6004_not-searchable
/befolkning/statistikker/adopsjon/arkiv
6004
Auke i talet på adopsjonar
statistikk
2006-06-15T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
adopsjon, Adopsjoner, utenlandsadopsjoner, stebarn, fosterbarn, landbakgrunn, adoptivforeldreBefolkning, Fødte og døde, Innvandrere, Barn, familier og husholdninger, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Adopsjoner2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Auke i talet på adopsjonar

I 2005 vart 890 barn adopterte. Dette var 100 fleire i høve til året før, men er nær gjennomsnittet for dei siste fem åra. Både talet på stebarnadopsjonar og andre adopsjonar auka samanlikna med året før.

Adopterte, unnateke stebarn. Norske og utanlandske barn. 1971-2005. Prosent

Adopsjonar frå Kina, Sør-Korea og Colombia. 1980-2005

Fire av fem av dei adopterte kom frå utlandet. Av desse kom 490 barn, to tredjedelar, frå Asia. For sjette året på rad var Kina det største adopsjonslandet med 330 barn. Til saman utgjorde barna frå Asia nær halvparten av alle utanlandsadopterte i 2005.

Fleire adopterer frå utlandet

Frå 1971 har talet på utanlandsadopterte barn stege jamt. Delen utanlandske barn i høve til norske barn har òg auka kraftig i denne perioden og har no stabilisert seg på vel 90 prosent. Årsaka til dette er først og fremst ein nedgang i talet på adopsjonar av norske barn. Stebarn er ikkje med i denne samanhengen.

Mindre vanleg å adoptere stebarn

På 1970- og 1980-talet var det mykje meir vanleg å adoptere stebarn i høve til no. På 1970-talet låg delen stebarnsadopsjonar på omkring 45 prosent, sidan har den sokki til om lag 16 prosent. Òg i absolutte tal har talet på stebarnadopsjonar minka. I perioden 1966-1970 vart 310 stebarn adopterte i gjennomsnitt per år, medan talet var på 140 stebarn gjennomsnittleg per år i tidsrommet 2001 til 2005.

Adopsjonar. 1966-2005. Absolutte tal

Stebarnadopsjonar. 1970-2005. Prosent

Flest jenter

I 2005 var to tredjedelar av alle adopterte barn jenter. I absolutte tal utgjorde dei 570, medan 320 av dei adopterte var gutar. At det vert adoptert flest jenter har samanheng med at nær alle adopterte frå Kina er jenter, som for tidlegare år.

Flest adopterte til Oslo/Akershus

Ser ein på absolutte tal kom dei fleste adopterte til Akershus (119), Hordaland (118) og Oslo (89). Nær ein fjerdedel av dei adopterte vart dermed buande i regionen Oslo og Akershus. Færrast adopsjonar hadde Finnmark (10) og Sogn og Fjordane (20).

Avvik

I motsetnad til adopsjonskontora som nyttar tal grunna i når barnet faktisk kjem til familien, byggjer Statistisk sentralbyrå (SSB) sine tal på datoen adopsjonsmeldingane frå tidlegare Barne- og familiedepartementet er handsama ferdig. Difor kan det vera avvik mellom adopsjonskontora og SSB sine tal.

Tabeller: