90629
/kultur-og-fritid/statistikker/trosamf/aar
90629
Ein halv million i trus- og livssynssamfunn
statistikk
2012-12-04T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Innvandring og innvandrere
no
trosamf, Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, medlemmer, religionar (for eksempel kristendom, islam, buddisme), kyrkjesamfunn, Human-etisk forbundKultur og fritid, Religion og livssyn, Kultur og fritid, Innvandring og innvandrere
false

Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja1. januar 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Ein halv million i trus- og livssynssamfunn

Trus- og livssynssamfunn som er utanfor Den norske kyrkja, og som får statstilskot, hadde 510 700 medlemmer per 1. januar 2012. Dette er ein auke på 26 200 medlemmer, eller 5 prosent, frå året før.

Av dei 4 986 000 personane som var busette i Noreg 1. januar 2012, var 510 700, eller 10,2 prosent, medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja. Veksten i talet på medlemmer i trus- og livssynssamfunn med statstilskot er lågare enn førre året. Nokre nye samfunn har kome til i statistikken for 2011, medan det er andre samfunn som har vore med tidlegare som ikkje er representerte i år.

Medlemmer i trus- og livssynssamfunn som mottek offentleg stønad per 1. januar 2012. Prosent

Nær 290 000 er medlemmer i kristne trussamfunn ...

Av alle medlemmene i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja og som får statstilskot, har framleis dei kristne trussamfunna flest, med 289 000 medlemmer. Dette utgjer 57 prosent av alle medlemmer per 1. januar 2012. Dei kristne trussamfunna har hatt størst vekst i talet på medlemmer, med heile 22 200, eller om lag 8 prosent. Den romersk-katolske kyrkja er det største kristne trussamfunnet eller trusretninga, og har over 100 000 medlemmer. Talet på medlemmer i Den romersk-katolske kyrkja har auka med drygt 19 000, eller 23 prosent, i løpet av siste året. Denne auken kan sjåast i samanheng med auka innvandring frå andre land, spesielt har innvandringa frå romersk-katolske land i Aust-Europa vore høg dei siste åra. Sjå statistikken for Innvandring og utvandring . Meinigheiter innanfor pinserørsla tel om lag 39 100 medlemmer. Pinserørsla har hatt ein svak nedgang i talet på medlemmer dei siste åra.

og 112 000 er medlemmer i islamske trussamfunn

112 200, eller 22 prosent, av medlemmene i trus- og livssynssamfunn er medlemmer i islamske trussamfunn. Sjølv om talet på muslimar auka med 5 500 medlemmer det siste året, har prosentdelen halde seg stabil dei siste åra. Også nokre av dei andre religionane i statistikken har halde seg på om lag det same nivået. Buddhisme utgjer 3 prosent, medan hinduisme og sikhisme utgjer høvesvis 1,1 og 0,2 prosent per 1. januar 2012. Trussamfunn som høyrer til buddhisme, hadde størst prosentvis auke med om lag 6 prosent det siste året. Desse samfunna har til saman 15 000 medlemmer.

Medlemmer i trus- og livssynssamfunn som tek imot offentleg stønad per 1. januar 2005-2012

Stabile medlemstal for Human-Etisk Forbund

Talet på medlemmer i Human-Etisk Forbund er 83 100 per 1. januar 2012. Dette er om lag det same medlemstalet som året før. Andre livssynssamfunn har 1 600 medlemmer, og det har vore ein auke på om lag 200 medlemmer i desse andre samfunna.

Framleis flest nye medlemmer i Oslo

Også siste året har det vore ein vekst i talet på medlemmer i alle delar av landet. Oslo er framleis fylket der flest står i eit trus- eller livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja. I hovudstaden er 125 000, eller 19 prosent, av folkemengda medlemmer i eit trus- eller livssynssamfunn. Denne delen syner ein svak nedgang i høve til folkemengda per 1. januar 2012. Om lag ein fjerdedel av alle medlemmene i trus- og livssynssamfunn er busette her.

Oslo hadde òg den største auken i talet på medlemmer med 7 700, eller 7 prosent, frå 1. januar 2011. Fleire fylke hadde ein høgare prosentvis vekst i talet på medlemmer i høve til 2011, til dømes Sogn og Fjordane og Rogaland og Troms, med høvesvis 10, 8 og 7 prosent auke.

Blant dei som er busette i Oslo, har dei islamske samfunna nærare 50 000 medlemmer og kristne trussamfunn drygt 51 000 medlemmer. Oslo har også største delen av medlemmene i livssynssamfunn, med nær 18 000. 36,8 prosent av alle medlemmene i trus- og livssynssamfunn bur i Oslo og Akershus, dette er om lag det same talet som året før.

Statistikken baserer seg på søknader til fylkesmennene frå trus- og livssynssamfunna som søkjer om statstilskot det enkelte år. Medlemslistene til trus- og livssynssamfunna blir sende vidare til Brønnøysundregistra via fylkesmennene for ulike kontrollar og fjerning av dublettar. Statistisk sentralbyrå tek imot ei aggregert datafil frå Brønnøysundregistra. Statistikkane frå og med 2005 kan ikkje samanliknast direkte med tidlegare år, av di datagrunnlaget er endra. Sjå Om statistikken .

For informasjon om tal frå Den norske kyrkja, sjå Kyrkje - KOSTRA .

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB