8501_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/elektrisitetaar/aar
8501
Godt resultat for kraftbransjen i 2001
statistikk
2003-08-26T10:00:00.000Z
Energi og industri;Svalbard
no
elektrisitetaar, Elektrisitet, årstal, elektrisitetsproduksjon, straumforbruk, vasskraft, varmekraft, vindkraft, kraftintensiv industri, straumprisar, kraftselskap, kraftstasjonar, e-verk, resultatrekneskap, driftsrekneskap, sysselsette, ledningsnett, transformatorar, import, eksportEnergi, Energi og industri, Energi og industri, Svalbard
false

Elektrisitet, årstal2001

Statistikken publiseres fra desember 2015 sammen med Elektrisitet.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Godt resultat for kraftbransjen i 2001

Kraftbransjen fikk samla eit svært godt resultat i 2001, men det var store skilnader i driftsmarginen mellom dei ymse typane e-verk. Produksjonsverka hadde ein driftsmargin på 52,6 prosent, mens engrosverka hadde ein negativ driftsmargin på 6,1 prosent. Driftsresultatet for heile bransjen var 17,9 milliardar kroner som var ein auke på 53,6 prosent frå 2000.

Resultatregnskap for føretak i kraftsektoren. Millionar 1998-kroner

Nøkkeltal for kraftsektoren, etter type verk. 2001

Auken i straumprisane førde til høge driftsinntekter for aktørane i kraftbransjen i 2001. Driftsmarginen, som viser kor mykje driftsresultatet utgjer av driftsinntektene, var 19,7 prosent. Det er 2 prosentpoeng betre enn i 2000. Driftsmarginen til dei ulike typane e-verk syner store skilnader. Som tidlegare år hadde produksjonsverka den største driftsmarginen. Dei hadde ein driftsmargin på 52,6 prosent, medan engrosverka hadde ein negativ driftsmargin på 6,1 prosent. Overskotet for heile kraftbransjen auka med 37,9 prosent frå 2000 og blei på heile 9,3 milliardar. Total- og eigenkapitalrentabiliteten, som viser kva ei krone brukt av den totale kapitalen og eigenkapitalen gjev i avkastning, var 8 og 7,9 prosent. Det var ei betring på 2 og 1,8 prosentpoeng frå 2000. Kraftbransjen hadde god soliditet og eigenkapitalen utgjorde 47,5 prosent av totalkapitalen, som var 252 milliardar i 2001.

Prisauke

I 2001 var gjennomsnittleg kraftpris til sluttbrukar for alle forbrukargrupper 38,7 øre/kWh, som er ein auke på 12,5 prosent frå 2000. Det var inga stor endring i prisen på nettleiga. Den gjennomsnittlege prisen for nettleiga var 17 øre/kWh, som er 0,4 øre/kWh meir enn i 2000. Det er stor variasjon i nettleigeprisen for husstandane. Oslo hadde den rimelegaste nettleiga, medan Nord-Trøndelag hadde den dyraste. Nettleiga i Oslo og Nord Trøndelag var høvesvis 17,2 og 27 øre/kWh.

Forbruksavgifta på straum auka frå 8,56 øre/kWh til 11,3 øre/kWh i 2001. Den gjennomsnittlege totale straumrekninga for hushald, som består av kraftpris, nettleige og offentlege avgifter (forbruksavgift og meirverdiavgift), var 48,9 øre/kWh. Det er ein prisauke på 16,2 prosent frå 2000. Det var auken i kraftprisen og dei offentlege avgiftene som utgjorde størstedelen av denne prisauken.

Nettoforbruk av elektrisitet. 1989-2001. GWh

Innkjøp av varige driftsmidlar. 1973-2001. Millionar 1998-kroner

Auke i forbruket av straum

Totalt netto forbruk var 113,3 TWh i 2001, som var ein auke på 2,1 prosent frå 2000. Hushald og jordbruk hadde eit nettoforbruk på 38,1 TWh, som er 3,7 prosent meir enn i 2000. Forbruket i denne sektoren har auka relativt mykje dei siste 10 åra. Industrien, utanom treforedlingsindustri, hadde eit netto forbruk på 41,9 TWh i 2001, som er 1,9 prosent meir enn i 2000. Treforedling reduserte sitt netto forbruk med 17,6 prosent frå 2000. Netto forbruk i treforedling var 6,6 TWh. Tenesteytande sektor hadde eit netto forbruk på 24,7 TWh i 2001. Det er 6,4 prosent meir enn i 2000 og forbruket i sektoren har også auka relativt mykje dei siste 10 åra.

Nyttbar, utbygd og varig verna vassdrag. 1928-2002. GWh

Normal produksjon

Det blei totalt produsert 121,6 TWh i 2001, som tilnærma er berekna å vere produksjonen i eit normalår. Produksjonsbidraget frå varmekraft var 555 GWh, mens vindkraft stod for 27 GWh. Middelproduksjon i det norske kraftsystemet er berekna til 118 TWh. Gjennomsnittleg produksjon dei siste 10 åra har vore 119 TWh, der ytterpunkta var 2000 og 1996. Da var produksjonen på høvesvis 142 TWh og 104 TWh. Nordland var det fylket som produserte mest straum i 2001 og hadde ein produksjon på 14,9 TWh.

Tabeller: