9871
/kultur-og-fritid/statistikker/trosamf/arkiv
9871
30 prosent fleire i registrerte trussamfunn
statistikk
2000-10-04T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Innvandring og innvandrere
no
trosamf, Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, medlemmer, religionar (for eksempel kristendom, islam, buddisme), kyrkjesamfunn, Human-etisk forbundKultur og fritid, Religion og livssyn, Innvandring og innvandrere, Kultur og fritid
false

Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja1. januar 2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

30 prosent fleire i registrerte trussamfunn

I løpet av dei siste ti åra har medlemstalet i registrerte trussamfunn utanfor Den norske kyrkja auka med nesten 30 prosent. Talet har auka frå om lag 186 000 medlemmer i 1990 til snautt 255 000 i 2000.

Per 1. januar 2000 hadde trus- og livssynssamfunna utanfor Den norske kyrkja til saman nesten 355 000 medlemmer, 255 000 i registrerte trussamfunn, 32 000 i uregistrerte trussamfunn og 68 000 i livssynssamfunnet Human-Etisk Forbund. Til sammen har disse samfunna hatt ein auke på nesten 19 000 medlemmer sidan 1999.

Fleire muslimar og katolikkar

Størst auke blant dei registrerte trussamfunna har dei islamske trussamfunna og Den romersk-katolske kyrkja hatt, med ein auke på i same følgd 30 400 og 16 000.Ved inngangen til 2000 utgjorde dei islamske trussamfunna samla det største trussamfunnet utanfor Den norske kyrkja med nesten 50 000 medlemmer. I tillegg var det 6 800 medlemmer i uregistrerte samfunn. Pinsemenigheitene var nest størst med drygt 45 000 medlemmer, medan Den romersk-katolske kyrkja hadde 42 600 medlemmer.

Færre i Human-Etisk Forbund

Sjølv om medlemstalet for Human-Etisk Forbund har auka med 18 500 medlemmer, eller 37 prosent, dei siste ti åra, har talet gått ned med 300 sidan 1. januar 1999. Human-Etisk Forbund hadde lokallag i alle fylka, men det var flest medlemmer i Oslo og Akershus, til saman drygt 25 000 fordelt på 17 lokallag.

Geografiske skilnader

Det er store geografiske skilnader med omsyn til om folk er medlemmer av trus- og livssynssamfunn utanfor statskyrkja. I Oslo/Akershus var 14 prosent medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor statskyrkja, motsvarande tal for Sogn og Fjordane var berre drygt 1 prosent.

Den norske kyrkja

Tal for Den norske kyrkja synte at i 1999 vart 48 000 døypte i kyrkja, 37 400 konfirmerte seg og 12 700 par vart vigde. I løpet av 1999 melde i alt 4 400 seg ut av Den norske kyrkja, medan drygd 900 melde seg inn. Totalt var det drygt 3,8 millionar medlemmer i Den norske kyrkja. Dette svarar til om lag 86 prosent av befolkninga. Talet på vigslar i Den norske kyrkja i 1999 gjekk ned med drygd 3 prosent samanlikna med i fjor, medan nedgangen i talet på døypte og konfirmerte var på 1 prosent samanlikna med 1998.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB