Mindre fulldyrka areal

Publisert:

Førebelse tal for 2017 viser at det fulldyrka jordbruksarealet minka med 42 800 dekar frå 2016 til 2017. Både åker- og hagebruksareal og fulldyrka eng hadde nedgang, medan arealet av innmarksbeite auka.

Figur 1. Talet på jordbruksbedrifter

Taljordbruksbedrifter
1999 70740
2000 68539
2001 65607
2002 61890
2003 58231
2004 55507
2005 53003
2006 51218
2007 49935
2008 48825
2009 47688
2010 46624
2011 45612
2012 44794
2013 43726
2014 43022
2015 42018
2016 41121
2017* 40269

Dei 40 300 aktive jordbruksbedriftene hadde i 2017 eit samla jordbruksareal i drift på 9,84 millionar dekar, syner strukturstatistikken for jordbruket. Innmarksbeite auka med 50 000 dekar. Sidan 2010 har totalt jordbruksareal i drift blitt redusert med 218 900 dekar eller 2,2 prosent. Frå 2016 til 2017 blei det 850 færre jordbruksbedrifter.

I 2017 fordelte jordbruksarealet i drift seg

  • 8 millionar dekar fulldyrka jord
  • 0,2 millionar dekar overflatedyrka eng
  • 1,6 millionar dekar innmarksbeite.

Gjennomsnittleg jordbruksareal per jordbruksbedrift var 244 dekar i 2017, det er 5 dekar meir enn året før og 29 dekar meir enn i 2010.

1 Gjeld bedrifter med minst 5 dekar jordbruksareal i drift.

2 Samdrifter osv. med mindre enn 5 dekar jordbruksareal i drift er medrekna.

Figur 2. Jordbruksareal per jordbruksbedrift

Jordbruksareal per jordbruksbedrift
1979¹ 76.1
1989¹ 99.7
1999² 146.8
2004² 187.3
2010² 215.8
2011² 219.0
2012² 221.7
2013² 225.8
2014² 229.4
2015² 234.7
2016² 239.2
2017*² 244.4

Færre storfe

Det totale talet på storfe minka med 11 100 frå 2016 til 2017. Medan talet på ammekyr auka med 7 200, gjekk talet på mjølkekyr og andre storfe ned med respektive 5 200 og 13 100 i den same perioden. Gjennomsnittleg buskapsstorleik i 2017 var 27 for mjølkekyr og 18 for ammekyr, mot 21 og 13 i 2010.

Figur 3. Dyretal per jordbruksbedrift med vedkomande husdyr

Storfe Mjølkeku Ammeku Sau over 1 år Mjølkegeit Alssvin
1999 34.3 13.8 6.7 42.1 68.9 27.2
2010 51.7 21.4 13.4 62.4 91.2 66.6
2017* 62.9 27.4 17.7 68 110.6 85.9

Frå 2016 til 2017 auka talet på sau over 1 år med 1,7 prosent til 971 000. I den same perioden blei talet på mjølkegeiter redusert med 4 600 til 30 400. Eit gjennomsnittleg sauebruk hadde 68 vaksne sauer i 2017, medan gjennomsnittleg buskapsstorleik for mjølkegeit var 111.

 

Kontakt