Samfunnsspeilet, 2008/4

Familieinnvandring og ekteskapsmønster

Koner frå Thailand og ektemenn frå Tyrkia

Publisert:

Stadig fleire kvinner og menn kjem til Noreg på grunn av kjærleik. Medan 1 300 personar frå land utanom Norden fekk opphald på grunnlag av ei familieetablering i 1990, var det i 2006 heile 4 500 personar som fekk opphald i Noreg av den grunn. Over 2 500 av desse kom til ein ektefelle som ikkje hadde innvandrarbakgrunn.


Artikkelen er basert på ein fersk rapport om familieinnvandring og transnasjonale ekteskapsmønster 1990-2007 (Daugstad 2008), finansiert av Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Det er truleg like mange grunnar til å flytte til Noreg frå eit anna land som det er menneske som flyttar hit. Nokre fellestrekk ser vi likevel. I perioden 1990-2006 flytta 284 000 frå land utanom Norden til Noreg og fekk opphald. Av desse etablerte 8 prosent seg med ein person som sjølv var innvandrar eller norskfødd med innvandrarforeldre. Og 10 prosent fekk opphald fordi dei skulle etablere seg i eit parforhold med ein person i befolkninga elles.

Her ser vi nærare på den største gruppa, familieetableringar der den eine av ektefellane ikkje har innvandrarbakgrunn. Familieetableringar utgjer ikkje så stor del av den totale innvandringa og påverkar dermed ikkje den totale innvandrarbefolkninga i stor grad. Men for enkelte innvandrargrupper er familieetableringar av stor betyding i Noreg.

Eit meiningsmetta tema

Familieinnvandring og ekteskapsmønster er eit tema som er svært meiningsmetta og får tidvist stor merksemd. På den eine sida er ekteskap og pardanning det mest intime og ei av dei viktigaste avgjerslene som to personar tar. På den andre sida er ekteskapet ei juridisk kontrakt mellom to partar. Og for par der den eine ektefellen ikkje er busett i Noreg, blir dette eit fenomen som ikkje lenger berre blir mellom dei to partane og dei juridiske pliktene dei har overfor kvarandre, men også ein del av innvandringspolitikken (Ot.prp. nr. 75 2006-2007).

Transnasjonale giftarmål blant norskfødde med innvandrarforeldre har særleg vore drøfta, og særleg knytt til tvang og arrangerte ekteskap. Transnasjonale giftarmål mellom menn og kvinner i befolkninga elles og ein person som ikkje bur i Noreg, er vigd mindre merksemd i den offentlege debatten om innvandring og innvandringspolitikken enn det som til dømes transnasjonale giftarmål blant innvandrarar har fått.

Dei perspektiva som kjem fram i den offentlege debatten om transnasjonale giftarmål der den eine parten er i befolkninga elles, er ofte negative, til dømes påstandar om utbytting av kvinner frå fattigare land, serieekteskap (Lidén 2005) og proforma ekteskap. Av og til møter vi enkeltpersonar i ulike media, som thailandske kvinner i Tresfjord (TV-Norge) og russiske kvinner på Byneset (Spurkland 2007), eller andre enkelthistorier i den glansa vekepressa (HENNE 2008 og KK 2008). På mange måtar fell ektefellar til menn og kvinner i befolkninga utanom den tradisjonelle tenkemåten rundt statlege program for integrering (Huitfeldt og Kavli 2004). Menn og kvinner som kjem til Noreg for å etablere seg i eit parforhold med ein norsk eller nordisk borgar, har til dømes rett og/eller plikt til 300 timar opplæring i norsk og samfunnskunnskap, men ikkje rett til deltaking i introduksjonsprogrammet for nylig innkomne utlendingar (www.imdi.no).

Datagrunnlag

Statistikk om innvandringsgrunn blant ikkje-nordiske statsborgarar i perioden 1990-2006. I tillegg tal på ekteskap registrert inngått i Noreg i perioden 1996-2006.

Sentrale omgrep

I artikkelen brukar vi omgrepet innvandrarar om dei som sjølv har innvandra til Noreg. I tillegg snakkar vi om norskfødde med innvandrarforeldre når det gjeld personar som er fødde i Noreg av to foreldre, og som har fire besteforeldre som er fødde i utlandet.

Ein person i befolkninga elles siktar til dei som ikkje er innvandrarar eller barn av to som har innvandra sjølv.

Landbakgrunn er personens eige fødeland eller fødelandet til foreldra.

Transnasjonale giftarmål

Ekteskap eller pardanning der partane er registerte som busette i ulike land når ekteskapet blir inngått. Den eine parten er busett i Noreg, medan den andre parten ikkje er folkeregistrert i Noreg.

Familieetableringar

I statistikken blir familieinnvandring delt inn i underkategoriane sameining, medfølging og etablering/utviding. Skiljet er fram til 2005 i hovudsak basert på ei vurdering av innvandraren sin eigen og ankerpersonen sin første innvandringsdato, vigseldato (der det er relevant) og registreringane i tilgjengelege datakjelder. Det vil seie at dei grenseverdiane som er brukte i klassifiseringa, er sette etter skjønn.

Ankerpersonen er den personen som innvandraren mest sannsynleg har søkt om sameining med. Fram til 2005 er ankerpersonen identifisert gjennom det befolkningsstatistiske systemet, men frå 2005 er desse opplysningane registrerte i UDI slik at ankerpersonen greitt kan identifiserast (SSB 2007).

Fleire giftar seg transnasjonalt

Stadig fleire i befolkninga elles finn kjærleiken i eit anna land, og særleg gjeld dette menn. Av alle menn i befolkninga elles som gifta seg i 1996 var det 4 prosent som gifta seg transnasjonalt. I 2007 gjaldt dette 10 prosent. Omfanget av transnasjonale giftarmål blant kvinner er ikkje av same storleiken, og har heller ikkje auka like mykje. I 1996 var talet 2 prosent blant kvinner i befolkninga elles som gifta seg. Delen hadde auka til 4 prosent i 2006. Stadig fleire menn i befolkninga elles giftar seg altså transnasjonalt, men det er ein svak nedgang i transnasjonale giftarmål både i prosent og i absolutte tal etter 2004 både for menn og kvinner.

Mange kom som ektefellar

I løpet av perioden 1990-2006 flytta 284 000 frå land utanom Norden til Noreg. Av dei skulle 51 200 etablere seg i eit parforhold. Dette tilsvarte 18 prosent av den totale innvandringa frå land utanom Norden. Familieetableringar omfattar både etableringar i ekteskap, sambuarforhold og partnarskap, men dei aller fleste kjem som ektefellar. Vi vil difor omtale dei som koner og ektemenn, sjølv om dette kan vere upresist. Resten kom på grunn av arbeid (16 prosent), utdanning (11 prosent), flukt (29 prosent) eller blei sameinte med familie i Noreg (25 prosent).

Dei fleste av dei som kom for å etablere seg i eit parforhold, 57 prosent, etablerte seg med menn og kvinner i befolkninga elles. Dette gjaldt 29 100 personar, og tilsvarte 10 prosent av alle dei ikkje-nordiske innvandringane i perioden. 22 100 personar, eller 8 prosent, kom til ein partnar med innvandrarbakgrunn. Transnasjonale giftarmål blant menn og kvinner i befolkninga elles påverka altså i større grad innvandringa enn det som transnasjonale giftarmål blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre gjorde, i perioden 1990-2006.

Stor auke – flest kvinner

Det har vore ein stor auke i transnasjonale giftarmål frå slutten av 1990-talet og fram til i dag. Sju av ti som kom for å etablere seg med nokon i befolkninga elles i løpet av perioden 1990-2006, var kvinner. (figur 1). Tala varierar noko frå år til år, men vi kan klart sjå at det har vore ein nivåauke. I 2006 var det nær 2 000 kvinner og 600 menn som kom på grunnlag av ei familieetablering med ein person i befolkninga elles. Same året kom det om lag 1 300 kvinner og 500 menn til innvandrarar og om lag 160 kvinner og menn til ein norskfødd ektefelle med innvandrarforeldre (Daugstad 2008).

