6006_not-searchable
/befolkning/statistikker/adopsjon/arkiv
6006
791 barn vart adopterte i 2004
statistikk
2005-06-16T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
adopsjon, Adopsjoner, utenlandsadopsjoner, stebarn, fosterbarn, landbakgrunn, adoptivforeldreBefolkning, Fødte og døde, Innvandrere, Barn, familier og husholdninger, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Adopsjoner2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

791 barn vart adopterte i 2004

I 2004 vart 791 barn adopterte. Dette var 79 færre i høve til året før. Både talet på stykbarnadopsjonar og andre adopsjonar har gått ned. Berre 101 barn vart adopterte av sine stykforeldre. Av dei hadde vel 85 prosent norsk statsborgarskap.

Adopterte, unnateke stykbarn. Norske og utanlandske barn. 1971-2004. Prosent

Adopsjonar frå Kina, Sør-Korea og Colombia. 1980-2004

For femte året på rad vart Kina det største adopsjonslandet med 269 barn. Talet på adopterte frå dette landet har likevel gått noko ned i høve til 2003. Denne tendensen synte seg for dei fleste adopsjonslanda. Berre for barn frå Filippinane, Thailand, Etiopia, Polen og Sør-Korea har talet på adopterte gått opp.

Kvart tredje barn til Oslo og Akershus

Ser ein på absolutte tal gjekk flest adopsjonar til Akershus (122), Hordaland (101) og Oslo (100). Nær 30 prosent av alle adopsjonane gjekk dermed til regionen Oslo og Akershus. Færrast adopsjonar gjekk til Nord-Trøndelag.

Nær 600 barn var under tre år då dei vart adopterte, og utgjer 75 prosent av alle adopterte i 2004. Dette var noko fleire i høve til dei siste åra, kor talet låg omkring 65-68 prosent.

Adopsjonar. 1966-2004. Absolutte tal. 1 000

Stykbarnadopsjonar. 1970-2004. Prosent

Som vanleg er det flest jenter

Nær to tredelar av alle adopterte barn i 2004 var jenter. I absolutte tal utgjorde dei 493 medan gutane sto for 298 av dei adopterte barna. At det er flest jenter kjem av at nær alle adopterte frå Kina - akkurat som tidlegare år - er jenter. Seks av ti barn har sitt opphav frå asiatiske land.

Avvik

I motsetnad til adopsjonskontora som nyttar tal grunna i når barnet faktisk kjem til familien, byggjer Statistisk sentralbyrå (SSB) sine tal på datoen adopsjonsmeldingane frå Barne- og familiedepartementet er ferdig handsama. Difor kan det vera avvik mellom adopsjonskontora og SSB sine tal.

Tabeller: