148471_not-searchable
/bank-og-finansmarked/statistikker/obligasjoner/kvartal
148471
Moderate emisjonsvolum, men gjelda veks
statistikk
2014-02-13T10:00:00.000Z
Bank og finansmarked
no
obligasjoner, Obligasjonar og sertifikat, emisjonar, obligasjonsgjeld, sertifikatgjeld, verdipapirlånVerdipapirmarkeder, Bank og finansmarked
false

Obligasjonar og sertifikat4. kvartal 2013

Statistikken Obligasjonar og sertifikat er frå mai 2016 slått saman med statistikken Verdipapirer registrert i VPS til ein ny statistikk, Verdipapirer

Innføring av ny sektorgruppering har ført til brot i statistikken. Nye tabellar inneheld tal frå og med mars 2012.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Moderate emisjonsvolum, men gjelda veks

I 4. kvartal 2013 vart det registrert betydeleg mindre nye obligasjonar og sertifikat i Noreg enn i 4. kvartal året før. Fleire lån i utlandet og moderate nedbetalingar førte likevel til ein vekst på 5 prosent i obligasjons- og sertifikatgjelda til innlendingane.

Bruttoemisjonar av obligasjonar og sertifikat. Talet på emisjonar og pålydande verdi av emisjonane i millionar kroner.
Obligasjonar utferda i NoregSertifikat utferda i NoregVerdipapirlån utferda i utlandet
TaletBeløpTaletBeløpTaletBeløp
 
Desember 201311130 4937254 4586325 324
November 201310435 7138616 566111111 814
Oktober 20138733 8958219 15713872 682
September 201310632 1139478 53915792 262
August 20135618 3808417 90015367 888
Juli 20133616 7584912 90213864 318
Juni 201310031 0099970 34313461 418
Mai 20139846 8399021 0479787 116
April 20138837 8007422 74411957 770
Mars 20139434 02511080 02512473 116
Februar 201310131 6738617 10413364 054
Januar 201310358 7268518 04713689 954
Desember 20129124 9987091 8288437 738

Det vart registrert 302 emisjonar av obligasjonar og 240 emisjonar av sertifikat pålydande til saman 190 milliardar kroner i Noreg i 4. kvartal 2013. 91 prosent av lånevolumet vart teke opp av innlendingar. Volumet på låna som vart tekne opp i Noreg, var størst for obligasjonar. Rekna frå 4. kvartal 2012 var talet for emisjonar om lag uendra, mens beløpet vart redusert med 17 prosent. I den same perioden vart det registrert 312 emisjonar av obligasjonar og sertifikat som var utførte av norske einingar utanfor Noreg. Den samla verdien på desse emisjonane var 210 milliardar kroner. Talet og beløpet på emisjonane gjekk opp med høvesvis 6 prosent og 14 prosent frå 4. kvartal 2012 til 4. kvartal 2013.

Offentleg forvaltning tok opp mindre lån, mens andre låntakarar tok opp meir

Offentleg forvaltning er framleis dominerande, men tar opp ein mindre del av verdipapirlåna innanlands enn tidlegare. Samla stod stats- og trygdeforvaltninga og kommuneforvaltninga for 48 prosent av emisjonsvolumet i Noreg i 4. kvartal 2013, mot 60 prosent i det same kvartalet året før. Dette kjem av mindre utskiftingar enn tidlegare av statskassevekslar i bytte mot obligasjonar med førerett . Finansielle føretak stod for i underkant av 28 prosent av lånevolumet. Dette er ein auke på 11 prosent samanlikna med volumet i 4. kvartal året før. Ikkje-finansielle føretak stod for om lag 16 prosent av lånevolumet, medan utlendingar hadde dei resterande 9 prosenta.

Finansielle føretak stod for den største delen av emisjonane av obligasjonar og sertifikat i utlandet i 4. kvartal 2013. 59 prosent av det samla lånebeløpet vart emittert av norske bankar og kredittføretak.

Vekst i obligasjons- og sertifikatgjeld teken opp av norske einingar

Den samla pålydande verdien av gjelda som skriv seg frå obligasjonar og sertifikat emitterte i Noreg, var på 1 873 milliardar kroner ved utgangen av 4. kvartal 2013. Dette er ein vekst i gjelda innanlands på vel 4 prosent frå utgangen av 4. kvartal året før. Finansielle føretak hadde som tidlegare mest gjeld, det vil seie 45 prosent i 4. kvartal 2013. Offentleg forvaltning hadde nest mest gjeld, med 29 prosent. Marknadsverdien på gjelda frå obligasjonar som er emitterte i Noreg, låg i snitt 1,5 prosent over pålydande verdi. Marknadsverdien på gjelda for slike sertifikat var derimot 0,4 prosent under den pålydande verdien.

1 642 milliardar kroner av gjelda frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte innanlands, var registrerte på norske låntakarar ved utgangen av 4. kvartal 2013. Det utgjorde 88 prosent og var ein liten nedgang frå 89 prosent ved utgangen av 4. kvartal året før. Norske låntakarar hadde i tillegg ei gjeld frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte i utlandet på 1 469 milliardar kroner, slik at samla gjeld ved utgangen av 2013 var på 3 111 milliardar kroner. Samanlikna med utgangen av 2012 gjekk gjelda frå emisjonar av obligasjonar og sertifikat til norske einingar i Noreg og utlandet opp med vel 5 prosent.

Statistikken oppdatert frå og med 2012Åpne og lesLukk

Statistikk for 4. kvartal 2013 har med nye opplysningar om obligasjonar og sertifikat som har vore emitterte i utlandet og rapporterte i ettertid. Statistikken er oppdatert med dei nye opplysningane frå og med 2012.