6 prosent fleire medlemmar

Publisert:

Frå 2017 til 2018 har talet på medlemmar i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja auka med 6 prosent. Derimot har medlemstalet i Den norske kyrkja dei siste ni åra vist ein svak, men jamt minkande trend.

I løpet av ein periode på 12 år har det samla talet på medlemmar i trus- og livssynssamfunn auka med over 70 prosent. Talet på medlemmar i 2018 var på over 655 000, medan det i 2006 var omlag 380 000 medlemmar i trus- og livssynssamfunn som mottek offentleg stønad, og er utanfor Den norske kyrkja.

Figur 1. Talet på medlemmar i trus- og livssynsamfunn som mottek offentleg stønad og er utanfor Den norske kyrkja

2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018
Medlemmer i alt 383510 403909 411790 431287 449875 484534 510684 549400 587286 558977 622042 619222 655236

Om lag 54 prosent var medlemmar av eit kristent samfunn, nær 26 prosent i eit muslimsk samfunn og om lag 15 prosent var medlemmar i eit livssynssamfunn, viser statistikken over trussamfunn.

Figur 2. Del av medlemmar i ulike trus- og livssynssamfunn i 2018

Prosent
Kristendom 54.2
Jødedom 0.1
Baha'i 0.2
Andre trus- og livssynssamfunn 0.3
Sikhisme 0.6
Hinduisme 1.6
Buddhisme 3.1
Livssyn 14.5
Islam 25.5

Fleire medlemmar i kristne trussamfunn utan for Den norske kyrkja

Talet på medlemmar i kristne trussamfunn utanfor Den norske kyrkja auka med 5 prosent frå 2017 til 2018. Den tydelege trenden gjennom dei siste ti åra held dermed fram. Frå 2008 til 2018 har medlemstala auka med om lag 56 prosent. I 2018 er det over 355 000 medlemmar i dei kristne trussamfunna.

Figur 3. Medlemmar i kristne trussamfunn utanfor Den norske kyrkja

2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018
Medlemmer i kristne trussamfunn utenfor Dnk 226969 234772 245664 266834 289018 312925 337316 296521 349083 339492 355070

I motsetnad til det aukande talet medlemmar i kristne trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, visar tala over medlemmar i Den norske kyrkja ein svak, men jamt minkande trend over dei siste ni åra. Frå 2008 til 2017 har talet på medlemmar i Den norske kyrkja minka med 5 prosent.

Figur 4. Medlem og tilhørig i Den norske kyrkja

2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017
Medlem og tilhørig i Den norske kyrkja 3874823 3848841 3835477 3832679 3829300 3825784 3810050 3789371 3750705 3735488

Av dei kristne samfunna utanfor Den norske kyrkja er det Den romersk-katolske kyrkja som er størst med over 152 000 medlemmar i 2018.

Figur 5. Medlem i kristne trussamfunn som har motteke offentleg stønad og som er utanfor Den norske Kyrkja

2018
Den Finlandska evangelisk-Lutherska församling 2187
Kristensamfunnet 2481
Den islandske Evangeliske Lutherske menighet i Noreg 2740
Kristne senter 2938
Det Evangelisk-Lutherske kyrkjesamfunn 3176
Dei frie evangeliske forsamlingar 3264
Adventistsamfunnet 4648
Den kristelige menighet 8235
Metodistkyrkja i Noreg 10320
Det norske baptistsamfunn 10711
Det norske misjonsforbund 10959
Svenska Margaretaförsamlingen 12332
Jehovas vitner 12566
Den Evangelisk Lutherske frikyrkja i Noreg 19215
Den ortodokse kyrkja 25843
Andre trussamfunn 26179
Pinsemenigheiter 40056
Den romersk-katolske kyrkja 157220

Faktaside

Kontakt