92661_not-searchable
/bank-og-finansmarked/statistikker/obligasjoner/kvartal
92661
Meir moderate låneopptak, men gjelda veks
statistikk
2013-05-16T10:00:00.000Z
Bank og finansmarked
no
obligasjoner, Obligasjonar og sertifikat, emisjonar, obligasjonsgjeld, sertifikatgjeld, verdipapirlånVerdipapirmarkeder, Bank og finansmarked
false

Obligasjonar og sertifikat1. kvartal 2013

Statistikken Obligasjonar og sertifikat er frå mai 2016 slått saman med statistikken Verdipapirer registrert i VPS til ein ny statistikk, Verdipapirer

Innføring av ny sektorgruppering har ført til brot i statistikken. Nye tabellar inneheld tal frå og med mars 2012.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Meir moderate låneopptak, men gjelda veks

Det vart registrert ein nedgang i emisjonar av obligasjonar og sertifikat i 1. kvartal 2013 samanlikna med 1. kvartal året før. Verdipapirgjelda til norske einingar gjekk likevel opp med vel 3 prosent i løpet av perioden.

Bruttoemisjonar av obligasjonar og sertifikat. Talet på emisjonar og pålydande verdi av emisjonane i millionar kroner.
Obligasjonar utferda i NoregSertifikat utferda i NoregVerdipapirlån utferda i utlandet
TaletBeløpTaletBeløpTaletBeløp
 
Mars 20139434 02611080 02512172 296
Februar 201310131 6738617 10413162 881
Januar 201310358 7268518 04713488 900
Desember 20129124 9987091 8288437 738
November 201212338 54510321 17910190 567
Oktober 20127531 9078721 22810956 235
September 201210834 86711485 7809948 597
August 20127323 2259518 57817597 596
Juli 20124211 1355412 37315282 217
Juni 20129635 366111113 28616091 083
Mai 20125924 8799221 17017983 953
April 20126113 5677316 734198119 494
Mars 20129440 76910488 305222130 310

Det vart registrert 298 emisjonar av obligasjonar og 281 emisjonar av sertifikat pålydande til saman 239,6 milliardar kroner i Noreg i 1. kvartal 2013. Lånevoluma var størst for obligasjonar. Rekna frå 1. kvartal 2012 gjekk det samla talet på emisjonar opp 5 prosent, men beløpet gjekk ned med 10 prosent. Om lag 92 prosent av lånevolumet, 221 milliardar kroner, vart teke opp av innlendingar i 1. kvartal 2013. I den same perioden vart det registrert 386 emisjonar av obligasjonar og sertifikat som var utførte av norske einingar utanfor Noreg. Den samla verdien på emisjonane var 224,1 milliardar kroner. Talet på og beløpet for emisjonane gjekk ned med høvesvis 34 og 42 prosent frå 1. kvartal 2012 til 1. kvartal 2013.

Offentleg forvaltning låner mest i Noreg, mens finansielle føretak dominerer utalands

Offentleg forvaltning stod for 59 prosent av emisjonsvolumet i Noreg i 1. kvartal 2013. Dette svarar til 140,2 milliardar kroner. Ein betydeleg del av dei høge voluma gjeld framleis rullering/utskifting av statskassevekslar, som har vore bytta mot obligasjonar med førerett, men voluma for slike rulleringar er mindre enn før. Finansielle føretak sto for 20 prosent, eller 49,1 milliardar kroner, av emisjonsvolumet. Ikkje-finansielle føretak sto for 13 prosent, noko som svarar til 31,4 milliardar kroner.

Finansielle føretak sto for den dominerande delen av emisjonar av obligasjonar og sertifikat i utlandet i 1. kvartal 2013. 79 prosent av det samla lånebeløpet, eller 177,5 milliardar kroner, vart emittert av norske bankar og kredittføretak. Ikkje-finansielle føretak emitterte resten, som svarar til 46,6 milliardar kroner.

Framleis vekst i obligasjons- og sertifikatgjeld teken opp av norske einingar

Den samla pålydande verdien av gjelda som skriv seg frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte i Noreg, var på 1 872 milliardar kroner ved utgangen av 1. kvartal 2013. Dette er ein oppgang frå utgangen av 1. kvartal året før på vel 10 prosent. Finansielle føretak hadde mest gjeld, det vil seie 46 prosent, eller 858,1 milliardar kroner, i 1. kvartal 2013. Offentleg forvaltning hadde nest mest gjeld, det vil seie 31 prosent, eller 585,9 milliardar kroner. Marknadsverdien på gjelda frå obligasjonar som er emitterte i Noreg, låg i snitt 1,8 prosent over pålydande verdi. Marknadsverdien på gjelda for slike sertifikat var derimot 0,4 prosent under den pålydande verdien.

Utlendingar emitterer stadig fleir obligasjonar og sertifikat i Noreg. 11 prosent, eller 206,8 milliardar kroner av gjelda frå emisjonar og sertifikat som er emitterte innalands var registrert på utlendingar i 1. kvartal, mot 10 prosent, eller 174,9 milliardar i 1. kvartal året før. 1 665 milliardar kroner av gjelda som var emittert innalands i 1. kvartal 2013 var registrert på norske låntakarar. Norske låntakarar hadde i tillegg ei gjeld frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte i utlandet på 1 266 milliardar kroner, slik at samla gjeld ved utgangen av 1. kvartal 2013 var på 2 931 milliardar kroner. Samanlikna med 1. kvartal året før gjekk gjelda frå emisjonar av obligasjonar og sertifikat som er emitterte av norske einingar i Noreg og utlandet opp med 3,2 prosent.

Nesten alle lån i Noreg blir tekne opp i norske kroner, mens dei fleste låna i utlandet blir tekne opp i annan valuta: anten euro, amerikanske dollar, britiske pund eller japanske yen. Om lag 40 prosent av gjelda innalands og 35 prosent av gjelda som norske einingar har teke opp utanfor Noreg, har ei attverande løpetid på to år eller mindre.