92322_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitetaar/aar
92322
Lågare driftsresultat for kraftselskapa
statistikk
2013-03-20T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitetaar, Elektrisitet, årstal, elektrisitetsproduksjon, straumforbruk, vasskraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, straumprisar, kraftselskap, kraftstasjonar, e-verk, resultatrekneskap, driftsrekneskap, sysselsette, ledningsnett, transformatorar, import, eksportEnergi, Energi og industri, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitet, årstal2011

Statistikken publiseres fra desember 2015 sammen med Elektrisitet.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lågare driftsresultat for kraftselskapa

Driftsresultatet for kraftselskapa blei 30,5 milliardar kroner i 2011, ein nedgang på 19 prosent frå året før. Dette kan sjåast i samanheng med lågare elektrisitetsprisar i 2011.

Produksjon og forbruk av elektrisitet. GWh
2011AndelProsent
2010 - 2011
Rettet 25. mars 2014.
Produksjon i alt127 632100,03,2
Vasskraftproduksjon121 55395,23,8
Varmekraftproduksjon4 7953,8-14,4
Vindkraftproduksjon1 2831,046,0
 
Forbruk i alt114 943100,0-4,7
Kraftintensiv industri35 10230,50,5
Bergverksdrift og utvinning6 1385,30,1
Industri utanom kraftintensiv industri8 1907,10,7
Diverse forsynings- og renovasjonsverksemd1 7521,5-6,9
Transport og lagring1 6471,4-6,1
Bygg- og anleggsverksemd og anna tenesteyting24 05620,9-6,6
Hushald og jordbruk38 05633,1-9,3

Produksjonsverka hadde det høgaste driftsresultatet, på 24,8 milliardar kroner. Nettselskapa oppnådde eit driftsresultat på 2,9 milliardar, medan driftsresultatet for resterande verk var 2,8 milliardar. Årsoverskotet i kraftsektoren blei 15,2 milliardar i 2011. Dette er ein nedgang frå året før på 30 prosent.

Oppgang i bruttoinvesteringane

Bruttoinvesteringane for kraftselskapa gjekk opp frå 11,8 milliardar i 2010 til 14,4 milliardar kroner i 2011. Medan bruttoinvesteringar i vasskraftstasjonar var 3 919 millionar, var bruttoinvesteringar i varmekraft- og vindkraftverk høvesvis 18 og 1 491 millionar. Investeringane i vindkraftverk vart litt meir enn fordobla i høve til året før. Det vart investert i sentral-, regional- og distribusjonsnett for høvesvis 1 493, 1 032 og 3 462 millionar i 2011.

Høgast straumproduksjon i Hordaland

Produksjonen av elektrisk kraft var 127,6 TWh i 2011, som er ein auke frå 2010 på 3 prosent. Medan varmekraft og vindkraft stod for høvesvis 4 og 1 prosent av samla produksjon, var delen til vasskraft 95 prosent. I 2011 vart det produsert mest elektrisitet i Hordaland. Straumproduksjonen i dette fylket utgjorde 13 prosent av total kraftproduksjon. Andre fylke med høg produksjon er Sogn og Fjordane og Nordland. Produksjonen i kvart av desse fylka utgjorde 11 prosent av total kraftproduksjon. Noreg eksporterte 14,3 TWh i 2011, medan vi importerte 11,3 TWh. Dette ga ein netto eksport på 3,0 TWh.

Lågare straumforbruk

Frå 2010 til 2011 var det ein nedgang i totalt nettoforbruk av straum på 5 prosent, og forbruket blei 114,3 TWh. Nedgangen må sjåast i samanheng med betydeleg varmare vêr i 2011. Hushald og jordbruk stod for ein tredjedel av det totale straumforbruket. Andre næringar med høg del er kraftintensiv industri (31 prosent) og tenesteyting (22 prosent).

Nedgang i elektrisitetsprisane for hushald

Den totale prisen eit hushald måtte betale for kraft, nettleige og elavgift gjekk ned frå 87,4 øre/kWh i 2010 til 84,2 øre/kWh i 2011, eksklusive meirverdiavgift. Kraftprisen, nettleige og elavgift til hushald var høvesvis 44,5, 28,8 og 10,9 øre/kWh i 2011.