19303_not-searchable
/helse/statistikker/tannhelse/arkiv
19303
Over 2 milliardar til tannhelse i Noreg
statistikk
2009-07-03T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
tannhelse, Tannhelsetenesta, tannstatus, karies, tannleger, tannpleiere, tannlegesekretærer, driftsutgifterKOSTRA, Helsetjenester, Helse, Offentlig sektor
false

Tannhelsetenesta2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Over 2 milliardar til tannhelse i Noreg

I overkant av 2 milliardar kroner vart brukt på tannhelse i fylkeskommunane i 2008. Talet på årsverk for både tannlegar og tannpleiarar aukar. Også talet på utanlandske tannlegar aukar. Gjennomsnittleg tal på hol går ned på landsbasis for både 12- og 18-åringar.

Målt i brutto driftsutgifter brukte fylkeskommunane til saman nærmare 2,1 milliardar kroner på tannhelsetenester i 2008. Dette er om lag 130 millionar kroner meir enn året før og tilsvarer ein auke på 6,6 prosent. Dei gjennomsnittlege utgiftene per innbyggjar i landet var i overkant av 2 140 kroner i 2008, noko som er ein auke på vel 40 kroner per innbyggjar frå 2007. Ein stor del av utgiftsauken kan tilskrivast høgare lønsutgifter i sektoren.

Brutto driftsutgifter per person som er undersøkt/behandla. 2001-2008. Kroner

Fleire tannlegar og tannpleiarar

Talet på årsverk for tannlegar i landet held fram med å veksa. Frå 2004 til 2008 har talet på avtalte årsverk i offentleg og privat tannhelseteneste samla auka frå snautt 3 800 til om lag 4 100. Dette utgjer for 2008 vel 1 173 (tallet er rettet 6. juli 2009) innbyggjarar per tannlege i landet, og er ein positiv nedgang i innbyggjarar per tannlege på om lag 40 (tallet er rettet 6. juli 2009) sidan 2004.

Tannlegespesialistar har i same periode auka frå vel 200 avtalte årsverk i 2004 til om lag 380 i 2008, ein prosentvis auke på 85 prosent. Talet på innbyggjarar per tannlegespesialist har hatt ein positiv nedgang på nesten 10 000 personar sidan 2004.

Talet på tannpleiarar i tannhelsetenesta har auka frå vel 600 avtalte årsverk i 2004 til om lag 750 i 2008. Det er framleis flest tannpleiarar som arbeider i den offentlege tannhelsetenesta, men den prosentvise auken for perioden 2004-2008 er klart størst i den private tannhelsetenesta.

Tannlegar med utanlandsk landbakgrunn. 2004-20081
  2004 2005 2006 2007 2008
Det totale talet på utanlandske tannlegar  666  770  848  907  993
Europeiske tannlegar i offentleg tannhelseteneste2  224  241  257  278  311
Ikkje-europeiske tannlegar i offentleg tannhelseteneste 92  101  115  122  132
Europeiske tannlegar i privat tannhelseteneste  248  290  325  343  367
Ikkje-europeiske tannlegar i privat tannhelseteneste  102  138  151  164  183
1  Tannlegar med utanlandsk landbakgrunn som arbeider i tannhelsetenesta.
2  Tyrkia er ikkje rekna med blant europeiske land.

Fleire utanlandske tannlegar

Talet på utanlandske tannlegar som jobbar i Noreg held fram med å auka. Dei siste fem åra har tannlegar med utanlandsk landbakgrunn auka med nesten 50 prosent. I 2004 var det 666 utanlandske tannlegar i privat og offentleg tannhelseteneste, medan det i 2008 hadde auka til 993. Delen utanlandske tannlegar auka frå å vera 17,5 prosent av alle tannlegar i landet til å verta 24,3 prosent i perioden frå 2004 til 2008. Auken skjer både blant tannlegar med europeisk og ikkje-europeisk landbakgrunn.

Gjennomsnittleg tal på hol*. 12- og 18-åringar. 1985-2008

18-åringar, delen som er behandla med DMFT>9. Fylkesvis. 2008. Prosent

Færre hol i tennene, men regionale skilnader i tannhelsetilstanden

Tannstatusen i aldersgruppene 12 og 18 år viser same tendens som for dei siste 25 åra; barn og unge har stadig færre hol i tennene. Den betra tannhelsa og -hygienen er mest sannsynleg eit resultat av meir bruk av fluor. Det er også rimeleg å tru at det førebyggande arbeidet i tannhelsetenesta har betra seg i den same perioden.

I 2008 er gjennomsnittstalet på tenner med karieserfaring (hol) blant tolvåringar på 1,4. Dette er ein nedgang frå 2007. Hedmark fylkeskommune har færrast hol blant sine tolvåringar med eitt, medan Finnmark har flest med 2,1.

For 18-åringar er gjennomsnittstalet i landet på 4,7 hol, noko som er mindre enn i 2007.Likevel ser ein for enkelte fylke ein liten auke i talet på hol. Oslo har færrast hol med 3,8, medan Finnmark har flest med eit gjennomsnitt på 6,4.

Viss ein ser på 18-åringar med mykje karieserfaring i tennene (DMFT>9 - meir enn 9 tenner med karieserfaring), er denne gruppa på 13 prosent for heile landet, mot 16 prosent i 2004. Ei samanlikning av fylka viser store regionale skilnader: I Oslo og Akershus ligg gruppa med 18-åringar som har mange hol på om lag 8 prosent, medan den same gruppa utgjer 23 prosent av dei behandla 18-åringane i Finnmark.

Etablering av kvalitetsindikatorar innanfor tannhelse

Som første land i Norden har Noreg utvikla kvalitetsindikatorar innanfor tannhelseområdet. I alt vart det publisert fem kvalitetsindikatorar ved KOSTRA-publiseringa 15.juni. I alt planlegger ein å få etablert elleve kvalitetsindikatorar for tannhelse i tida som kjem. Følgjande kvalitetsindikatorar vart publiserte med endelege tal 15.juni:

Talet på innbyggjarar per tannlegeårsverk

Talet på innbyggjarar per tannpleiar

Talet på innbyggarar per tannlegespesialist

18-åringar, delen undersøkt heilt utan karieserfaring

18-åringar, delen behandla med DMFT>9

For meir informasjon : http://www.helsedirektoratet.no/tannhelse/kvalitetsindikatorer_etablert_for_tannhelsetjenesten_300014

Tabeller: