20470
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/skogbruk/aar-forelopige
20470
Hogstmaskin nesten einerådande
statistikk
2008-12-17T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
skogbruk, Skogbruk, landbruksundersøkinga (opphørt), skogeigedomar, arbeidsinnsats, produktivt skogareal, hogstkvantum, skogavverking, skogplanting, tilleggsnæringar (for eksempel hytteutleige, tomtefeste, juletreproduksjon)Skogbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
true

Skogbruk, landbruksundersøkinga (opphørt)2008, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Hogstmaskin nesten einerådande

I alt 85 prosent av tømmeret som blei hogd i 2007, kom frå sluttavverking, og over 90 prosent av avverkinga blei felt og kvista med hogstmaskin.

Avverking for sal, etter hogstmetode. 1995, 1997, 1999, 2003 og 2007*. Prosent

Gjennomsnittlege driftskostnader for hogst og køyring. 1991, 1995, 1999, 2003 og 2007*. Kr/m³

Tømmer frå sluttavverking utgjorde 85 prosent av all hogst i 2007, medan 13 prosent kom frå tynning og 2 prosent frå hogst av vindfall, frøtre og skjermtre. Tynningsdelen har auka frå 9 prosent i 2003. I alt vart 91 prosent av avverkinga for sal utført med hogstmaskin. Tilsvarande tal i 1999 og 2003 var respektive 67 og 85 prosent.

Driftskostnadene auka

Gjennomsnittsprisen for hogst og terrengtransport låg i 2007 på 118 kroner per kubikkmeter for sluttavverking og 167 kroner per kubikkmeter for tynningsdrifter. Dette er ein auke frå 2003, då sluttavverkinga kosta 109 kroner per kubikkmeter og tynninga 158 kroner per kubikkmeter.

Driftskostnadene varierte mykje mellom fylka. Sluttavverking kosta 101 kroner per kubikkmeter i Hedmark og 166 kroner per kubikkmeter i Hordaland.

2 300 årsverk i skogbruket

Totalt blei det lagt ned 4,2 millionar timar, eller 2 300 årsverk, i skogbruket i 2007. Då er ikkje arbeid utført av entreprenør eller andre sjølvstendig næringsdrivande som var leigd inn, rekna med. Skogeigarane sto sjølve for 64 prosent av arbeidsinnsatsen til praktisk skogsarbeid og administrasjon av skogbruket i 2007. Arbeidsinnsatsen til ektefelle/sambuar svara til 8 prosent, medan ulønt og lønt arbeidshjelp sto for 28 prosent.

Entreprenørane gjer mykje skogkulturarbeid

Det blei planta eller sådd skog på 8 prosent av skogeigedomane i 2007, og det planta arealet svara til 215 000 dekar. Skogeigarane sto for 28 prosent av plantearbeidet, entreprenørar 46 prosent og lønt arbeidshjelp 26 prosent.

Ungskog- eller gjenvekstpleie blei utført på 487 000 dekar på 16 prosent av skogeigedomane i 2007. Gjennomsnittleg areal det blei utført ungskogpleie på per eigedom var 37 dekar. Skogeigarane utførte sjølve 44 prosent av ungskogpleia, medan 22 prosent blei utført av lønt arbeidshjelp og 34 prosent av entreprenørar.

Samanlikna med Skogkulturstatistikken , som byggjer på tal frå skogfondrekneskapen, ligg tilplanta areal og areal med utført ungskogpleie høgare i denne undersøkinga. Hovudårsaka til det er at skogeigarane ikkje nyttar skogfond til all skogkulturaktivitet.

Om lag tre fjerdedelar av skogen er økonomisk drivverdig

Skogeigarane meinte at 73 prosent av det produktive skogarealet i Noreg var økonomisk drivverdig i 2007. Delen økonomisk drivverdig skog er høgast i skogfylka på Austlandet, med ein del mellom 80 og 90 prosent. Skogeigarane på dei små eigedomane meinte at det økonomisk drivverdige arealet var 60 prosent, medan skogeigarar med minst 5 000 dekar produktivt skogareal meinte at 78 prosent av skogen var økonomisk drivverdig.

Skogeigedomar som inngår i statistikken

Landbruksundersøkinga 2008 omfattar skogbrukseigedomar med minst 100 dekar produktivt skogareal. Tidlegare år har Landbruksundersøkinga og andre utvalsundersøkingar omfatta eigedomar med minst 25 dekar produktivt skogareal.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB