190261_not-searchable
/bank-og-finansmarked/statistikker/obligasjoner/kvartal
190261
Mindre gjeld i Noreg, men meir i utlandet
statistikk
2014-11-13T10:00:00.000Z
Bank og finansmarked
no
obligasjoner, Obligasjonar og sertifikat, emisjonar, obligasjonsgjeld, sertifikatgjeld, verdipapirlånVerdipapirmarkeder, Bank og finansmarked
false
Tallene gir en oversikt over utviklingen i obligasjons- og sertifikatmarkedet i Norge samt for obligasjoner og sertifikat som norske låntakere har emittert i utlandet.

Obligasjonar og sertifikat3. kvartal 2014

Statistikken Obligasjonar og sertifikat er frå mai 2016 slått saman med statistikken Verdipapirer registrert i VPS til ein ny statistikk, Verdipapirer

Innføring av ny sektorgruppering har ført til brot i statistikken. Nye tabellar inneheld tal frå og med mars 2012.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Mindre gjeld i Noreg, men meir i utlandet

I 3. kvartal 2014 vart det registrert få nye obligasjonar og særs få sertifikat i Noreg. Dette er ei følgje av at statskassevekslar ikkje lenger vert bytte mot obligasjonar med førerett. Mykje lån i utlandet har likevel ført til ein vekst i innlendingane si obligasjons- og sertifikatgjeld.

Bruttoemisjonar av obligasjonar og sertifikat. Talet på emisjonar og pålydande verdi av emisjonane i millionar kroner.
Obligasjonar utferda i NoregSertifikat utferda i NoregVerdipapirlån utferda i utlandet
TaletBeløpTaletBeløpTaletBeløp
 
September 201410432 26610735 82111883 458
August 20146622 59810421 0497432 893
Juli 20144016 967588 2447531 287
Juni 201410143 1989734 7588238 995
Mai 201410248 4618719 05210452 774
April 20147730 6878816 77710763 632
Mars 201410457 3638131 01714179 478
Februar 20149234 9598916 69613960 375
Januar 201411146 10710020 43414782 042
Desember 201311130 4937254 4586325 324
November 201310435 7138616 566111111 814
Oktober 20138733 8958219 15714073 723
September 201310632 1139478 53915892 419

Det vart registrert 210 emisjonar av obligasjonar og 269 emisjonar av sertifikat pålydande til saman 137 milliardar kroner i Noreg i 3. kvartal 2014. Ein betydeleg del av lånevolumet, 7 prosent, refererte til utlendingar, mot 4 prosent i 3. kvartal 2013. Volumet på låna som vart tekne opp i Noreg, var størst for obligasjonar: 72 milliardar kroner.

Frå 3. kvartal 2013 til 3. kvartal 2014 gjekk talet på emisjonar i Noreg opp 13 prosent, medan beløpet vart redusert med 22 prosent. I den same perioden vart det registrert 267 emisjonar av obligasjonar og sertifikat som var utførte av norske einingar utanfor Noreg. Den samla verdien på desse emisjonane var 148 milliardar kroner. Talet på, og det samla beløpet for, emisjonane utanfor Noreg var høvesvis 41 prosent og 34 prosent mindre i 3. kvartal 2014 enn i same kvartal året før.

Offentleg forvaltning tek opp mindre lån enn tidlegare

Offentleg forvaltning tek framleis opp betydelege lån i Noreg, men langt mindre enn tidlegare. Samla sto stats- og trygdeforvaltninga samt kommuneforvaltninga for 49 prosent av emisjonsvolumet i Noreg i 3. kvartal 2014, mot 67 prosent i same kvartal året før. Dette kjem av at ordninga med å bytte statskassevekslar mot obligasjonar med førerett, som ga betydelege volum, vart avslutta i juni i år. Finansielle føretak sto for 28 prosent av lånevolumet i Noreg, mot 17 prosent av volumet eitt år tidlegare. Dei ikkje-finansielle føretaka hadde teke opp 16 prosent av lånevolumet i 3. kvartal 2014, mot 12 prosent i 3. kvartal året før.

Finansielle føretak tek opp mest lån i utlandet

Som tidlegare sto finansielle føretak for den dominerande delen av emisjonane av obligasjonar og sertifikat i utlandet i 3. kvartal 2014. Heile 91 prosent av det samla lånebeløpet vart emittert av norske bankar og kredittføretak. Resten vart emittert av offentleg kontrollerte føretak.

Nedgang i innanlandsgjelda

Den samla pålydande verdien av gjelda som skriv seg frå obligasjonar og sertifikat emitterte i Noreg, var på 1 865 milliardar kroner ved utgangen av 3. kvartal 2014. Dette er ein nedgang i innanlandsgjelda på om lag 0,5 prosent frå det same tidspunktet året før. Finansielle føretak hadde som tidlegare mest gjeld, det vil seie 43 prosent i 3. kvartal 2014. Offentleg forvaltning hadde nest mest gjeld, med 28 prosent. Marknadsverdien på gjelda frå obligasjonar som er emitterte i Noreg, var relativt høg og låg i snitt 2,8 prosent over pålydande verdi. Marknadsverdien på gjelda for slike sertifikat var derimot 0,4 prosent under den pålydande verdien.

1 611 milliardar kroner av gjelda frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte innanlands, var registrert på norske låntakarar ved utgangen av september 2014. Det utgjorde 86 prosent og var ein nedgang frå 88 prosent ved utgangen av september året før. Norske låntakarar hadde i tillegg ei gjeld på 1 503 milliardar kroner frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte i utlandet. Samla gjeld ved utgangen av september 2014 var dermed 3 114 milliardar kroner.

Vekst i obligasjons- og sertifikatgjeld for norske einingar i utlandet

Nesten alle lån i Noreg blir tekne opp i norske kroner, medan låna som innlendingar tar opp i utlandet, blir tekne opp i euro, amerikanske dollar, japanske yen og i nokre tilfelle annan valuta. Frå september 2013 til september 2014 svekka kronekursen seg særleg mot dollar og britiske pund. Dette, saman med ein moderat vekst i volumet for emisjonar utanfor Noreg, førte til at gjelda frå emisjonar av obligasjonar og sertifikat som norske einingar har i Noreg og utlandet, samla gjekk opp med om lag 1 prosent.