Figur 1. Kvinner og menn frå land utanom Norden som kom til Noreg på grunn av ei familieetablering med ein person i befolkninga elles. 1990-2006. Absolutte tal

Figur 1. Kvinner og menn frå land utanom Norden som kom til Noreg på grunn av ei familieetablering med ein person i befolkninga elles. 1990-2006. Absolutte tal

Koner frå Thailand …

Det var flest kvinner med thailandsk, filippinsk og russisk statsborgarskap som kom på grunnlag av ei familieetablering i perioden 1990-2006. I alt utgjorde desse kvinnene 47 prosent av dei ikkje-nordiske kvinnene som innvandra til ein mann i befolkninga elles. Og det var flest koner frå Thailand. Om lag 4 900 kvinner frå Thailand kom for å etablere seg med ein i befolkninga elles (figur 2). Heile 95 prosent av thailandske kvinner som kom for å etablere seg, kom til ein mann i befolkninga elles. I tillegg kom det også om lag 2 000 barn eller anna nær familie. Det har vore ein klar auke i omfanget frå byrjinga av 1990 talet, frå årleg kring 100 til kring 600 i 2002 og seinare år. Over 70 prosent av thailandske menn etablerte seg også med nokon i befolkninga elles, men dette var av langt mindre omfang (om lag 100 i alt i den same perioden).

Frå Russland og Filippinane kom det også mange kvinner, men betydeleg færre (respektive 2 500 og 2 300 totalt). I tillegg har det også komme mange kvinner frå USA og Polen (drygt 1 000 frå begge land), og også frå Brasil (i underkant av 800). Over 90 prosent av kvinnene frå Filippinane, USA og Brasil kom til ein partnar utan innvandrarbakgrunn. Med unntak av USA er det ein klart kvinnedominert ekteskapsmigrasjon frå desse landa. Blant kvinnene med bakgrunn frå Russland og Polen var det respektive 84 og 74 prosent som etablerte seg med ein i befolkninga elles. Også frå desse landa har det komme klårt færre menn på grunnlag av ei familieetablering enn det har komme kvinner (figur 2).

Figur 2. Kvinner og menn frå utvalde land som kom på grunnlag av ei familieetablering, etter ankerpersonens innvandrerkategori. Totalt 1990-2006. Absolutte tal

Figur 2. Kvinner og menn frå utvalde land som kom på grunnlag av ei familieetablering, etter ankerpersonens innvandrerkategori. Totalt 1990-2006. Absolutte tal

… ektemenn frå USA og Tyrkia

Det kom flest ektemenn frå USA og Tyrkia i perioden 1990-2006 (drygt 1 000 frå begge). I alt hadde 12 prosent av dei ikkje-nordiske mannlege ektefellane bakgrunn frå USA, og ein like stor del hadde bakgrunn frå Tyrkia. Men desse to gruppene har temmeleg ulike migrasjonsmønster elles. Heile 94 prosent av ektemennene frå USA kom til nokon i befolkninga elles. Til samanlikning gjaldt dette 55 prosent av dei tyrkiske ektemennene, der resten kom til ein ektefelle med innvandrarbakgrunn. Blant tyrkiske kvinner var det svært få som kom til ein ektefelle i befolkninga elles (10 prosent), mens det motsette er tilfelle for kvinner frå USA (93 prosent). Her ser vi altså klare kjønnsskilnader i migrasjonsmønstra. Frå USA er det like mange kvinner som menn som har komme til parforhold, men her har det ikkje vore ein tilsvarande auke i perioden som for til dømes Filippinane, Russland og Brasil.

Dei andre store gruppene er menn med bakgrunn frå Storbritannia (om lag 800), der 94 prosent kom til ei kvinne i befolkninga elles. Det same gjaldt over 500 marokkanske menn. Marokkanarar har eit mønster som liknar det vi ser blant dei tyrkiske innvandrarane. Blant marokkanske menn var det 64 prosent som kom til ei ektefelle i befolkninga elles, medan dette gjaldt 15 prosent av dei marokkanske kvinnene.

Det har også komme mange pakistanske menn og kvinner for å etablere seg i Noreg (2 160 kvinner og 1 680 menn). Men blant desse var det totalt berre 4 prosent som etablerte seg med menn og kvinner i befolkninga elles (Daugstad 2008).

Europearar kjem til menn og kvinner i befolkninga elles

Flest av dei som kjem frå europeiske land for å etablere seg i Noreg, startar familie med menn og kvinner i befolkninga elles. Dette gjeld både dei som kjem frå Storbritannia (83 prosent), Romania (81 prosent), Litauen (80 prosent), Nederland (79 prosent), Tyskland (77 prosent) og Polen (71 prosent). I tillegg er det er mange i befolkninga elles som giftar seg med nordiske ektefellar (Daugstad 2008).

Det har ikkje vore ein markert auke i omfanget av etableringar frå europeiske land som Storbritannia og Tyskland. Derimot har det vore ein klar nedgang frå 1990 til 2006 blant dei med bakgrunn frå Polen, frå 100 personar i 1990 til under 40 i 2006. Opninga av grensene for utvandring frå dei austeuropeiske landa generelt og særleg innvandring frå desse landa til Noreg, spelar truleg ein viktig rolle for denne nedgangen.

Figur 3. Delen som familieinnvandring utgjer av den totale innvandringa frå enkelte land i perioden 1990-2006, fordelt etter familieetableringar og sameining/medfølging

Figur 3. Delen som familieinnvandring utgjer av den totale innvandringa frå enkelte land i perioden 1990-2006, fordelt etter familieetableringar og sameining/medfølging


Viktigast for enkelte grupper

Sjølv om familieetableringar ikkje er det som påverkar innvandringa sett under eitt i størst grad, er dette langt på veg den viktigaste innvandringsgrunnen for nokre innvandrargrupper. Dette gjeld særleg dei frå Thailand, Marokko, Tyrkia og Pakistan, der mellom 63 og 52 prosent av dei som innvandra i perioden 1990-2006, fekk opphald på grunnlag av ei familieetablering (figur 3). Også for innvandringa frå Brasil har 48 prosent komme for å etablere seg i eit parforhold i denne perioden, og frå Filippinane var det 40 prosent.

Migrasjonen frå desse landa til Noreg har altså sidan 1990 vore stekt prega av at folk kjem for å etablere seg med ein person som er busett i Noreg. Men medan til dømes pakistanske menn og kvinner primært kom til andre innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre, finn vi eit heilt anna mønster blant migrasjonsmønsteret til tyrkarar og marokkanarar. Det er altså berre for nokre få land at familieetableringar er den viktigaste innvandringsgrunnen og i størst grad påverkar samansetnaden i desse gruppene i Noreg. I andre grupper er det flukt, arbeid og utdanning som er den viktigaste årsaka til at dei har innvandra til Noreg.

Ein global ekteskapsmarknad

Det har vore ein klar auke i transnasjonale ekteskap frå 1990-talet og fram til i dag. Kvifor det har vore slik, kan vi ikkje gi eit godt svar på her. Det er nærliggjande å trekke fram at vi stadig reiser meir, oftare og lengre, og det har blitt ein stadig større tilgang på billigare feirereiser. Vi reiser også meir i studiar og i jobb.

Ekteskapsmarknaden blir altså meir global, som andre samfunnsområde er blitt meir globale. Men også kontakten gjennom tidlegare innvandra ektefellar, andres erfaringar frå tilsvarande parforhold kan ha mykje å seie. Slike erfaringar og nettverk kan truleg bety mykje for ekteskapsmigrasjonen frå enkelte land. I tillegg har framveksten av treffstader på Internett vore enorm i denne perioden.

Referansar

Daugstad, Gunnlaug (2008): Transnasjonale giftarmål. Omfang og endring i transnasjonale giftarmål og familieetablerignar over grensene i perioden 1990-2007, Rapporter 2008/xx, Statistisk sentralbyrå.

HENNE (2008): «Kjærlighet over landegrensene», i nr. 4/2008.

Huitfeldt, Anniken og Hanne Cecilie Kavli (2004): Det globale ekteskapsmarkedet. Ekteskap mellom norske menn og utenlandske kvinner – kunnskapsstatus og kunnskapsbehov, Fafo-notat 2004:23, Oslo: Fafo.

KK (2008): «Grenser for kjærlighet», i nr. 3/2008.

Lidén, Hilde (2005): Transnasjonale serieekteskap. Art, omfang og kompleksitet. Rapport 2005:11, Oslo: Institutt for samfunnsforskning.

Lie, Benedicte (2004): Ekteskapsmønstre i det flerkuturelle Norge, Rapporter 2004/1, Statistisk sentralbyrå

Ot.prp. nr 75 (2006-2007): Om lov om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingsloven), Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Spurkland, Marte (2007): Skjebnereisen. En norsk-russisk kjærlighetshistorie, Damm forlag, Oslo

SSB (2007): Innvandrerbefolkningen, etter innvandringsgrunn, 1. januar 2007, Statistisk sentralbyrå, http://www.ssb.no/emner/02/01/10/innvgrunn/

TV-Norge: http://www.tvnorge.no/programportaler/et_lite_stykke_thailand

www.imdi.no, IMDI.

Kontakt