92663_not-searchable
/bank-og-finansmarked/statistikker/obligasjoner/kvartal
92663
Store lån i Noreg, men mindre lån i utlandet
statistikk
2013-02-18T10:00:00.000Z
Bank og finansmarked
no
obligasjoner, Obligasjonar og sertifikat, emisjonar, obligasjonsgjeld, sertifikatgjeld, verdipapirlånVerdipapirmarkeder, Bank og finansmarked
false

Obligasjonar og sertifikat4. kvartal 2012

Statistikken Obligasjonar og sertifikat er frå mai 2016 slått saman med statistikken Verdipapirer registrert i VPS til ein ny statistikk, Verdipapirer

Innføring av ny sektorgruppering har ført til brot i statistikken. Nye tabellar inneheld tal frå og med mars 2012.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Store lån i Noreg, men mindre lån i utlandet

Det vart registrert ein auke i emisjonar av obligasjonar og sertifikat i Noreg i 4. kvartal 2012, mens talet og beløpet for emisjonar utafor Noreg utferda av norske einingar vart redusert. Verdipapirgjelda til dei norske einingane gjekk difor ned med 1 prosent frå kvartalet før.

Bruttoemisjonar av obligasjonar og sertifikat. Talet på emisjonar og pålydande verdi av emisjonane i millionar kroner.
Obligasjonar utferda i NoregSertifikat utferda i NoregVerdipapirlån utferda i utlandet
TaletBeløpTaletBeløpTaletBeløp
 
Desember 20129124 9987091 8288437 738
November 201212338 54510321 17910190 567
Oktober 20127531 9078721 22810956 235
September 201210834 86711485 7809948 597
August 20127323 2259518 57817597 596
Juli 20124211 1355412 37315282 217
Juni 20129635 366111113 28616091 083
Mai 20125924 8799221 17017983 953
April 20126113 5677316 734198119 494
Mars 20129440 76910488 305222130 310
Februar 20129142 5539518 122193105 501
Januar 20128249 9278827 069167147 371
Desember 2011......00

Det vart registrert 289 emisjonar av obligasjonar og 260 emisjonar av sertifikat pålydande til saman 229,7 milliardar kroner i Noreg i 4. kvartal 2012. Lånevoluma var størst for sertifikat. Talet på emisjonar samla gjekk opp med 13 prosent, mens beløpet auka med 24 prosent, rekna frå kvartalet før. Om lag 94 prosent av lånevolumet, 214 milliardar kroner, vart teke opp av innlendingar i siste kvartalet i 2012. I den same perioden vart det registrert 294 emisjonar av obligasjonar og sertifikat som var utførte av norske einingar utafor Noreg. Den samla verdien på desse var 184,5 milliardar kroner. Talet på og beløpet for slike emisjonar gjekk ned med høvesvis 31 og 19 prosent frå 3. til 4. kvartal 2012.

Offentleg forvaltning låner mest i Noreg, men bankane dominerer framleis utalands

Offentleg forvaltning sto for 60 prosent av emisjonsvolumet i Noreg i 4. kvartal 2012. Dette svarar til 137,0 milliardar kroner. Finansielle føretak sto for 21 prosent, eller 47,3 milliardar kroner, av emisjonsvolumet. Ikkje-finansielle føretak sto for 13 prosent, noko som tilsvarar 29,3 milliardar kroner.

Som tidlegare sto norske bankar for den dominerande delen av emisjonar av obligasjonar og sertifikat i utlandet i 4. kvartal 2012. 63 prosent, eller 117 milliardar kroner, av det samla lånebeløpet vart emittert av norske bankar. Ikkje-finansielle føretak emitterte det nest største beløpet på 63 milliardar kroner.

Nedgang i obligasjons- og sertifikatgjeld teken opp av norske einingar

Den samla pålydande verdien av gjelda som skriv seg frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte i Noreg, var på 1 796 milliardar kroner ved utgangen av 4. kvartal 2012. Dette er ein oppgang frå utgangen av kvartalet før på om lag 2 prosent og 10 prosent meir enn i 4. kvartal 2011. Offentleg forvaltning hadde mest gjeld, det vil seie 31 prosent, eller 552,4 milliardar kroner, i det siste kvartalet i 2012. Andre finansielle føretak hadde den nest største gjelda, som utgjorde 30 prosent, eller 532,7 milliardar kroner. Marknadsverdien på gjelda frå obligasjonar som er emitterte i Noreg, låg i snitt 2,2 prosent over pålydande verdi. Marknadsverdien på gjelda for slike sertifikat var derimot 0,4 prosent under den pålydande verdien.

Utlendingar emitterer stadig fleire obligasjonar og sertifikat i Noreg. 89 prosent, eller 1 604 milliardar kroner, av gjelda frå emisjonar og sertifikat som er emitterte innalands, var registrerte på norske låntakarar i 4. kvartal 2012, mot 90 prosent i kvartalet før. Norske låntakarar hadde i tillegg ei gjeld frå obligasjonar og sertifikat som er emitterte i utlandet, på 1 270 milliardar kroner, ein reduksjon på 4 prosent frå kvartalet før. Samla gjeld frå emisjonar av obligasjonar og sertifikat som er emitterte av norske einingar i Noreg og utlandet, gjekk difor ned med om lag 1 prosent i same perioden og utgjorde 2 874 milliardar kroner ved utgangen av 2012. Nesten alle lån i Noreg blir tekne opp i norske kroner, mens dei fleste låna i utlandet blir tekne opp i annan valuta: anten euro, amerikanske dollar, britiske pund eller japanske yen. I underkant av 40 prosent av gjelda innalands og utafor Noreg har ein attverande løpetid på to år eller mindre.