten kjem av at det er fleire samfunn med i statistikken som tidlegare ikkje har søkt om statstilskot. Litt under 56 prosent er medlemmer i kristne trussamfunn utanfor Den norske kyrkja. Nærare 20 prosent er medlemmer i livssynssamfunn og like mange er medlemmer i islamske trussamfunn. Buddhisme, hinduisme og sikhisme utgjer høvesvis nærare 3 prosent, 1 prosent og 0,6 prosent av medlemmene.

Alle religionane og livssynssamfunna har teke del i auken i medlemstala, og det har òg vore ein vekst i alle delar av landet. Dei kristne trussamfunna har hatt størst vekst i talet på medlemmer med over 9 000, mens dei hinduistiske samfunna har hatt størst prosentvis auke, med nærare 12 prosent.

Fleire i Oslo

Veksten har vore størst i Oslo, med over 6 000 fleire medlemmer registrerte i trus- og livssynsamfunn utanfor Den norske kyrkja. I Oslo er 95 600, eller over 17 prosent av befolkninga, medlemmer i eit trus- eller livssynssamfunn. Dei islamske samfunna har nærare 37 000 medlemmer, og kristne trussamfunn har over 35 000 medlemmer som er busette i Oslo. Sogn og Fjordane er framleis det fylket der færrast er medlemmer i eit trus- eller livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, med snautt 3 prosent.

225 500 medlemmer i kristne trussamfunn

Dei største kristne trussamfunna eller trusretningane er Den romersk-katolske kyrkja med 51 500 medlemmer og menigheiter innanfor pinserørsla med i alt 40 400 medlemmer. Gruppa andre kristne trussamfunn representerer forskjellige kristne trusretningar. Human-Etisk Forbund er det største livssynssamfunnet i Noreg med 78 900 medlemmer, eller 99 prosent av alle medlemmene i livssynssamfunna.

Statistikken baserer seg på søknad til fylkesmennene frå trus- og livssynssamfunn som søkjer om statstilskot. Medlemslistene til trus- og livssynssamfunna blir leverte elektronisk og sende til Brønnøysundregistra via fylkesmennene for ulike kontrollar og vasking av dublettar. Statistikkane frå og med 2005 kan ikkje samanliknast direkte med tidlegare år, da datagrunnlaget er endra (sjå Om statistikken).

Nærmare informasjon om tal frå Den norske kyrkja, sjå Kyrkje - KOSTRA: http://www.ssb.no/emner/07/02/10/kirke_kostra/

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB