92498_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/komregsys/aar-forelopige
92498
Svak vekst i årsverk i kommunane og fylka
statistikk
2013-03-15T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Offentlig sektor
no
komregsys, Sysselsette i kommunal sektor, avtalte årsverk, kommunale tenester (for eksempel pleie- og omsorg, barnehagar, skole), fylkeskommunale tenester (for eksempel vidaregåande opplæring, tannhelse, administrasjon)Sysselsetting, Offentlig forvaltning , KOSTRA, Arbeid og lønn, Offentlig sektor
false

Sysselsette i kommunal sektor2012, førebelse tal, 4. kvartal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak vekst i årsverk i kommunane og fylka

Førebelse tal viser ein auke siste år på 1,2 prosent i avtalte årsverk i kommunal og fylkeskommunal forvaltning. Auken var størst i pleie og omsorg med 2,7 prosent.

Sysselsette og årsverk i kommunane og fylkeskommunane 4. kvartal 2011-20121
 20112012Endring 2011-2012Prosentvis endring 2011-2012
1Oslo kommune er ikkje med i tabellen sidan det er problem med kvaliteten på tala for 2012.
Kommunar    
Sysselsette417 671420 6903 0190,7
Avtalte årsverk319 118,1322 857,03 738,91,2
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvere288 921,8292 857,63 935,81,4
     
Fylkeskommunar    
Sysselsette45 48545 508230,1
Avtalte årsverk39 291,939 704,2412,31,0
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvere36 649,437 024,7375,31,0

Oslo kommune er ikkje med i dei førebelse tala for 2012. Årsaka er problem med datakvalitet som kjem av manglar i kommunens rapportering til NAVs arbeidstakarregister. Oslo kommune er difor teken ut når ein jamfører endring frå 2011 til 2012 i avsnitta under.

Auke i både kommunane og fylka

I kommunal forvaltning auka talet på avtalte årsverk med 1,2 prosent frå 4. kvartal 2011 til 4. kvartal 2012. Målt i sysselsette personar var veksten 0,7 prosent.

I fylkeskommunal forvaltning auka talet på avtalte årsverk med 1,0 prosent i den same perioden, medan talet på sysselsette personar var om lag uendra.

Pleie og omsorg veks

Når ein også tek med tenester kjøpt frå anten private tenesteytarar eller frå interkommunal verksemd i pleie og omsorgstenestene, syner dei førebelse tala at dei avtalte årsverka i pleie og omsorg auka med 3 200 årsverk frå 4. kvartal 2011 til 4. kvartal 2012. Dette er ein auke på 2,7 prosent.

Førebelse tal i marsÅpne og lesLukk

Til publiseringa i mars er berre registra frå NAV tilgjengelege. Dei førebelse tala i mars er ikkje reviderte, og feil i datagrunnlaget kan hende. For einskilde kommunar kan utslaget vere betydeleg. Talgrunnlaget for den endelege statistikken i juni er bygd på fleire ulike register. Les meir om dette i Om statistikken.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB