20464_om_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/skogbruk/aar-endelige
20464_om
statistikk
2009-06-23T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
true

Skogbruk, landbruksundersøkinga (opphørt)2008, endelege tal

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Skogbruk, landbruksundersøkinga (opphørt)
Emne: Jord, skog, jakt og fiskeri

Ansvarleg seksjon

Seksjon for primærnæringsstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Landbrukseigedom

Eigedom som blir nytta eller kan bli nytta til jord- og/eller skogbruk. Alt som hører til same eigar i ein kommune hører til same landbrukseigedom utan omsyn til om den omfattar fleire matrikkelnummer (grunneigedomar).

Produktivt skogareal

Skogareal som ved gode bestandstilhøve i gjennomsnitt per år kan produsere minst 0,1 kubikkmeter trevirke med bork per dekar

Skogeigedom

Landbrukseigedom med minst 25 dekar produktivt skogareal.

Attåtnæring: I landbruksundersøkinga 2004 og 2008 er attåtnæring avgrensa til å gjelde attåtnæringar som nyttar eigedomens areal og ressursar i skog og anna utmark.

Bruttoinntekt(omsetjing): Summen av alle inntektene utan mva. før det er trekt frå kostnader.

Standard klassifikasjonar

Fylke, der Akershus og Oslo er slått sammen.

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Heile landet, fylke.

Kor ofte og aktualitet

Årleg.

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Gjennomgåtte og reviderte mikrodata blir lagra i fillagringssystemet i Statistisk sentralbyrå.

Bakgrunn

Føremål og historie

Formålet med landbruksundersøkingane er å skaffe relevante data som ikkje er å finne i administrative datasystem, og å skaffe data for eigedomar og jordbruksbedrifter som ikkje blir omfatta av administrative system.

Landbruksundersøkinga er ei av fleire datakjelder som skal gi eit bilete av landbruksnæringa i Noreg. Tema i undrsøkinga varierer frå år til år. Arbeidskraft, gjeld, investeringar, driftsmiddel, utvida skogundersøking og miljørelaterte spørsmål som jordarbeiding og praksis for gjødsling, er døme på tema som kjem att med jamne mellomrom.

Brukarar og bruksområde

Data frå undersøkinga blir nytta av bransjeorganisasjonane i landbruket, Landbruks- og matdepartementet, Miljøverndepartementet, ulike forskningsinstitusjonar som Norsk Institutt for Landbruksøkonomisk Forskning og Seksjon for miljøstatstikk i SSB.

Samanheng med annan statistikk

Resultat frå Landbruksundersøkingane i 2004 og 2008 kan i ein del tilfelle samanliknast med resultat frå dei tidlegare utvalsundersøkingane der skogbruk har vore hovudtema.

Lovheimel

Statistikklova §§2-1, 2-2, 2-3 (tvangsmulkt)

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Populasjonen er eigedomar som er registrerte i Landbruksregisteret og GAB, og omfattar alle som fyller eit eller fleire vilkår knytt til minstemål for drifta. Døme på slike vilkår er at ein skogeigedom skal ha minst 25 dekar produktivt skogareal, og at ei jordbruksbedrift skal ha minst 5 dekar jordbruksareal i drift.

I 2004 omfatta undersøkinga eigedomar med minst 25 dekar produktivt skogareal, medan nedre grense for oppgåveplikt i 2008 var 100 dekar produktivt skogareal.

Datakjelder og utval

Storparten av opplysningane kjem direkte frå oppgåvegivarane som fyller ut skjema til den årlege undersøkinga. Basisopplysningar om eigedomen/jordbruksbedrifta blir henta frå Landbruksregisteret. Landbruksregisteret gir informasjon om storleiken på jordbruksareal og skogareal, personar med tilknytning til eigedomen/jordbruksbedrifta og kva for tilknytning dei har.

Det blir kvart år trekt eit utval frå Landbruksregisteret som skal gi oppgåve til landbruksundersøkinga. I 2004 omfatta utvalet 9 197 eigedomar, om lag 7,8 prosent av populasjonen. I 2008 omfattar utvalet 9 148 eigedomar. Dette utgjer 11,5 prosent av populasjonen det er trekt frå. Utvala er stratifisert etter storleiken på prosuktivt skogareal innan kvart fylke. Om lag halvparten av det produktive skogarealet er dekt opp i utvala.

Datainnsamling, editering og beregninger

Skjema blir sendt ut til dei eigedomane som blir trekte ut til å vere med i undersøkinga. Det er eigaren eller brukaren av eigedomen som skal gi opplysningar.

Det blir gjort ei rekkje kontrollar og rettingar for å sikre konsistensen både innan eit enkelt skjema og mellom skjema og tilgjengelege registeropplysningar.

Landbruksundersøkingane i skogbruk byggjer på inndeling av populasjonen av skogbrukseigedomar med produktivt skogareal i ulike storleiksklasser, samstundes som dei grupperast innan kvart fylke. Akershus og Oslo er slått saman til eitt fylke. Det blir fastsett ein trekkprosent for kvar storleiksgruppe innan kvart fylke. I grupper med få eigedomar i populasjonen er trekkprosenten auka. På dette grunnlaget blir det berekna vekter for kvar eiegedom i utvalet, der kvar vekt er lik tilhøvet mellom talet på eigedomar i populasjonen og utvalet i kvar gruppe.

Konfidensialitet

I dei fylka eller gruppene der færre enn tre eigedomar har gitt opplysningar for ein eigenskap, er det ikkje offentleggjort resultat. Det blir heller ikkje offentleggjort resultat der standardavvika er så store at resultata blir rekna for å være svært usikre.

Samanlikningar over tid og stad

Frå 1971 til 1989 gjennomførte Statistisk sentralbyrå årlege separate utvalsteljingar for skogbruket. Utvalet for perioden 1970-1979 blei trekt blant dei som var oppgåvepliktige til Skogbruksteljinga 1967, medan utvalet for 1980-åra blei trekt blant dei som var oppgåvepliktige til Landbruksteljing 1979. Landbrukstelijinga i 1979 var den første fullstendige teljinga som omfatta både jordbruk og skogbruk. Frå 1990-1998 var det ei felles utvalsteljing for jordbruk og skogbruk, kalt utvalsteljing for landbruket. Utvalet for denne perioden var trekt blant dei som ga oppgåve til Landbruksteljing 1989. Frå 2000 har utvalsteljinga vore kalt Landbruksundersøkinga, og utvalet er trekt blant eigedomar som er oppført i Landbruksregisteret, der Statens landbruksforvaltning er registerførar.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Primærdata er henta frå dei skjema som oppgåvegivarane fyller ut. Dei kan innehalde feil som den einskilde oppgåvegivar gjer når vedkomande fyller ut skjema. Ei rekkje av feila blir oppdag og retta av dei som går gjennom skjemaet ved revisjon i Statistisk sentralbyrå. Ein del feil ved innsamling og handsaming av data er uunngåeleg. Det kan vere feilsom oppstår ved revisjon, feil i IT-handsaming mv. Det erutført eit omfattande arbeid for å minske desse feila så mykje som mogleg.

Fråfall i undersøkinga skuldast manglande innlevering av oppgåve frå einskilde oppgåvegivarar, eller at ein eigedom er selt.

Totalt fråfall for Landbruksundersøkinga 2004 var 6,5 prosent.

Det heftar uvisse ved alle utvalsundersøkingar. Generelt blir resultata meir usikre dess færre observasjonar dei er baserte på. Grupper basert på få observasjonar vil vere særs merkbare for verdiar som avvik mykje frå gjennomsnittet. Slike ekstreme verdiar er derfor gitt vekt lik 1, slik at dei berre representerer seg sjølve i materialet.

I utvalet til landbruksundersøkingane skal alle storleiksklassar inngå. For å gi ein betre representasjon i einskilde fylke i klassar med få eigedomar, er det trekt ein høgare prosent av eigedomane i desse fylka.

Kvaliteten på registergrunnlaget for trekking av utvala har også noko å seie for kvaliteten på det ferdige resultatet. Når det gjeld storleiken på det produktive skogarealet for ein eigedom, er ikkje Landbruksregisteret alltid godt nok oppdatert. Det same gjeld for talet på skogbrukseigedomar. Fleire skogeigarar er i registeret oppført med fleire eigedomar i same kommune. Desse eigedomane er i registeret slått saman til ein eigedom innan kommunen før utvala er trekt.