Samfunnsspeilet, 2012/3

Fysisk aktivitet blant barn og unge

Er barn og unge blitt mindre fysisk aktive?

Publisert:

Barn og unge driv like mykje med organisert trening som tidlegare. Samstundes varierer treningsfrekvensen med utdanning og inntekta til foreldra og kva landsdel dei er busette i. Berre halvparten av 15-åringane oppfyller anbefalingane som helsemyndigheitene gir om ein time fysisk aktivitet i løpet av ein dag. Samstundes er det ikkje eintydig at denne delen blir mindre med åra. Eit ønskje om meir fysisk aktive barn og unge vil kanskje måtte gå på kostnad av omsynet til risiko for skadar og ulukker.

Den seinare tida har det blitt hevda frå mellom anna helsemyndigheitene at den fysiske forma blant barn og unge frå Noreg er på eit historisk botnnivå (Helsedirektoratet 2012). Dagens 15-åringar er mindre aktive enn pensjonistar, og berre halvparten av dei oppfyller helsemyndigheitene sine anbefalingar om ein time med aktivitet i løpet av ein dag (Helsedirektoratet 2012).

Barn og unge bruker opptil 40 timar på stillesitjande aktivitet i løpet av ei veke ( Vaage 2012 ). Fleire hevdar at dagens unge sit seg sjuke (NOVA 2011). Inaktivitet er ein av dei største risikofaktorane for mange av livstilssjukdomane som overvekt, diabetes, muskel- og skjelettlidingar og psykiske lidingar. Det er i så måte viktig å sjå nærmare på kva talgrunnlag som ligg til grunn for denne røyndomsoppfatninga av barn og unges fysiske aktivitetsnivå.

Denne artikkelen vil presentera ulike tal om barn og unges fysiske aktivitetsnivå. Tal som viser faktisk trening, vil bli særleg lagt vekt på, og desse tala vil bli samanhaldne med tal som er knytte til det totale fysiske aktivitetsnivået til barn og unge i løpet av ein dag. I tillegg vil òg skiljet mellom dei to omgrepa bli drøfta. Til sist vil det bli kasta lys over at kravet som helsemyndigheitene stiller om å auka fysisk aktivitet blant barn og unge, på den eine sida kjem i konflikt med krava til meir sikkerheit og til færre ulukker på den andre sida.

Artikkelen byggjer på rapporten Barn og unges miljø og helse, Statistisk sentralbyrå ( Kjelvik 2012 ), publisert i mars 2012 på oppdrag av Helse- og omsorgsdepartementet.

Påstandar og oppfatningar

Det er gjerne to oppfatningar som har fått fotfeste når det gjeld barns og unges trenings- og mosjonsvanar dei siste åra. Den eine er at tenåringar «sit for mykje på rumpa» og er latare enn før, og den andre er at det har danna seg eit a- og b-lag blant ungdom når det gjeld trening; anten er dei svært aktive, eller så er dei svært passive (NOVA 2011).

Bak den andre oppfatninga ligg det gjerne ein teori om at det har skjedd ei polarisering der nokre barn og unge trenar svært mykje i løpet av ei veke, medan andre nærmast er heilt inaktive. I samband med dette blir det ofte peika på sosial eksklusjon frå ulike treningsarenaer, noko som ofte heng saman med bakgrunnsfaktorar som økonomi, kjønn, etnisk opphav og klassebakgrunn (NOVA 2011).

Når ein diskuterer fysisk aktivitet blant barn og unge, er det viktig å skilja mellom organisert trening på den eine sida, og det totale fysiske aktivitetsnivået til ein person i løpet av ein dag på den andre sida. I debatten om ungdom og fysisk aktivitet blir desse omgrepa ofte brukt om kvarandre.

Ulike undersøkingar kan tilsynelatande gi grunnlag for vidt forskjellige konklusjonar når det gjeld kor aktive barn og unge er. Dette kjem gjerne av at dei ulike undersøkingane ofte måler ulike fenomen som er knytte til fysisk aktivitet.

Tal som blir presenterte i denne artikkelen, frå levekårsundersøkinga og NOVA-rapporten «Ungdom og trening» (NOVA 2011) har freista å kartleggja treningsvanane til barn og ungdom, dei seier derimot ikkje noko om det totale fysiske aktivitetsnivået blant barn og unge i løpet av ein dag. Det totale aktivitetsnivået inkluderer all fysisk aktivitet, og inkluderer ofte meir enn det som vanleg blir definert som trening og mosjon, samstundes er skiljelinene mellom trening og totalt aktivitetsnivå ofte uklare når det er barn og unges fysiske aktivitetsnivå som blir drøfta. Ein tydelegare distinksjon mellom dei to omgrepa vil kunna bidra til ein meir fruktbar og faktabasert debatt i tida som kjem.

Faktisk trening og total aktivitet

Det er varierande kor mykje tal og informasjon som finst om fysisk aktivitet blant barn og unge. Forutan at mykje av den tilgjengelege informasjonen måler ulike fenomen ved fysisk aktivitet, er det i svært mange tilfelle snakk om enkeltundersøkingar utan fleire måletidspunkt. Dette gjer det vanskeleg å fastslå noko handfast om utviklinga over tid eller eventuelle trendar. Resultata frå enkeltundersøkingar gjer det difor fagleg problematisk å til dømes slutta at alt var mykje betre blant barn og unge før i tida.

Fysisk aktivitet og inaktivitet blant barn og unge

Statistisk sentralbyrås samordna levekårsundersøking (tverrsnittsundersøkinga) er ei landsrepresentativ utvalsundersøking der trening, mosjon og friluftsliv har vore sentrale tema. I 2004 og 2007 inneheldt undersøkinga eit eige barneutval som kartla kor ofte barn i alderen 6-15 år trena.

Spørsmålet som blei stilt til foreldra i barneutvalet var: «Kor ofte trenar du?» Målsetjinga var med andre ord å kartleggja faktisk trening blant barn og unge - ikkje det totale aktivitetsnivået gjennom ein dag.

Kor ofte barn og unge trenar, blir her målt ved spørsmålet:

Kor ofte trenar du? Aldri, sjeldnare enn kvar månad, 1-2 gonger i månaden, 1 gang i veka, 2 gonger i veka, 3-4 gonger i veka, omtrent dagleg .

Delen barn som aldri trenar, er definert som dei barna som har oppgitt at dei aldri trenar, eller sjeldnare enn kvar månad .

Delen barn som trenar minst ein gong i veka, inkluderer dei barna som har oppgitt at dei trenar 1 gong i veka, 2 gonger i veka, 3-4 gonger i veka, omtrent dagleg .

Tala blir presenterte langs dimensjonane samla inntekt i hushaldet før skatt og det høgaste utdanningsnivået i hushaldet .

Fysisk aktivitet i nedgang?

Det er viktig å leggja til rette for at barn og unge har moglegheit til å driva med ulike former for lystvekkjande trening og mosjon. Regelmessig fysisk aktivitet er naudsynt for normal vekst og utvikling hos barn og unge, og følgjeleg viktig for muskel- og skjeletthelse. Medan fysisk aktivitet bidreg til å fremja barns og unges helse, er fysisk inaktivitet ein av fleire faktorar som bidreg til overvekt og andre helseplager, både i oppveksten og seinare i livet. Ulike treningsarenaer kan også fungera som sosiale møteplassar for barn og unge og såleis verka gunstig på miljøet og helsa deira.

Som me tidlegare har nemnt, gir enkelte utvalsundersøkingar oss informasjon om barn og unges faktiske trenings- og mosjonsvanar, medan andre undersøkingar fangar opp informasjon om det totale aktivitetsnivået til barn og unge gjennom ein dag. For å kunna slå fast noko om fysisk aktivitet blant barn og unge blir ein nøydd til å sjå på tal som er knytte til begge desse omgrepa.

Blant vaksne er det totale aktivitetsnivået gjerne blitt meir og meir synonymt med å driva ein eller annan form for organisert trening eller mosjon. Mindre fysisk krevjande arbeidsliv, meir køyring til og frå jobb og fleire stillesitjande fritidssysler er nokre av årsakene til dette. For barn og unge er ikkje alltid dette tilfelle.

Innanfor det totale aktivitetsnivået for barn og unge kan organisert trening og mosjon ofte berre vera ein liten del av den totale tida som blir brukt på fysisk aktivitet og mosjon. Barneåra er ofte prega av lystvekkjande fysisk aktivitet - ofte i form av uorganisert lek som ikkje blir definert som trening. Etter kvart som barna blir eldre blir ulike former for organisert trening meir vanleg, til dømes organisert fotball-, friidretts- og handballtrening i regi av eit idrettslag.

I tolkinga av tala som blir presenterte i artikkelen, er det viktig å ha dette i mente. Sjølv om barn og unge ser ut til å trena like mykje som tidlegare, kan det totale aktivitetsnivået likevel ha gått ned. Dette kan blant anna koma av at resten av tida, i større grad enn tidlegare, blir brukt til meir stillesitjande aktivitetar.

Figur 1. Delen barn som trenar, etter alder. 2004 og 2007. Prosent. N=10321

Figur 1. Delen barn som trenar, etter alder. 2004 og 2007. Prosent. N=10321

Trening varierer mellom ulike aldersgrupper …

Det er flest som trenar ofte, i den eldste aldersgruppa (11-15 år). Fire av fem i aldersgruppa 6-10 år svarer at dei trenar minst ein gong i veka, medan 87 prosent i aldersgruppa 11-15 år svarer det same. Blant 6-10-åringar svarer om lag ein av ti at dei aldri trenar, medan berre 4 prosent i aldersgruppa 11-15 år svarer at dei aldri trenar. Både delen som svarer at dei trenar ofte og dei som trenar sjeldan, held seg mellom 2004 og 2007 uendra i begge aldersgruppene (figur 1).

Ei av årsakene til at dei yngste barna trenar mindre, kan vera at færre barn i denne aldersgruppa har starta opp med ei eller anna organisert trening/aktivitet, til dømes i regi av eit idrettslag. Dette kan føra til at føresette som har svart, ikkje har definert den naturlege/uorganiserte daglege fysiske aktiviteten deira som trening.

Delen som trenar 3-4 gonger i veka eller meir, aukar. Grunnlagstala viser at denne delen har auka frå om lag 29 prosent til 37 prosent i perioden 2004-2007. Dette støttar til dels opp om oppfatninga av at det har skjedd ei polarisering der dei som allereie er mest aktive, blir endå meir aktive. Samstundes held tala seg uendra for dei som aldri trenar.

I NOVA-rapporten «Ungdom og trening» er funna på dette området omtrent dei same; dei som allereie er aktive, trenar noko meir enn tidlegare, men forskjellen mellom inaktive og aktive ser ikkje ut til å bli nemneverdig større (NOVA 2011).

… etter inntekta til foreldra

Inntekt er ein sosial bakgrunnsfaktor som ofte blir brukt i undersøkingar for å kartleggja sosiale forskjellar i helse. Det er utfordringar i det å bruka inntekt som eit uttrykk for sosiale forskjellar når det gjeld fysisk aktivitet blant barn og unge, og det er ikkje alltid enkelt å seia noko om årsakssamanhengen.

I tillegg til at økonomiske midlar i fleire tilfelle gir moglegheit til å utøva fysisk aktivitet i organisert form, kan inntekt også reflektera eit sett haldningar som fremjar fysisk aktivitet. For vaksne er det dermed vanskeleg å seia om det er høg inntekt som gir auka fysisk aktivitet, eller om det snarare er den fysiske aktiviteten som påverkar inntekta (Siegrist og Marmot 2006).

Inntekta til foreldra kan påverka barnas moglegheit til å delta i organiserte aktivitetar, sidan deltaking i ulike former for organisert idrett ofte kostar pengar. Låg inntekt blant foreldre kan dermed bidra til å ekskludera enkelte barn frå å delta.

Treningsvanane som barna har, varierer med inntekta til hushaldet (sjå tabell 1). Delen barn som er mest aktive, er størst i hushald med høg inntekt, og delen fysisk aktive aukar i all hovudsak med stigande hushaldsinntekt. Vidare viser tala at barn i den yngste aldersgruppa (6-10 år) er meir inaktive enn den eldste aldersgruppa (11-15 år) i alle de ulike inntektsgruppene. Grunnlagstala viser at delen aktive og inaktive held seg nokså stabil for dei ulike inntektsgruppene mellom 2004 og 2007 i alt. Det same gjeld for dei to ulike aldersgruppene.

Det er flest inaktive barn og unge i hushald med låg inntekt. Størst er delen som aldri trenar, i hushald der den samla inntekta er under 460 000 i året, medan delen er minst i hushald med inntekt på 810 000 kroner eller meir. Når det gjeld dei fysisk aktive, er delen som svarer at dei trenar minst ein gong i veka, høgast blant barn i hushald i den høgaste inntektsgruppa, og lågast i hushald i den lågaste inntektsgruppa.

Delen fysisk aktive er høgast blant dei eldste barna. Samanlikna med barna i den yngste aldersgruppa (6-10 år) er det større del i den eldste aldersgruppa 11-15 år som svarer at dei trenar minst ein gong i veka. Tendensen er gjeldande i alle inntektsgrupper. Det same er gjeldande for delen som svarer at dei aldri trenar, sidan den er lågare i den eldste aldersgruppa for alle inntektsgrupper.

… òg etter utdanninga til foreldra

Utdanning blir gjerne oppfatta som den mest robuste forklaringsfaktoren når det gjeld studium av sosiale forskjellar i helse (Siegrist og Marmot 2006). Oppfatninga har bakgrunn i at dei fleste gjer seg ferdig med utdanning i ung alder, og at utdanningsnivået derfor ikkje blir påverka like mykje av helseproblem seinare i livet. I tillegg er utdanning nært forbunde med kunnskap, og det å kunna ta informerte og bevisste val.

I all hovudsak viser studium av sosiale forskjellar at dei med høgare utdanning har betre helse enn dei med lågare utdanning (Krokstad mfl. 2002). Å vera i aktivitet er helsefremjande og verkar førebyggjande. Det er rimeleg å anta at utdanningsnivået til foreldra heng saman med livsstil, og at familiar med høgare utdanning også driv fysisk aktivitet i meir utstrekt grad.

Figur 2. Delen barn som trenar, eller aldri trenar, 6-10 år og 11-15 år, etter landsdel. 2007. Prosent. N=10321

Figur 2. Delen barn som trenar, eller aldri trenar, 6-10 år og 11-15 år, etter landsdel. 2007. Prosent. N=10321

Delen som trenar, er høgast blant barn i hushald med høgare utdanning, medan den er lågast blant hushald med grunnskule/vidaregåande som høg­aste utdanning (sjå tabell 2).Tendensen er den same for begge aldersgruppene. I tillegg viser grunnlagstala at delen aktive og inaktive barn i begge aldersgruppene held seg nokså uendra mellom 2004 og 2007, for begge dei to utdanningsnivåa.

Talet på inaktive barn ser ut til å minka med høgare utdanningsnivå i hushaldet. Delen som svarer at dei aldri trenar, er høgast blant barn og unge i hushald med grunnskule/vidaregåande skule som høgaste utdanning, medan den er lågast blant barn og unge i hushald med høgare utdanning. Tendensen er den same i begge aldersgruppene. Samstundes viser grunnlagstala at forskjellane når det gjeld kor ofte ein trenar, er blitt større mellom barna frå hushald med høg og låg utdanning i den yngste aldersgruppa (6-10 år), men mindre i den eldste aldersgruppa (11-15 år), i perioden 2004-2007.

Inaktive barn og unge - mest i nord

Tal frå levekårsundersøkinga om helse, omsorg og sosial kontakt viser at helse og førekomsten av dårleg eigenvurdert helse i den norske befolkninga har ein geografisk dimensjon (Jensen 2009). Nord- Noreg er landsdelen der førekomsten av dårleg eigenvurdert helse er høgast. Spørsmålet er om det finst ein liknande geografisk dimensjon for trenings- og mosjonsvanar blant barn og unge.

Nord-Noreg har i begge aldersgruppene høgast del barn og unge som svarer at dei aldri trenar (sjå figur 2). Dei tre landsdelane Oslo og Akershus, Vestlandet og Trøndelag har færrast. Denne tendensen ser ut til å gjelda for begge aldersgruppene. Trøndelag er landsdelen der høgast del barn svarer at dei trenar minst ein gong i veka, medan Agder og Rogaland og Nord Noreg har lågast del i begge aldersgruppene.

Grunnlagstala viser at utviklinga mellom 2004 og 2007 varierer mellom landsdelar og mellom dei to aldersgruppene. Nord-Noreg har ein positiv auke i delen som trenar minst ein gong i veka, for begge aldersgruppene mellom 2004 og 2007, medan Agder og Rogaland har ein liten nedgang i den same perioden. Det er særleg i den eldste aldersgruppa (11-15 år) at forskjellane mellom dei som trenar oftast og sjeldnast, er størst mellom landsdelane. I Trøndelag er det 94 prosent som svarer at dei trenar minst ein gong i veka, medan berre 83 prosent svarer det same i Nord-Noreg.

Er nedgangen i fysisk aktivitet reell?

Tala som er presenterte ovanfor om fysisk aktivitet, tyder på at det ikkje har skjedd ein nedgang i treningsvanane til barna, men snarare at tala har halde seg stabile over tid. Tal frå NOVA-rapporten Ungdom og trening (NOVA 2011) støttar dette. Rapporten har undersøkt treningsvanane som ungdommar har i 2010 og endringar i treningsvanar frå 1992 til 2010, hovudsakleg i aldersgruppa 13-17 år. Ein av hovudkonklusjonane er at treningsvanane er prega av stabilitet, både når det gjeld delen som er medlemmar i idrettslag og kor ofte ein trenar på ulike arenaer.

Ut ifrå dette kan ein kanskje hevda at det ikkje er hald i inntrykket ein får gjennom media om at barn «sit meir på rumpa» enn tidlegare. Samstundes er det viktig å presisera at tala frå levekårsundersøkinga og NOVA har freista å kartleggja treningsvanane til barn og ungdom; men tala seier derimot ikkje noko om det totale fysiske aktivitetsnivået blant barn og ungdom gjennom ein dag.

Statens råd for ernæring og fysisk aktivitet anbefalte barn i Noreg i 2000 å vera i aktivitet, minst 60 minutt kvar dag. Aktiviteten bør vera variert og inkludera aktivitet med både moderat og høg intensitet (Andersen2008). Dette er framleis anbefalinga som helsemyndigheitene gir når det gjeld barn og unge.

Ei kartlegging av aktivitetsnivået blant barn og unge i 2005-2008, dokumentert i Helsedirektoratets rapport Fysisk aktivitet blant barn og unge i Noreg , viser at 75 prosent av 9-årige jenter og 91 prosent av 9-årige gutar oppfyller dei gjeldande anbefalingane. Blant 15-åringar har berre halvparten av jentene og 54 prosent av gutane tilsvarande aktivitetsnivå. Nye målingar i 2010/2011 viser at delen 9-åringar som oppfyller den anbefalte mengda har minka. Når det gjeld 15-åringar har delen jenter minka noko, medan delen gutar har auka tilsvarande (Helsedirektoratet 2012).

Ein rapport frå OECD frå 2009 viser i tillegg at når det gjeld moderat og anstrengjande fysisk aktivitet, tilhøyrer Noreg den tredjedelen land som har lågast fysisk aktivitet, bak land som Danmark, Finland, Canada, Nederland (OECD 2009) .

Stor forskjell på jenter og gutar

SSBs tidsbruksundersøking viser at barn og unge i alderen 9-15 år i gjennomsnitt bruker 50 minutt av fritida si på ein dag på idretts- og friluftsliv i 2010. Tala viser vidare at det er relativt stor forskjell mellom kjønna. Gutar bruker i gjennomsnitt 1 time og 5 minutt, mens jentene berre bruker 39 minutt. Samanlikna med 2000 er det likevel ein oppgang i tid brukt på idretts- og friluftsliv for denne aldersgruppa ( Vaage 2012 ).

For 16-24-åringane viser same undersøkinga at talet på minutt brukt på idretts- og friluftsliv har gått ned i perioden 1980-2010, frå høvesvis 45 til 33 minutt. Mellom 2000 og 2010 er nedgangen berre på 2 minutt, altså nokså uendra. Også i denne aldersgruppa finn ein forskjellar mellom kjønna. Medan gutar bruker 38 minutt på denne type aktivitetar, bruker jenter berre 28 minutt ( Vaage 2012 ).

Vidare viser undersøkinga at minutt brukt på andre meir stillesittande fritidsaktivitetar har auka (Vaage 2012). NOVA-undersøkinga viser same tendensen; ein relativt større del av fritida til ungdom som er inaktive, går føre seg på nett eller blir brukt til annan stillesitjande aktivitet (NOVA 2011).

Tal frå levekårsundersøkinga viser at organisert trening blant barn og unge varierer med utdanninga og inntekta til foreldra, samstundes held delen som trenar, seg stabil over tid. Det er også forskjellar mellom landsdelane når det gjeld kor stor del barn og unge som trenar organisert jamleg. Samstundes viser fleire undersøkingar at det totale aktivitetsnivået til barn og unge ikkje oppfyller anbefalingane frå helsemyndigheitene om å vera aktive minst ein time per dag. Det er likevel ikkje eintydige tal på at delen som ikkje oppfyller desse krava, er aukande i heile barnebefolkninga.

Det vil bli viktig i framtidig kartlegging av barn og unges fysiske aktivitet å skilja tydelegare mellom organisert trening og totalt aktivitetsnivå i løpet av ein dag, samstundes som det blir etablert undersøkingar som blir gjennomførte med faste mellomrom. Ei etablering av endå fleire måletidspunkt gir eit betre faktagrunnlag for å fastslå meir presist eventuelle trendar på området.

Risiko for meir skadar og ulukker?

Ein vanleg påstand er at dagens samfunn, i mykje større grad enn tidlegare, er tilrettelagt for ein fysisk inaktiv livsførsel. Barn og unge held i større delar av livet til i vaksenkontrollerte samanhengar, som kan vera med på å ta frå barn vesentlege gode.

Vidare blir det hevda at det har skjedd ein reduksjon i grøntareal, ein avgrensa tilgang til natur- og friområde, spreidd arealbruk som gir større avstandar mellom bustad og skule/arbeidsplass, eit mangelfullt utbygd gang- og sykkelvegnett, og utbygging av vegar, auka biltrafikk og større hastigheit. Alt dette kan ein hevda er samfunnsskapte barrierar som kan vera med på å forhindra fysisk aktivitet blant barn og unge i kvardagen.

Tal frå levekårsundersøkinga om idrett og friluftsliv og kommune-stat-rapportering (KOSTRA) støttar til dels opp om desse påstandane. Arealtilgangen blant barn og unge har blitt noko redusert dei siste fem åra ( KOSTRA 2012 ), samstundes som det er forskjell i tilgangen til trygt lekeområde for barn av foreldre med låg og høg utdanning. Vidare har delen barn som er busette i trafikkfarlege strøk, auka i perioden 2001-2007 ( Kjelvik 2012 ).

Eit ønskje frå helsemyndigheitene om at barn og unge skal driva med meir fysisk aktivitet, kjem ofte i lag med eit krav om utbygging av trygge leikeareal, fleire turstiar, tryggare gang- og sykkelvegar og betre utbygd kollektivtrafikk for å få oss til å gå til og frå bussen. Det er vanskeleg å få både i pose og sekk. Sjølv om fasilitetane for å driva fysisk aktivitet blir betre og tryggare, vil eit auka aktivitetsnivå truleg føra til auka risiko for at fleire ulukker blant barn og unge skal inntreffa.

For både jenter og gutar har risikoen for å dø av ulukker blitt betydeleg mindre dei siste 50-60 åra. Det er særleg risikoen blant gutar som har minka dramatisk, og skilnaden mellom kjønna er i dag mikroskopiske for barn under ti år. I tenåra gjer forskjellen seg tydeleg att; gutane har ein betydeleg høgare dødsrate for ulukker enn jenter ( Ellingsen 2009 ).

Kva type ulukker barn døyr av, har også endra seg. På 1950-talet var drukningsulukker dei mest vanlege, medan trafikkulukker auka kraftig på 1960-talet, og overtok som den viktigaste dødsårsaka. Sidan den gong har me fått ein trafikk som i mykje større og betre grad skil frå kvarandre barn, bustadområde og bilar. I tillegg er det tryggare for eit barn å vera å vera bilpassasjer i dag enn det var for barn på 1960-talet.

Viktig livsutfalding

Dei fleste vil meina at ein nedgang i ulukker blant barn er utelukkande positivt. Professor Gunnar Breivik ved Noregs idrettshøgskule har tidlegare provosert med å spørja om me treng fleire barneulukker i dagens samfunn. Han hevdar vidare at det ikkje nødvendigvis er gitt at ein dramatisk nedgang i talet på barneulukker er ei målsetjing i seg sjølv. Det heile kjem an på korleis tala går ned. Det er mogleg å få talet på ulukker dramatisk ned viss barna blir dresserte til å sitja stille på eit flatt golv innandørs ( Ellingsen 2009 ).

Professoren legg til at det berre er skadar og ulukker som er livstruande, gir varige men eller blir kroniske, som er av den vonde sorten. Elles er ulukker teikn på barn som lærer og får glede gjennom livsutfalding og utprøving.

Barn og unge lever større delar av livet i vaksenkontrollerte samanhengar no enn det som var tilfellet før i tida, dette kan ifølgje Gunnar Breivik vera med på å ta ifrå barn vesentlege gode. Passiviseringa kan også bidra til å redusera helsa deira på lengre sikt.

I så måte kan ein hevda at eit ønskje om ein meir fysisk aktiv barnebefolkning vil måtte skje på kostnad av omsynet til den strenge sikkerheita ein har skapt rundt oppveksten til barna. Det kan vera for mykje å forlanga at barn skal sitja mindre på rumpa og koma seg meir ut, dersom ein samstundes ønskjer like stor grad av kontroll som er tilfellet nå.

Referansar

Anderssen, S.A. (2008): Fysisk aktivitet blant barn og unge i Norge. En kartlegging av aktivitetsnivå og fysisk form hos 9- og 15-åringer. 2008, Helsedirektoratet.

Ellingsen, Dag (2008): Barndom: Tryggere, men kanskje kjedeligere, Samfunnsspeilet 3, 2008 , Statistisk sentralbyrå.

Helsedirektoratet (2012): Rapport 2011, Nøkkeltall for helsesektoren, Brøyn, Nina.

Jensen, Arne: Rapporter 2009/6, Sosiale ulikheter i bruk av helsetjenester , Statistisk sentralbyrå.

Jensen, Arne (2007): Feilslutninger om fedmeproblemet? Samfunnsspeilet 4, 2007 , Statistisk sentralbyrå.

Kjelvik Julie (red.): Rapporter 2012/12, Barn og unges miljø og helse 2011 - Utvalgte indikatorer om barn og unges fysiske og sosiale miljøfaktorer, Statistisk sentralbyrå

KOSTRA (2012): Kulturminner, natur og nærmiljø, Statistisk sentralbyrå. ( http://www.ssb.no/kostra/ )

Krokstad, S., Anton E. Kunst og Steinar Westin (2002): Trends in health inequalities by educational level in a Norwegian total population study, Journal of Epidemiology and Community Health.

NOVA (2011): Ungdom og trening - Endring over tid og sosiale skillelinjer, Rapport nr. 3/11, NOVA.

OECD (2009): Health at a Glance 2009, OECD INDICATORS.

Siegrist, Johannes og Michael Marmot (2006): Social inequalities in health. New evidence and policy implications, Oxford: Oxford University Press.

Vaage, Odd Frank (2012): Tidene skifter - Tidsbruk 1971-2010, Statistiske analyser, Statistisk sentralbyrå.

Tabeller:

Kontakt