215297_not-searchable
/bank-og-finansmarked/statistikker/obligasjoner/kvartal
215297
Fall i kroneverdien ga meir verdipapirgjeld
statistikk
2015-11-12T10:00:00.000Z
Bank og finansmarked
no
obligasjoner, Obligasjonar og sertifikat, emisjonar, obligasjonsgjeld, sertifikatgjeld, verdipapirlånVerdipapirmarkeder, Bank og finansmarked
false
Tallene gir en oversikt over utviklingen i obligasjons- og sertifikatmarkedet i Norge samt for obligasjoner og sertifikat som norske låntakere har emittert i utlandet.

Obligasjonar og sertifikat3. kvartal 2015

Statistikken Obligasjonar og sertifikat er frå mai 2016 slått saman med statistikken Verdipapirer registrert i VPS til ein ny statistikk, Verdipapirer

Innføring av ny sektorgruppering har ført til brot i statistikken. Nye tabellar inneheld tal frå og med mars 2012.

Innhald

Publisert:

Oppdatert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fall i kroneverdien ga meir verdipapirgjeld

I 3. kvartal 2015 emitterte innlendingar lite obligasjonar og sertifikat, både i og utafor Noreg. Likevel voks obligasjons- og sertifikatgjelda til innlendingane med heile 10 prosent samanlikna med 3. kvartal året før, noko som kjem av eit sterkt fall i kronekursen i perioden.

Bruttoemisjonar av obligasjonar og sertifikat. Talet på emisjonar og pålydande verdi av emisjonane i millionar kroner.
Obligasjonar emitterte i NoregObligasjonar emitterte i NoregSertifikat emitterte i NoregSertifikat emitterte i NoregVerdipapirlån emitterte i utlandetVerdipapirlån emitterte i utlandet
TaletBeløpTaletBeløpTaletBeløp
Rettet 30. november 2015.
 
September 20159128 63312937 4736767 068
August 20156320 7237917 1028936 658
Juli 20153712 678477 6516547 016
Juni 201510137 5729636 5068737 632
Mai 20158335 2308418 1409663 971
April 20156622 4887718 3836760 003
Mars 20159047 60612035 61512573 636
Februar 20157032 5108417 14710189 554
Januar 20156729 5188024 4379568 900
Desember 20146620 3108426 4625821 124
November 20149126 6349717 7827675 737
Oktober 20147032 2368515 20511268 205
September 201410432 26610735 82111983 620

Ved utgangen av 3. kvartal 2015 var den samla pålydande verdien av gjelda som skriv seg frå obligasjonar og sertifikat emitterte i Noreg, på 1 902 milliardar kroner. Dette er ein vekst i innanlandsgjelda på 2 prosent rekna frå det same tidspunktet året før. 8 prosent av gjelda kjem frå lån i utanlandsk valuta. Ein del av gjeldsveksten kjem av at lån auker som følgje av eit fall i kronekursen.

Fallande kronekurs ga sterk vekst i verdipapirgjeld

86 prosent av gjelda frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte innanlands, var registrert på norske låntakarar ved utgangen av september 2015. Norske låntakarar hadde i tillegg ei gjeld på 1 802 milliardar kroner1 frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte i utlandet. Dette inneber ein auke på heile 19 prosent1 samanlikna med utgangen av september eitt år tidlegare. Mens ein dominerande del obligasjons- og sertifikatlån i Noreg blir teken opp i norske kroner, så blir låna som innlendingar har i utlandet tekne opp i euro, amerikanske dollar, britiske pund, japanske yen og i nokre tilfelle annan valuta. Frå september 2014 og til og med 3. kvartal 2015 har kronekursen svekka seg betydeleg i høve til desse valutaene. Det slo kraftig ut for gjelda som innlendingar har frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte i utlandet. Trass lite nye lån og store avdrag førte fall i kronekursen til at gjelda frå emisjonar av obligasjonar og sertifikat som norske einingar har i Noreg og utlandet, samla gjekk opp med 10 prosent.

Finansielle føretak med størst innanlandsk verdipapirgjeld

Finansielle føretak hadde som tidlegare den største delen av gjelda innanlands, det vil seie 42 prosent. Offentleg forvaltning hadde nest mest gjeld med 29 prosent. Marknadsverdien på gjelda frå obligasjonar som er emitterte i Noreg, låg i snitt 2,7 prosent over pålydande verdi. Marknadsverdien på gjelda for sertifikat som er emitterte i Noreg, var derimot 0,4 prosent under den pålydande verdien.

Moderate emisjonsvolum i 3. kvartal 2015

Det vart registrert 191 emisjonar av obligasjonar og 256 emisjonar av sertifikat pålydande til saman 124 milliardar kroner i Noreg i 3. kvartal 2015. Volumet på låna som vart tekne opp i Noreg, var like stort for obligasjonar som for sertifikat.

Talet og beløpet på emisjonane innanlands var høvesvis 7 prosent og 9 prosent mindre i 3. kvartal 2015 enn i same kvartal året før. Det kjem av at offentleg forvaltning og andre finansielle føretak enn bankar tok opp mindre nye lån. I 3. kvartal i 2015 vart det òg registrert 221 emisjonar av obligasjonar og sertifikat som var utførte utanfor Noreg av norske einingar. Den samla verdien på desse emisjonane var 151 milliardar kroner. Talet for emisjonane utanfor Noreg var høvesvis 18 prosent mindre i 3. kvartal 2015 enn eitt år tidlegare, men beløpet var 2 prosent større.1

Offentleg forvaltning har størst emisjonsvolum innanlands

Offentleg forvaltning sto for 46 prosent av emisjonsvolumet innanlands i 3. kvartal 2015 mot 49 prosent i 3. kvartal 2014. Finansielle føretak tok opp 31 prosent av låna mot 28 prosent eitt år tidlegare. Utlendingar og private føretak sine delar av emisjonsvolumet i 3. kvartal 2015 var om lag uendra frå året før.

Offentleg forvaltning auka sin del av emisjonsvolumet i utlandet

Offentleg forvaltning sto for 15 prosent av norske einingar sitt lånevolum i utlandet i 3. kvartal 2015, mot 9 prosent eitt år tidlegare. Bankar sto for 68 prosent av lånevolumet, mot 74 prosent året før, mens andre finansielle føretak sin del av emisjonsvolumet var uendra.

1 Som ein følgje av manglande valutakurs, har tal for emisjonar og gjeld frå innlendingar sine verdipapirlån i utlandet vori oppdaterte frå og med 2. kvartal i publiseringa for 3. kvartal 2015.

Statistikken oppdatert frå og med 2012Åpne og lesLukk

Statistikk for 3. kvartal 2015 har med nye opplysningar om obligasjonar og sertifikat som har vore emitterte i utlandet og rapporterte i ettertid. Statistikken er oppdatert med dei nye opplysningane frå og med 2012.