932_om_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/aki/kvartal
932_om
statistikk
2020-05-19T08:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
false

Arbeidskraftkostnadsindeks1. kvartal 2020, førebelse tal

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Arbeidskraftkostnadsindeks
Emne: Arbeid og lønn

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for næringslivets strukturer

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Arbeidskraftskostnadsindeksen

Måler kvartalsvise endringar i gjennomsnittlege arbeidskraftkostnader per betalte time for totale arbeidskostnader, direkte personalkostnader og indirekte personalkostnader. Dei totale arbeidskraftkostnadene er summen av dei direkte og indirekte personalkostnadene.

 

Direkte personalkostnader

Utbetalt lønn, honorar og andre kontantytingar som feriepengar, sjukepengar, representasjonsgodtgjersler og opsjonar i arbeidstilhøve med meir. Lønn for ikkje-arbeida tid er rekna med.

 

Indirekte personalkostnader

Naturalytingar, kostnader knytt til helse-, miljø- og tryggingstiltak, sosiale kostnader, arbeidsgivaravgift og opplæringskostnader med meir.

 

Lønn for ikkje-arbeida tid

Lønn under sjukdom, lønn i ulike permisjonar, utgifter til ekstra fridagar og anna lønn for ikkje-arbeida tid.

 

Naturalytingar

Ytingar og fordeler arbeidstakar får i arbeidsforhold i tillegg til kontantlønn.

 

Kostnader knytt til helse-, miljø- og tryggingstiltak

Summen av kostnader ved bedriftshelseteneste og kostnader til ulike miljø- og vernetiltak som er til tilsette si gode.

 

Sosiale kostnader

Arbeidsgivars kostnader til lovfesta og frivillige trygde- og pensjonsordningar og forsikringar. Arbeidsgivaravgift er ikkje rekna med.

 

Opplæringskostnader

Arbeidsgivars kostnader for tilsette si deltaking på eksterne kurs, vidareutdanning, kostnader ved drift av eigen skule og interne kurs, lærlingar, rekrutteringskostnader og kostnader knytt til opplæring av nytilsette.

 

Sosiale utgifter

Består av utgifter til pensjonsordningar og ulike forsikringar, til dømes yrkesskadeforsikring og ulykkesforsikring.

 

Timeverk

Indeksen viser utvikling av gjennomsnittlege arbeidskraftkostnader per betalte time. Datakjeldene inneheld opplysningar om avtalt arbeidstid og talet på overtidsstimar. Timeverk er summen av avtalt arbeidstid og overtidsstimar.

Standard klassifikasjonar

Arbeidskraftkostnadsindeksen nytter Standard for næringsgruppering 2002 (SN2002) som klassifikasjon t.o.m. 2008. Denne tek utgangspunkt i NACE Rev. 1.1.

F.o.m 2009 tek Statistisk sentralbyrå i bruk ein ny versjon av norsk Standard for næringsgruppering (SN2007) som samsvarer med EU sin nye standard NACE Rev.2.

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Nasjonalt nivå

Kor ofte og aktualitet

Arbeidskraftkostnadsindeksen blir utarbeidd kvart kvartal, og blir seinast publisert 70 dagar etter utløpet til kvart kvartal. Tala som blir publisert kan bli editert av endringar i arbeidskraftkostnadsundersøkinga.

Internasjonal rapportering

Eurostat

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Det blir lagra filer der datamateriale frå dei ulike datakjeldene er samanlikna.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet er å visa endringar i gjennomsnittlege arbeidskraftkostnader per betalte time gjennom året. Det er videre eit mål å etablere ein indeks til bruk i internasjonal samanlikning.

Indeksen er publisert fyste gong for 3. kvartal 2004, med indeksar som går tilbake til 1. kvartal 1998. Indeksen vart editert ved frigiving av 4. kvartal 2009, 2013 og 2018 på bakgrunn av resultatet frå undersøkinga om arbeidskraftkostnader 2008, 2012 og 2016.

Frå 1. kvartal 2009 er ny norsk Standard for næringsgruppering (SN2007) teke i bruk. Arbeidskraftkostnadsindeksane for perioden 1. kvartal 2000 &– 4. kvartal 2008 er berekna på nytt basert på SN2007. Indeksar etter tidlegare Standard for næringsgruppering (SN2002) vil ikkje bli publisert videre frå og med 2009, men vil vera lagra i statistikkbanken.

I publisering for 1. kvartal 2019 vart namna på næringshovudområda endra i tråd med standard for næringsgruppering.

  Tidligere presentasjonstekst Dagens presentasjonstekst
05-09b    Olje- og gassutvinning og bergverksdrift Bergverksdrift og utvinning
10-33 Industri Industri
35 Forsyning av elektrisitet, gass, damp og varmtvatn Forsyning av elektrisitet, gass-, damp og varmtvatn
36-39       Vatn, avløp, renovasjon Forsyning av vatn, avløps- og renovasjonsverksemd
41-43       Byggje- og anleggsverksemd Byggje- og anleggsverksemd
45-47b    Varehandel Varehandel, reparasjon av motorvogner
49-53b    Samferdsel Transport og lagring
55-56b    Hotell- og serveringsverksemd Overnattings- og serveringsverksemd
58-63       Informasjon og kommunikasjon Informasjon og kommunikasjon
64-66       Finanstenester Finansierings- og forsikringsverksemd
68 Omsetning og drift av fast eigedom Omsetning og drift av fast eigedom
69-75       Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting
77-82       Forretningsmessig tenesteyting Forretningsmessig tenesteyting
85 Undervisning Undervisning
86-88       Helse og sosialtenester Helse- og sosialtenester
90-93       Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar
94-96       Personlig tenesteyting  Anna tenesteyting

Brukarar og bruksområde

Statistisk sentralbyrå sitt nasjonalrekneskap, Det tekniske berekningsutval, Eurostat og næringslivet nyttar statistikken mellom anna i konjunktursamanheng.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 8.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen.  Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Utviklinga i arbeidskraftkostnadsindeksen skal vere i samsvar med utviklinga i arbeidskraftkostnadsundersøkinga og nasjonalrekneskapen.

Lovheimel

Det vises til lovheimlane som gjeld for dei ulike datakjeldene som går inn i berekninga av indeksen (sjå punkt 3.2.).

EØS-referanse

Rådsforordning (EF) nr. 450/2003 av 27. februar om arbeidskraftkostnadsindeks.

Produksjon

Omfang

Populasjonen omfattar alle føretak i Statistisk sentralbyrå sitt virksomhets- og føretaksregister i næringshovudområde B - S i samsvar med Standard for næringsgruppering (SN2007).

Datakjelder og utval

Fram til 2015:

Arbeidskraftskostnadsindeksen er framkomme ved samanstilling av årleg lønnsstatistikk, kvartalsvis lønnsindeks , arbeidskraftskostnadsundersøkelse og lønnssumsstatistikk.

Arbeidskraftskostnadsindeksen har ikkje eiget utval.

 

Frå 2015:

Frå og med 2015 er datagrunnlaget til statistikken basert på opplysningar frå årsrekneskap, institusjonelle opplysingar og a-meldinga. A-meldinga er ei samordna rapportering av lønns- og tilsettingsopplysningar til Skatteetaten, NAV og Statistisk sentralbyrå regulert av a-opplysningslova. Data blir innhenta elektronisk frå Skatteetaten ved Etatanes fellesforvaltning (EFF).              

Alle arbeidsgivarar som har betalt ut lønn, pensjon, andre kontantytingar, arbeidsgivaravgift eller naturalytingar må levere a-melding. Datamaterialet omfattar dermed alle ytingar i alle føretak i dei næringane lønnsindeksane dekker. Ei rapportering av A-meldinga erstatt fem skjema/oppgåver til tre etatar slik at dataomfanget er meir omfattande enn til tidlegare indekser.

Datainnsamling, editering og beregninger

Arbeidskraftskostnadsindeksen har ikkje eigen datainnsamling/skjema.

Indeksane blir kontrollert mot historiske seriar og samanstilles med andre relevante statistikkar (til dømes Nasjonalrekneskapen, strukturstatistikkane, rekneskapsstatistikk).

Indeksen blei editert ved frigiving av 4. kvartal 2009, 2013 og 2018. Endringane skuldas i all hovudsak resultatet frå undersøkinga om arbeidskraftskostnader 2008, 2012 og 2016.

Nytt felles referanseår for arbeidskraftskostnadindeks etter SN2007 er teke i bruk frå og med publiseringa av 3. kvartal 2018. Basisperioden er no sett lik 2016=100. Alle indeksane er justert i samsvar med dette.

Arbeidskraftskostnadsindeksen er ein Laspeyeres indeks med faste vekter. Ein Laspeyres formel er særprega av at vektgrunnlaget blir heldt konstant over tid. I denne indeksen blir vektene for kostnadene endra ved kvar arbeidskraftskostnadsundersøking, kvart 4. år.

Arbeidskraftskostnadsindeksen er byggja opp som ei sum av delindeksar av de ulike kostnadskomponentane som går inn i dei totale arbeidskraftskostnadane. Til og med 2014 ble det berekna endringar i kostnadene som så ble vekta saman til arbeidskraftskostnadsindeks der vektene byggja på opplysningar frå arbeidskraftskostnadsundersøkinga og nasjonalrekneskapen. Vektene frå nasjonalrekneskapen ble endra kvart år. Frå og med 2015 er data innhenta frå a-meldinga, som er heildekkande for omfang og kostnadskomponentar i arbeidskraftkostnadsindeksane.

Indeksen er ikkje arbeidsdags- eller sesongjustert. Dette betyr at indeksen viser endringar i gjennomsnittlege arbeidskraftskostnadar for kvar per betalte time utan at ulikt tal på arbeidstimar eller dagar mellom kvartalene gir utslag i indeksen det gjeldande kvartalet.

Indeksane viser gjennomsnittlege kostnadar per betalt arbeidstime i eit kvartal. Betalt time er det talet på timar som er avtalt arbeida i tillegg til alle betalte overtidstimar, til forskjell frå talet på timer som faktisk er arbeida.

 

Strukturelle endringar i næringa verker inn. Sentrale og lokale lønnsforhandlingar er viktige faktorar for utviklinga i kontantlønn, men også strukturelle endringar i næringane har stor verknad. Spesielt konjunkturavhengige utbetalingar som bonusar og endringar i sysselsettingsmønsteret spiller inn. Kor mange og kva grupper tilsette som går ut og inn av arbeid, endrar arbeidstid, og kor mange som bytter jobb mellom næringane, vil virke inn på utviklinga av direkte kostnadar. Om det er de tilsette med lågast ansiennitet som går ut av bedriftene som følge av oppseiingar eller permitteringar, vil ein slik reduksjon i arbeidsstokken kunne medføre at den gjennomsnittlege lønna for bedriftene aukar.

Bonusutbetalingar knytt seg ofte til resultat som ble oppnådd i en tidlegere periode enn det tidspunktet godtgjersla faktisk blir utbetalt. Indeksane tar ikkje omsyn til når resultata frå forhandlingar ved lønnsoppgjer faktisk gjeld frå, men måler endringa i lønn slik den har kommet til utbetaling på tidspunktet for rapportering.

Sesongjustering

Ikkje relevant.

Konfidensialitet

Ikkje relevant.

Samanlikningar over tid og stad

Utgåver av statistikken Arbeidskraftkostnadsindeks publisert før 6. juni 2017.

Arbeidskraftskostnadsindeksen blei produsert fyste gong med tal for 3. kvartal 2004, og er samanliknbar tilbake til 2000 for alle næringshovudområdane.

Indeksen blei editert ved frigiving av 4. kvartal 2009, 2013 og 2018. Editeringa ble gjort på bakgrunn av resultatet frå undersøkinga om arbeidskraftskostnader 2008, 2012 og 2016, institusjonelle opplysingar og lønnsstatistikk.

Frå og med 1. kvartal 2009 ble Arbeidskraftskostnadsindeksen publisert etter SN2007. Endringane gjaldt for hele indeksserien tilbake til 2000.

For å sjå utviklinga over tid for indeksen må ein samanlikna indeksverdiar frå same versjon av næringsgruppering.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Målefeil

Målefeil i arbeidskraftskostnadsindeksen knyter seg til at definisjonar av variablar kan være avvikande mellom dei ulike datakjeldene.

 

Tilarbeidingsfeil

Tilarbeidingsfeil knyter seg til å få utnytta datamaterialet frå dei enkelte datakjeldene på ein einsarta måte.

Arbeidskraftskostnadsindeksen har ingen eigen datainnsamling.

 

Registerfeil

Kvar av datakjeldene har kopla på næringskode frå Statistisk sentralbyrå sitt Bedrifts- og føretaksregister, og feil opplysingar i registeret vil kunne medføre at einingar blir setje i feil næring.

Frå og med 2015 er datagrunnlaget til statistikken basert på opplysningar frå a-meldinga. Observasjonar kan også her bli forkasta ut frå manglande opplysningar og/eller feil verdiar på variable.

 

 

Innrapporteringane , eller data, for månedane frå mars 2020 og framover kan være påverka av midlertidige endringar i regelverk på grunn av koronaepidimien, for eksempel knytta til permitteringar, sjukefråvær og arbeidsgjevaravgiftssats. 

Revisjon

Talene som blir publisert kan bli editert av endringar frå arbeidskraftkostnadsundersøkinga.

Førebelse indeksar blir endelege når resultata frå dei fireårlege arbeidskraftkostnadsundersøkingane er publisert.

Indeksane blei tidlegare editert 4. kvartal 2009 og 2013, og sist editert ved frigiving av 4. kvartal 2018. Editeringa blei gjort på bakgrunn av resultatet frå undersøkinga om arbeidskraftkostnader 2016 og institusjonelle opplysingar. Endringane gjaldt for indeksseriane frå 1. kvartal 2016 til 3. kvartal 2018.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB