9865
/kultur-og-fritid/statistikker/trosamf/arkiv
9865
Fleire står utanfor Den norske kyrkja
statistikk
2003-10-14T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Innvandring og innvandrere
no
trosamf, Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, medlemmer, religionar (for eksempel kristendom, islam, buddisme), kyrkjesamfunn, Human-etisk forbundKultur og fritid, Religion og livssyn, Innvandring og innvandrere, Kultur og fritid
false

Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja1. januar 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire står utanfor Den norske kyrkja

Nærare 86 prosent av befolkninga i Noreg er medlemmer av Den norske kyrkja. Om lag 8 prosent er medlemmer i trus- og livssynssamfunna utanfor Den norske kyrkja som tek imot statstilskott, og talet aukar.

Nærare 390 000 er medlemmer i dei trus- og livssynssamfunna utanfor Den norske kyrkja som tek imot statstilskott. Talet har auka med om lag 12 500 eller noko over 3 prosent det siste året. Medlemstalet i dei registrerte trussamfunna utanfor Den norske kyrkja var per 1. januar 2003 om lag 285 000 medlemmer, medan rundt 32 000 var medlemmer i uregistrerte trussamfunn. 69 700 var medlemmer i livssynssamfunnet Human-Etisk Forbund. Nærare 6 prosent av befolkninga er korkje medlemmer av Den norske kyrkja eller anna trussamfunn som tek imot statstilskott.

Medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja. 1990 og 2003

76 000 muslimar

I Noreg var det 89 muslimske menigheiter med til saman nærare 76 000 medlemmer per 1. januar 2003. Rundt 74 000 var medlemmer i registrerte trussamfunn, og om lag 2 000 medlemmer i uregistrerte samfunn. Alle islamske retningar er tekne med i dette talet. Frå 2000 har auken i talet på medlemmer i muslimske trussamfunn med offentleg stønad vore på om lag 34 prosent, medan auken det siste året har vore på om lag 7 prosent. 76 prosent av medlemmene i muslimske trussamfunn er medlemmer i menigheiter som høyrer heime i Oslo og Akershus. Andre ikkje-kristne samfunn har også hatt ein jamn auke dei siste åra, til dømes buddhistiske samfunn som no tek imot statstilskott for nærare 9 000 medlemmer og hinduistiske samfunn for om lag 3 100 medlemmer.

Kristne menigheiter aukar

Medlemstalet i pinsemenigheitene held også fram med å auke. Frå 1. januar 2002 til 1. januar i år har dei hatt ein auke på 2,5 prosent mot noko over 4 prosent førre året. Nærare 46 000 er medlemmer i registrerte samfunn, medan 1 300 var medlemmer i uregistrerte samfunn. Medlemmene er fordelte på 248 pinsemenigheiter.

Både Den romersk-katolske kyrkja og Den ortodokse kyrkja har hatt ein jamn auke dei siste åra. Den romersk-katolske kyrkja tek i 2003 imot statstilkott for godt over 44 000 medlemmer, medan Den ortodokse kyrkja har nærare 4 900 medlemmer som dei tek imot statstøtte for.

Livssynssamfunn

Human-Etisk Forbund har dei siste åra hatt ein svak nedgang og per 1. januar 2003 er det 69 700 medlemmer som har fått statstilskott. Human-Etisk Forbund hadde lokallag i alle fylka. Men det var flest medlemmer i Oslo og Akershus, om lag 25 400 medlemmer fordelt på 16 lokallag.

Geografiske skilnader

I Oslo og Akershus er noko over 16 prosent av befolkninga medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja. 42 prosent av alle medlemmene i trus- og livssynsamfunn er registrerte i Oslo og Akershus. I Hedmark og Oppland, samt alle fylka nord for Hordaland, er delen av befolkninga i trus- og livssynssamfunn med statstilskott litt under 5 prosent. Ei feilkjelde i fylkestala kan vere at nokre trussamfunn berre har registrert menigheiter i Oslo og Akershus, men har medlemmer busett i andre fylke.

Dåp og konfirmasjon

Tal for Den norske kyrkja synte at i 2002 vart over 44 000 døypte. Det utgjorde nesten 80 prosent av dei fødde i dette året. Ser ein på talet som vart døypte, er dette 4 prosent færre enn året før, men i forhold til talet på fødde er ikkje nedgangen så stor, 79,6 prosent mot 81,4 prosent i 2001. Medan talet på døypte gjekk ned, auka tale på konfirmerte til 38 250. Men sjølv om talet er høgare i 2002, er delen 14-åringar som konfirmerer seg lågare enn i fjoråret, 68,2 prosent mot 68,4 prosent.

Fleire kyrkjelege vigslar -

I 2001 blei det gjennomført 12 100 kyrkjelege vigslar. Dette er det lågaste vigselstalet på mange år. Men i 2002 var det over 600 fleire som vart vigde i kyrkja. Til dømes hadde Tunsberg bispedøme 1 391 kyrkjelege vigslar, ein auke på 14 prosent.

- og færre utmelde og innmelde

Dei siste åra har færre personar meldt seg ut av Den norske kyrkja samanlikna med utmeldingane i tidlegare år. I 2002 melde 3 759 seg ut, dette er 107 færre enn året før. Sidan 1995 har vel 37 000 meldt seg ut av Den norske kyrkja. Drygt 850 melde seg inn i 2002, mot 1 240 året før. Dei siste tala for Den norske kyrkja synte at det var drygt 3,9 millionar medlemmer per 1. januar 2003. Dette svarer til om lag 85,7 prosent av befolkninga.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB