169440_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/komregsys/aar-forelopige
169440
Litt færre kommunale årsverk
statistikk
2015-03-16T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Offentlig sektor
no
komregsys, Sysselsette i kommunal sektor, avtalte årsverk, kommunale tenester (for eksempel pleie- og omsorg, barnehagar, skole), fylkeskommunale tenester (for eksempel vidaregåande opplæring, tannhelse, administrasjon)KOSTRA, Offentlig forvaltning , Sysselsetting, Arbeid og lønn, Offentlig sektor
false
Statistikken viser sysselsetting i kommuner og fylker målt ved bl.a. antall ansatte og årsverk. Samlet kommunal forvaltning utgjorde 876 færre årsverk i 2014 enn i 2013.

Sysselsette i kommunal sektor2014, førebelse tal, 4. kvartal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Litt færre kommunale årsverk

Dei førebelse tala for sysselsetjinga i kommunal forvaltning syner ein svak nedgang i sysselsette og avtalte årsverk. Nedgangen frå 4. kvartal 2013 til 4. kvartal 2014 svarar til i underkant av 900 årsverk.

Sysselsette og årsverk i kommunane og fylkeskommunane. Heile landet1
20132014Endring i absolutte tallEndring i prosent
2013 - 20142013 - 2014
1Oslo er inkludert i tala for fylkeskommunane berre for vidaregåande opplæring og tannhelseteneste.
2Tala for tannhelsetenesta i Finnmark var ikkje komplette i 4.kvartal 2014
Kommunar
Sysselsette466 377464 408-1 969-0,4
Avtalte årsverk361 135,0360 259,2-876-0,2
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvere327 491,2327 675,21840,1
 
Fylkeskommunar2
Sysselsette48 19847 161-1 037-2,2
Avtalte årsverk42 054,741 440,7-614-1,5
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvere39 164,738 833,9-331-0,8

Målt i talet på sysselsette personar var nedgangen i kommunane 0,4 prosent. Barnehagane har størst nedgang med 3,3 prosent færre sysselsette enn i 2013. Dette kan henge saman med at barnehagar som tidlegare var drivne av kommunane, no blir drivne av private. Dei kommunale helse- og sosialtenestene syner framleis vekst i sysselsettinga, men svakare enn tidlegare år.

I fylkeskommunal forvaltning gjekk talet på avtalte årsverk ned med 1,5 prosent, samanlikna med 2013. Talet på sysselsette personar vart òg redusert med over 2 prosent frå 2013 til 2014. Både tannhelse og vidaregåande opplæring syner ein sysselsettingsnedgang. Når det gjeld tannhelse, må nedgangen sjåast i samanheng med at tilsette i tannhelsetenesta i Finnmark fylkeskommune manglar i rapporteringa i 2014.

Dersom ein òg tek med tenester kjøpte både frå private tenesteytarar og i interkommunal verksemd i pleie og omsorgstenestene, syner dei førebelse tala at dei avtalte årsverka i pleie og omsorg auka med nær 1 300 årsverk frå 4. kvartal 2013 til same kvartal 2014. Dette er ein auke på nær 1,0 prosent. Delen private tenester i pleie og omsorg har stige frå 2013 og utgjer no 7,3 prosent av alle pleie og omsorgstenester.

Mangelfulle tal om tannhelsetenesta i FinnmarkÅpne og lesLukk

Det var manglar ved registreringa av tannhelsetenesta i Finnmark i 2014, og talet for Finnmark fylkeskommune er dermed noko for lågt. I 4. kvartal 2013 hadde tannhelsetenesta i Finnmark om lag 143 årsverk.