Innhald
Om statistikken
Omgrep
-
Namn og emne
-
Namn: Lønn for tilsette i kraftforsyning
Emne: Arbeid og lønn
-
Ansvarleg seksjon
-
Seksjon for inntekts- og lønnsstatistikk
-
Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane
-
Omgrepet lønn i lønnsstatistikken er avgrensa til å omfatte kontante godtgjersler frå arbeidsgivar til arbeidstakar for utført arbeid. Statistikken omfattar derfor ikkje naturalytingar, forsikringar, trekkfrie utgiftsgodtgjersler og liknande.
Månadslønn
Brutto månadslønn. Omfattar avtalt lønn, uregelmessige tillegg og bonus. Overtidsgodtgjersle er ikkje inkludert.
Avtalt månadslønn
Omfattar den faste lønna som vert utbetalt ved teljetidspunktet anten den er definert som time-, månads-, 14 dagars- eller vekelønn, og blir ofte kalla regulativlønn eller fast grunnlønn. Kvalifikasjonstillegg/kompetansetillegg og andre faste personlege tillegg er inkludert.
Uregelmessige tillegg
Dette er tillegg som vanlegvis gjeld arbeidsoppgåver knytte til ymse yrke, og blir gitt som eit estimert gjennomsnitt per månad for perioden 1. januar til teljetidspunktet. Omfattar mellom anna skiftillegg, turnustillegg, tillegg for ulageleg arbeidstid, søn- og helgedagstillegg og andre tillegg som kjem ujamt.
Bonus
Dette er tillegg i lønn som ikkje er knytt til bestemte arbeidsoppgåver, og der utbetalingane kjem ujamt med omsyn til perioden dei er opptente i eller gjeld for. Omfattar til dømes provisjon, overskotsdeling, produksjonstillegg, gratiale og tantieme, og er eit estimert gjennomsnitt per månad for perioden f.o.m. 4. kvartal året før til teljetidspunktet.
Overtidsgodtgjersle
Omfattar summen av kontante godtgjersler for arbeid som er utført utover den avtalte arbeidstida,og er eit estimert gjennomsnitt per månad for perioden 1. januar og til teljetidspunktet.
Årslønn
Årslønna er eit estimat for 12 månadar i kalenderåret og tek utgangspunkt i månadslønn på teljetidspunktet. Årslønna omfattar utbetalt avtalt lønn, variable tillegg og bonus, men inkluderer ikkje feriepengetillegg og overtidsgodtgjersle.
Heiltid og deltid
Alle tilsette med ei avtalt arbeidstid på 33 timar eller meir per veke vert rekna som heiltidstilsette. For tilsette i stat, skuleverk og kommune er heiltid definert som alle med ein dellønnsprosent/stillingsandel på 100 prosent. Deltidstilsette er definert som alle tilsette med avtalt arbeidstid mindre enn 33 timar per veke eller ein stillingsandel på mindre enn 100.
Avtalt arbeidstid
Avtalt arbeidstid vert definert som avtalt arbeidstid per veke eksklusiv pause til eting. Det vert ikkje gjort frådrag grunna ferie, sjukdom, permisjon e.l. For tilsette med ei varierande arbeidstid frå veke til veke, vert det innrapportert gjennomsnittleg arbeidstid per veke for året eller siste månad.
Heiltidsekvivalentar
For å samanlikne lønn mellom heil- og deltidstilsette, om reknast lønna for deltidstilsette til kva den ville vore om dei arbeide heiltid. Det vert gjort ved å bruke forholdet mellom arbeidstida for kvar deltidstilsett og den gjennomsnittlege arbeidstida for heiltidstilsette i næringa. Månadslønn per heiltidsekvivalent for deltidstilsette kan ein slå saman med månadslønn for heiltidstilsette for å berekne ei gjennomsnittleg månadslønn for alle tilsette.
-
Standard klassifikasjonar
-
Næringsgruppering
Sentralt i lønnsstatistikken står gruppering etter næring i samsvar med Standard for næringsgruppering (SN2007) , som er den norske versjonen av EU sin nye standard NACE Rev.2.
Yrkesgruppering
I lønnsstatistikken bruker ein Standard for yrkesklassifisering (C521) . Yrkeskodene er etablert gjennom heile lønnsstatistikken anten ved direkte innhenting eller ved omkoding frå andre stillings- eller yrkeskodar.
Utdanningsgruppering
Utdanningsnivå er henta frå registeret for Befolkninga si høgast utdanning. Det vert gruppert etter lengda på utdanninga i samsvar med Standard for utdanningsgruppering (NOS C617) .
Statistikken blir no publisert saman med Lønn.
Tilleggsinformasjon
Lønnsstatistikken har teljingspunkt 1. oktober kvart år uavhengig av tidspunktet for når resultata frå lønnsoppgjera gjeld. Dette kan påverke lønnsendringane i statistikken.
Strukturelle endringar i næringshovudområdet vil også kunne påverke endringane som blir målt. Dette kan vere tilhøve som endringar i sysselsetjingsmønsteret, eller at personar skifter jobb mellom ulike næringar og yrke med forskjellig lønnsnivå. I tillegg blir tala påverka av forskjeller mellom dei som kjem inn i og dei som går ut av arbeidsmarknaden.