140805_not-searchable
/bank-og-finansmarked/statistikker/obligasjoner/kvartal
140805
Mindre nye lån i Noreg, men gjelda veks
statistikk
2013-11-13T10:00:00.000Z
Bank og finansmarked
no
obligasjoner, Obligasjonar og sertifikat, emisjonar, obligasjonsgjeld, sertifikatgjeld, verdipapirlånVerdipapirmarkeder, Bank og finansmarked
false

Obligasjonar og sertifikat3. kvartal 2013

Statistikken Obligasjonar og sertifikat er frå mai 2016 slått saman med statistikken Verdipapirer registrert i VPS til ein ny statistikk, Verdipapirer

Innføring av ny sektorgruppering har ført til brot i statistikken. Nye tabellar inneheld tal frå og med mars 2012.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Mindre nye lån i Noreg, men gjelda veks

I 3. kvartal 2013 vart det registrert betydeleg mindre volum av nye obligasjonar og sertifikat i Noreg enn i 3. kvartal året før. Store låneopptak i utlandet og moderate nedbetalingar førte likevel til ein auke på 4 prosent i innlendingar sin obligasjons- og sertifikatgjeld i same perioden.

Bruttoemisjonar av obligasjonar og sertifikat. Talet på emisjonar og pålydande verdi av emisjonane i millionar kroner.
Obligasjonar utferda i NoregSertifikat utferda i NoregVerdipapirlån utferda i utlandet
TaletBeløpTaletBeløpTaletBeløp
 
September 201310632 1139478 53915692 221
August 20135618 3808417 90014766 304
Juli 20133616 7584912 90213663 803
Juni 201310031 0099970 34313461 418
Mai 20139846 8399021 0479586 663
April 20138837 8007422 74411556 820
Mars 20139434 02511080 02512172 296
Februar 201310131 6738617 10413162 881
Januar 201310358 7268518 04713488 900
Desember 20129124 9987091 8288437 738
November 201212338 54510321 17910190 567
Oktober 20127531 9078721 22810956 235
September 201210834 86711485 78010148 989

Det vart registrert 198 emisjonar av obligasjonar og 227 emisjonar av sertifikat pålydande til saman 177 milliardar kroner i Noreg i 3. kvartal 2013. Lånevoluma var størst for sertifikat. Rekna frå 3. kvartal 2012 gjekk det samla talet og beløpet for emisjonar ned med 23 prosent. Om lag 96 prosent av lånevolumet, 169 milliardar kroner, vart teke opp av innlendingar i 3. kvartal 2013. I den same perioden vart det registrert 439 emisjonar av obligasjonar og sertifikat som var utførte av norske einingar utafor Noreg. Den samla verdien på emisjonane var 222 milliardar kroner. Talet på emisjonane gjekk opp med 3 prosent, mens beløpet vart redusert med den same prosenten frå 3. kvartal 2012 til 3. kvartal 2013.

Offentleg forvaltning tok opp meir lån, mens andre låntakarar tok opp mindre

Offentleg forvaltning er dominerande i lånemarknaden innalands, og sto for heile 67 prosent av emisjonsvolumet i Noreg i 3. kvartal 2013. Dette svarar til 118 milliardar kroner, ein vekst i lånevolumet på 5 prosent samanlikna med 3. kvartal året før. Finansielle føretak sto for 17 prosent, eller 31 milliardar kroner, av lånevolumet. Dette er ein nedgang på 25 prosent samanlikna med volumet i 3. kvartal året før. Ikkje-finansielle føretak sto for 12 prosent, noko som svarar til 21 milliardar kroner. Dette er ein nedgang i lånevolumet på 11 prosent samanlikna med 3. kvartal 2012.

Finansielle føretak sto som tidlegare for den dominerande delen av emisjonar av obligasjonar og sertifikat i utlandet i 3. kvartal 2013. 85 prosent av det samla lånebeløpet, eller 189 milliardar kroner, vart emittert av norske bankar og kredittføretak.

Vekst i obligasjons- og sertifikatgjeld teken opp av norske einingar

Den samla pålydande verdien av gjelda som skriv seg frå obligasjonar og sertifikat emitterte i Noreg, var på 1 874 milliardar kroner ved utgangen av 3. kvartal 2013. Dette er ein vekst i gjelda innalands på vel 6 prosent frå utgangen av 3. kvartal året før. Finansielle føretak hadde mest gjeld, det vil seie 46 prosent, eller 861 milliardar kroner i 3. kvartal 2013. Offentleg forvaltning hadde nest mest gjeld, med 29 prosent, eller 547 milliardar kroner. Marknadsverdien på gjelda frå obligasjonar som er emitterte i Noreg, låg i snitt 1,75 prosent over pålydande verdi. Marknadsverdien på gjelda for slike sertifikat var derimot 0,5 prosent under den pålydande verdien.

88 prosent, eller 1 657 milliardar kroner av gjelda frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte innalands, var registrert på norske låntakarar i 3. kvartal 2013, mot 90 prosent, eller 1 582 milliardar kroner, i 3. kvartal året før. Norske låntakarar hadde i tillegg ei gjeld frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte i utlandet på 1 373 milliardar kroner, slik at samla gjeld ved utgangen av 3. kvartal 2013 var på 3 030 milliardar kroner. Samanlikna med 3. kvartal året før gjekk gjelda frå emisjonar av obligasjonar og sertifikat som er emitterte av norske einingar i Noreg og utlandet, opp med nesten 4 prosent.

Nesten alle lån i Noreg blir tekne opp i norske kroner, mens dei fleste låna i utlandet blir tekne opp i annan valuta, anten euro, amerikanske dollar, britiske pund eller japanske yen. Om lag 43 prosent av gjelda som norske einingar har innalands og 29 prosent av gjelda som dei har utafor Noreg, har ein attverande løpetid på to år eller mindre.