20472_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/skogbruk/aar-endelige
20472
Skogeigaren - ein mann på 55 år
statistikk
2005-06-29T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
skogbruk, Skogbruk, landbruksundersøkinga (opphørt), skogeigedomar, arbeidsinnsats, produktivt skogareal, hogstkvantum, skogavverking, skogplanting, tilleggsnæringar (for eksempel hytteutleige, tomtefeste, juletreproduksjon)Skogbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Skogbruk, landbruksundersøkinga (opphørt)2004, endelege tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Skogeigaren - ein mann på 55 år

Det er om lag 116 000 personlege skogeigarar i landet vårt. Av dei er tre av fire ein mann. Tre av fem har utdanning på mellomnivå, og ein av sju har høgare utdanning. Ein av seks bur ein annan stad enn der dei har skog.

Delen skogeigarar etter om dei bur i same kommunen som skogen deira ligg i eller ikkje. Etter storleiken på produktivt skogareal. 2003

Ein av seks skogeigarar bur i ein annan kommune enn skogeigedomen deira ligg i. Halvparten av dei som bur i ein annan kommune, bur og i eit anna fylke. Skogeigarar med mellom 250 og 5000 dekar produktivt skogareal er dei som i størst grad bur i den kommunen der dei har skog. Av skogeigarane med over 20 000 dekar produktivt skogareal, er det ein av tre som bur i ein annan kommune enn der dei har skog.

Ein av sju skogeigarar har høgare utdanning

Utdanningsnivået hjå skogeigarane er noko lågare enn for gjennomsnittet i landet vårt. Medan tal frå utdanningsstatistikken syner at 23,5 prosent av befolkninga hadde høgare utdanning i 2003, gjeld det berre 18 prosent av skogeigarane. Dei viktigaste grunnane til det er etter alt å døme den høge gjennomsnittsalderen til skogeigarane og det låge talet yngre kvinner blant dei.

Skogeigarane blir eldre

Skogeigarane har ein gjennomsnittsalder på vel 55 år. Gjennomsnittsalderen har gått opp med vel to år sidan 1989. Dei siste 15 åra har det vorte fleire eigarar over 40 år og færre yngre skogeigarar. Sidan 1989 har det vore ein nedgang i talet på skogeigarar under 40 år på heile 30 prosent.

Talet på personlege skogeigarar fordelt etter kjønn og alder. 2003

Ein av fire skogeigarar er ei kvinne

I 2003 var delen kvinner størst blant dei yngste og dei eldste skogeigarane. Av skogeigarane under 30 år er ein av tre ei kvinne. Halvparten av skogeigarane på over 70 år er kvinner. Årsaka til det er naturleg nok at kvinnene har høgare levealder enn menn. Til samanlikning var 17 prosent av skogeigarane kvinner i 1989. Auke i delen kvinnelege eigarar kjem blant anna av at endringa i odelslova i 1970-åra verkar inn ved at kvinnene no er jamstelte med menn når det gjeld retten til å overta familieeigedomar.

Skogeigarane sin arbeidsinnsats i skogbruket

Stadig færre skogeigarar høgg tømmeret sjølv. I 2003 vart 85 prosent av all avverking utført av hogstmaskiner. Tjue år tidlegare var det under 15 prosent av avverkinga som vart hogd med hogstmaskin. Arbeidsinnsatsen til skogeigarane, deira eventuelle ektefelle/sambuar og lønt arbeidshjelp i praktisk skogsarbeid og administrasjon av skogen var i gjennomsnitt åtte timar per 100 dekar produktivt skogareal i 2003. Tilsvarande var arbeidsinnsatsen per 100 kubikkmeter avverka tømmer i gjennomsnitt på vel 68 timar. Arbeid utført av entreprenørar og sjølvstendig næringsdrivande kjem då i tillegg.

Fleire resultat frå Landbruksundersøkinga 2004 finn du i desse to artiklane: Tre fjerdedelar av skogen økonomisk drivverdig og 650 millionar i utmarksinntekter . Hovudtabellane frå desse to artiklane er oppdaterte med endelege tal og kan opnast nedst på denne sida. Det er små skilnader mellom førebelse og endelege tal.

Tabeller: