215293_not-searchable
/bank-og-finansmarked/statistikker/obligasjoner/kvartal
215293
Meir verdipapirgjeld trass lite nye lån
statistikk
2015-08-13T10:00:00.000Z
Bank og finansmarked
no
obligasjoner, Obligasjonar og sertifikat, emisjonar, obligasjonsgjeld, sertifikatgjeld, verdipapirlånVerdipapirmarkeder, Bank og finansmarked
false
Utvikling i obligasjons- og sertifikatmarkedet i Norge og norske låntakeres emisjoner i utlandet. Gjeldsvekst på grunn av fall i kronekursen i 2. kvartal 2015.

Obligasjonar og sertifikat2. kvartal 2015

Statistikken Obligasjonar og sertifikat er frå mai 2016 slått saman med statistikken Verdipapirer registrert i VPS til ein ny statistikk, Verdipapirer

Innføring av ny sektorgruppering har ført til brot i statistikken. Nye tabellar inneheld tal frå og med mars 2012.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Meir verdipapirgjeld trass lite nye lån

I 2. kvartal 2015 emitterte innlendingar lite obligasjonar og sertifikat, både i Noreg og utanlands. Likevel voks obligasjons- og serfikatgjelda til innlendingane med 5 prosent samanlikna med 2. kvartal året før. Gjeldsveksten er eit resultat av fall i kronekursen.

Bruttoemisjonar av obligasjonar og sertifikat. Talet på emisjonar og pålydande verdi av emisjonane i millionar kroner.
Obligasjonar emitterte i NoregObligasjonar emitterte i NoregSertifikat emitterte i NoregSertifikat emitterte i NoregVerdipapirlån emitterte i utlandetVerdipapirlån emitterte i utlandet
TaletBeløpTaletBeløpTaletBeløp
 
Juni 201510137 5729636 5068033 576
Mai 20158335 2308418 1409663 971
April 20156622 4887718 3836653 685
Mars 20159047 60612035 61512467 757
Februar 20157032 5108417 14710189 554
Januar 20156729 5188024 4379568 900
Desember 20146620 3108426 4625720 221
November 20149126 6349717 7827675 737
Oktober 20147032 2368515 20511167 786
September 201410432 26610735 82111883 458
August 20146622 59810421 0497432 893
Juli 20144216 972568 2407531 287
Juni 201410143 1989734 7588238 995

Ved utgangen av 2. kvartal 2015 var den samla pålydande verdien av gjelda som skriv seg frå obligasjonar og sertifikat emitterte i Noreg, på 1 871 milliardar kroner. Dette er ein vekst i innanlandsgjelda på 0,8 prosent rekna frå det same tidspunktet året før.

Om lag 7 prosent av den innanlandske gjelda kjem frå lån i utanlandsk valuta. Gjeldsveksten kjem av ein auke i slike lån som følgje av eit fall i kronekursen. Som tidligare hadde finansielle føretak den største delen av gjelda innanlands, med 42 prosent. Offentleg forvaltning hadde nest mest gjeld med 29 prosent.

Marknadsverdien på gjelda frå obligasjonar som er emitterte i Noreg låg i snitt 3,1 prosent over pålydande verdi. Marknadsverdien på gjelda for sertifikat som er emitterte i Noreg, var derimot 0,3 prosent under den pålydande verdien.

Fallande kronekurs ga meir verdipapirgjeld

87 prosent av gjelda frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte innanlands, var registrert på norske låntakarar ved utgangen av juni 2015. Norske låntakarar hadde i tillegg ei gjeld på 1 649 milliardar kroner frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte i utlandet. Dette inneber ein auke på 9 prosent samanlikna med utgangen av juni eitt år tidlegare.

Ein dominerande del av obligasjons- og sertifikatlån i Noreg blir teken opp i norske kroner.Låna som innlendingar tek opp i utlandet blir derimot tekne opp i euro, amerikanske dollar, japanske yen og i nokre tilfelle annan valuta. Frå juni 2014 til juni 2015 svekka kronekursen seg betydeleg i høve til fleire valutaer. Det slo særleg ut for gjelda som innlendingar har i amerikanske dollar, euro, britiske pund og yen. Trass lite nye lån og store avdrag førte fallet i kronekursen til at gjelda frå obligasjonar og sertifikat som norske einingar har emittert i Noreg og utlandet, samla gjekk opp med om lag 5 prosent.

Moderate emisjonsvolum i 2. kvartal 2015

Det vart registrert 250 emisjonar av obligasjonar og 257 emisjonar av sertifikat pålydande til saman 168 milliardar kroner i Noreg i 2. kvartal 2015. Volumet på låna som vart tekne opp i Noreg var størst for obligasjonar: 95 milliardar kroner.

Frå 2. kvartal 2014 til 2. kvartal 2015 gjekk talet og beløpet på emisjonar i Noreg ned med høvesvis 8 og 13 prosent. Det kjem av mindre nye lån i alle låntakarsektorar unntatt offentleg forvaltning.I 2. kvartal 2015 vart det òg registrert 242 emisjonar av obligasjonar og sertifikat som var utførte utanfor Noreg av norske einingar. Den samla verdien på desse emisjonane var 151 milliardar kroner. Talet og beløpet for emisjonane utanfor Noreg var høvesvis 17 prosent og 3 prosent mindre i 2. kvartal 2015 enn eitt år tidlegare.

Offentleg forvaltning auka sin del av emisjonsvolumet innanlands

Offentleg forvaltning sto for 44 prosent av lånevolumet innanlands i 2. kvartal 2015, mot 39 prosent i same kvartal året før. Utlendingar tok opp mindre lån enn før, og sto for 9 prosent av lånevolumet innanlands i 2. kvartal 2015, mot 11 prosent av volumet eitt år tidlegare. Bankar hadde òg mindre del av låna mens andre finansielle føretak hadde tilsvarande større del.

Stabil fordeling av norske einingar sine emisjonsvolum i utlandet.

Bankane sto for 49 prosent av lånevolumet som norske einingar tok opp utanlands i 2. kvartal 2015, mot 58 prosent i same kvartal eitt år tidlegare. Andre finansielle føretak sto for 29 prosent av lånevolumet, mot 26 prosent året før. Statleg eide føretak sto for 23 prosent av lånevolumet i 2. kvartal 2015, mot 24 prosent eitt år tidlegare.