9867
/kultur-og-fritid/statistikker/trosamf/arkiv
9867
8 prosent i trus- og livssynssamfunn
statistikk
2002-10-17T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Innvandring og innvandrere
no
trosamf, Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, medlemmer, religionar (for eksempel kristendom, islam, buddisme), kyrkjesamfunn, Human-etisk forbundKultur og fritid, Religion og livssyn, Innvandring og innvandrere, Kultur og fritid
false

Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja1. januar 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

8 prosent i trus- og livssynssamfunn

Også i 2001 har det vore ein liten auke i talet på medlemmer i dei trus- og livssynssamfunna utanfor Den norske kyrkja som mottek statstilskott. Talet har auka med om lag 11 800 medlemmer til litt over 374 200. Dette svarer til over 8 prosent av befolkninga i Noreg.

Medlemstalet i dei registrerte trussamfunna utanfor Den norske kyrkja var per 1. januar 2002 om lag 277 300, medan litt over 27 000 var medlemmer i uregistrerte trussamfunn. 69 800 var medlemmer i livssynssamfunnet Human-Etisk Forbund.

Medlemmer i trus- og livssynssamfunn som mottek statstilskott utanfor Den norske kyrkja. 1990 og 2002

Pinsemenigheitene aukar igjen

Medlemstalet i pinsemenigheitene har vore stabilt i mange år. Per 1. januar 2002 hadde dei nærare 46 000 medlemmer, ein auke på noko over 4 prosent frå i fjor. 44 400 er medlemmer i registrerte samfunn, medan 1 400 var medlemmer i uregistrerte samfunn. Medlemmene er fordelte på 243 pinsemenigheiter.

Den romersk-katolske kyrkja har òg hatt ein jamn auke, og sidan 1990 er det registrert nærare 17 000 nye medlemmer. Den romersk-katolske kyrkja mottek i 2002 statstilkott for om lag 43 200 medlemmer.

Per 1. januar 2002 var det i Noreg 109 muslimske menigheiter med til saman 70 000 medlemmer. Rundt 68 000 var medlemmer i registrerte trussamfunn, og om lag 2 300 var medlemmer i uregistrerte samfunn. Auken i talet på medlemmer i muslimske trussamfunn med offentleg stønad var på om lag 12 prosent frå januar 2001. 76 prosent av medlemmene i muslimske trussamfunn er medlemmer i menigheiter som høyrer heime i Oslo og Akershus.

Svak nedgang i Human-Etisk Forbund

I Human-Etisk Forbund er det 69 800 medlemmer som har fått statstilskott per 1. januar 2002. Dette er ein liten nedgang i medlemstalet på om lag 1 prosent frå året før. Human-Etisk Forbund hadde lokallag i alle fylka. Men det var flest medlemmer i Oslo og Akershus, nesten 26 000 medlemmer fordelte på 16 lokallag.

42 prosent høyrer til Oslo og Akershus

Framleis er om lag 42 prosent av medlemmene i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja registrerte i Oslo og Akershus. Dette talet svarer til om lag 158 medlemmer per 1 000 innbyggjarar i desse to fylka, men ser ein på heile landet, utgjer medlemmer i trus- og livssynssamfunn om lag 83 medlemmer per 1 000 innbyggjarar. Vest-Agder har 130 medlemmer per 1 000 innbyggjarar registrerte i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, medan det framleis er Sogn og Fjordane som har lågast del med berre 17 medlemmer per 1 000 innbyggjarar. Ei feilkjelde i fylkestala kan vere at nokre trussamfunn berre har registrert menigheiter i Oslo og Akershus, men har medlemmer busette i andre fylke.

Den norske kyrkja - svak auke i konfirmasjonar

Tal for Den norske kyrkja synte at i 2001 konfirmerte 37 400 seg i Den norske kyrkja. Det er ein auke på om lag 0,5 prosent frå siste år. Auken var størst i Oslo bispedøme med 5 prosent. Talet på kyrkjelege vigslar har gått ned over heile landet. Det vart i 2001 gjennomført 12 100 kyrkjelege vigslar mot 14 000 i 2000. I 2001 vart 46 100 døypte i Den norske kyrkja. Dersom ein ser bort frå Oslo, utgjer dette nesten 88 prosent av alle fødde på landsnivå.

Færre utmelde og fleire innmelde

Statistikken syner at i 2001 melde i alt 3 800 seg ut av Den norske kyrkja. Det er om lag 14 prosent færre utmelde enn i 2000. Drygt 1 200 melde seg inn i 2001, mot 840 året før. Dei siste tala for Den norske kyrkja synte at det var drygt 3,9 millionar medlemmer per 1. januar 2001. Dette svarer til om lag 86 prosent av befolkninga. I Oslo var om lag 72 prosent av befolkninga medlem av Den norske kyrkja og Sogn og Fjordane hadde høgast del med nærare 94 prosent.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB