9869
/kultur-og-fritid/statistikker/trosamf/arkiv
9869
Fleire medlemmer i trussamfunn
statistikk
2001-10-19T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Innvandring og innvandrere
no
trosamf, Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, medlemmer, religionar (for eksempel kristendom, islam, buddisme), kyrkjesamfunn, Human-etisk forbundKultur og fritid, Religion og livssyn, Innvandring og innvandrere, Kultur og fritid
false

Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja1. januar 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire medlemmer i trussamfunn

I løpet av det siste året har det vore ein liten auke i talet på medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja. Talet har auka med om lag 7 800 medlemmer til litt over 362 000. Den største veksten av dei registrerte samfunna hadde dei islamske trussamfunna, med ein vekst på 11 prosent i år 2000.

Medlemstalet i dei registrerte trus- og livssynssamfunna utanfor Den norske kyrkja aukar mest, medan det har vore ein nedgang i talet på medlemmer i dei uregistrerte samfunna. Alle tala gjeld samfunn som mottek statstilkott. Per 1. januar 2001 var det om lag 268 000 medlemmer i registrerte trussamfunn, ein auke på 5,2 prosent. Noko under 24 000 var medlemmer i uregistrerte trussamfunn og 70 300 var medlemmer i livssynssamfunnet Human-Etisk Forbund.

Dei kristne trussamfunna er størst

Dei kristne trussamfunna utgjer den største gruppa utanfor Den norske kyrkja med litt over 210 000 medlemmer som mottek offentleg tilskott. Pinsemenigheitene, med om lag 44 000, og Den romersk-katolske kyrkja, med 42 500 medlemmer, er dei største kristne trussamfunna, sjølv om begge hadde ein liten nedgang i talet på medlemmer det siste året, respektive 4 og 1 prosent. Den største veksten blant dei kristne registrerte trussamfunna har Den gresk-ortodokse kyrkja hatt med ein auke på om lag 40 prosent, eller nesten 3 300 medlemmer.

Dei islamske trussamfunna med statstilskott utgjer den nest største gruppa utanfor Den norske kyrkja med totalt om lag 62 700 medlemmer. Rundt 62 000 var medlemmer i registrerte trussamfunn, mens om lag 700 medlemmer i uregistrerte samfunn. Auken i talet på medlemmer i islamske trussamfunn var på om lag 11 prosent frå januar 2000. Det er dei registrerte samfunna som stod for auken.

Fleire registrerte i Human-Etisk Forbund

I Human-Etisk Forbund er det 70 300 medlemmer som hatt fått statstilskott per 1. januar 2001. Denne auken utgjer noko under 4 prosent frå året før. Human-Etisk Forbund hadde lokallag i alle fylka, men det var flest medlemmer i Oslo og Akershus, nesten 26 000 medlemmer fordelt på 16 lokallag. Denne auken speglar ikkje alltid den reelle auken i medlemstalet, men endringar i måten å registrere medlemmer på. Spesielt gjeld dette registreringane av born.

41 prosent hører til Oslo og Akershus

Om lag 41 prosent av medlemmene i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja er registrerte i Oslo og Akershus. Dette talet utgjer om lag 15 prosent av befolkninga i desse to fylka, mens på landsbasis utgjer medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja om lag 8 prosent. Framleis er det Sogn og Fjordane som har lågast tal på medlemmer i trus- og livssynssamfunn, med berre drygt 1 prosent. Ei feilkjelde i fylkestala kan vere at nokre trussamfunn berre har registrert menigheiter i Oslo og Akershus, men har medlemmer busett i andre fylke.

Den norske kyrkja - fleire vigslar

Tal for Den norske kyrkja synte at i 2000 vart det gjennomført 14 000 kyrkjelege vigslar. Det svarer til om lag same nivå som i 1997 og utgjer ein auke på drygt 10 prosent frå 1999. Hamar bispedøme hadde den største auken med 18 prosent fleire vigslar enn i 1999. I løpet av 2000 vart 48 000 døypte i Den norske kyrkja og 37 300 konfirmerte seg. Dette svarer til om lag same tal som i 1999. Statistikken syner at i 2000 melde i alt 4 500 seg ut av Den norske kyrkja, medan drygt 800 melde seg inn. Dei siste tala for Den norske kyrkja synte at det var drygt 3,8 millionar medlemmer. Dette svarer til om lag 86 prosent av befolkninga.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB