222081
222081
Nedgang i skatteinnbetalingar
statistikk
2016-01-18T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterOffentlig sektor, Skatteregnskap, Svalbard, Offentlig sektor
false

Skatterekneskapdesember 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i skatteinnbetalingar

Det blei betalt inn 796 milliardar kroner i skatt i Noreg i 2015. Dette er 44 milliardar, eller 5,2 prosent, mindre enn året før.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
Desember 2014Desember 2015Desember 2014Desember 2015
I alt839 602795 752-2,2-5,2
Ordinær skatt til staten31 22929 1940,2-6,5
Ordinær skatt på utvinning av petroleum64 21239 477-15,6-38,5
Særskatt på utvinning av petroleum105 83764 196-15,6-39,3
Fellesskatt til staten204 823207 965-2,61,5
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)27 75829 2633,05,4
Ordinær skatt til primærkommunen128 915136 4952,05,9
Medlemsavgift til folketrygda118 846128 5747,48,2
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda154 392159 6633,93,4
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar3 59092732,0-74,2
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar - desember akkumulert. Prosentvis endring

Nedgangen i samla skatteinnbetalingar skuldast i hovudsak lågare innbetalingar av skatt på utvinning av petroleum. I 2015 blei det betalt inn 104 milliardar kroner i petroleumsskatt og dette er 66 milliardar mindre enn i 2014. I desember var utbetalingar av skatt selskapa hadde til gode høgare enn innbetalingar av terminskatt, noko som gjer at netto innbetalingar for året er om lag 1 milliard kroner lågare enn akkumulerte innbetalingar ved utgangen av oktober.

Svak vekst i innbetalingar til staten

Innbetalingar av ordinær skatt på formue og inntekt til staten var på 29 milliardar kroner i 2015. Dette er ein reduksjon på 6,5 prosent frå året før. Det blei betalt inn 208 milliardar kroner i fellesskatt til staten i 2015, og dette er ein auke på 1,5 prosent frå 2014. Den låge veksten i fellesskatt skuldast ein reduksjon i innbetalingar frå upersonlege skattytarar på om lag 6 milliardar kroner. Til saman auka skatteinnbetalingane til staten (utanom petroleumsskatt) med 0,5 prosent frå 2014 til 2015.

Auka innbetalingar til kommunane og folketrygda

Samla innbetalingar til kommuneforvaltninga auka med 5,8 prosent til 166 milliardar kroner i 2015. Kommuneskatt utgjorde 136 milliardar av denne summen og fylkesskatt utgjorde 29 milliardar kroner. Desse innbetalingane auka med høvesvis 7,5 og 1,5 milliardar kroner. Samla innbetalingar til folketrygda var på 288 milliardar kroner i 2015. Dette er 15 milliardar meir enn året før.

Tidspunkt for innbetaling av skattarÅpne og lesLukk

Innbetalingane for alle skatteartene eksklusiv petroleumskattane finn i hovudsak stad i månader med oddetal. Innbetalingane av petroleumskattar finn i hovudsak stad i månader med partal.

Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar justertÅpne og lesLukk

Frå januar 2015 er skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar korrigert på grunn av refusjonar til aksjonærar som er fritekne frå skatt på utbytte og aksjegevinst. I 2015 utgjorde desse refusjonane om lag 1,6 milliardar kroner.