20308_om
statistikk
2012-12-18T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
true

Landbruksundersøkinga2012, førebelse tal

Innhald

Om statistikken

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Landbruksundersøkinga
Emne: Jord, skog, jakt og fiskeri

Ansvarleg seksjon

Seksjon for primærnæring

Regionalt nivå

Fylke

Kor ofte og aktualitet

Årleg

Internasjonal rapportering

Data blir levert til Eurostat etter avtale. Spesielt omfattande krav er definert for årgangane 2003, 2005 og 2007.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Gjennomgåtte og reviderte mikrodata blir lagra.

Bakgrunn

Føremål og historie

Formålet med Landbruksundersøkinga er å skaffe relevante data som ikkje er å finne i administrative datasystem, og å skaffe data for einingar som ikkje blir omfatta av administrative system.

Landbruksundersøkinga skal danne eit bilde av landbruksnæringa i Noreg gjennom ulike spørsmål. Hovudtema varierar frå år til år, men somme tema kjem att med nokre års mellomrom:
2000 Jordarbeiding, skogbruk
2001 Arbeidsinnsats, tilleggsnæringar, jordarbeiding, beiting
2002 Jordarbeiding, energibruk, investeringar og vedlikehald i maskinar og bygg, grøfting og nydyrking, arrondering
2003 Arbeidsinnsats, tilleggsnæringar, vatning, gjødsel
2004 Skogbruk, sjå eigen omtale på Skogbruk
2005 Arbeidsinnsats, tilleggsnæringar, vatning, utdanning, traktorar, maskinar og reiskap
2006 Grøfting og nydyrking, arrondering, energibruk, investeringar og vedlikehald i maskinar og bygg, leasing
2007 Arbeidsinnsats, tilleggsnæringar og vatning
2008 Skogbruk, sjå eigen omtale på Skogbruk
2009 Investeringar og vedlikehald i maskinar og bygg, leasing
2011 Produksjonsmetodar
2012 Investeringar og vedlikehald i maskinar og bygg, leasing

Brukarar og bruksområde

Data frå undersøkinga blir mellom anna nytta av Budsjettnemnda for jordbruket, næringsorganisasjonane, Landbruks- og matdepartementet, Miljøverndepartementet, ulike forskingsinstitusjonar slik som Norsk Institutt for Landbruksøkonomisk Forskning og Seksjon for miljøstatistikk i Statistisk sentralbyrå.

Samanheng med annan statistikk

Ikkje relevant

Lovheimel

Statistikkloven §§2-1, 2-2, 2-3 (tvangsmulkt)

EU-regulering

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Populasjonen tek utgangspunkt i aktive jordbruksbedrifter som er registrerte i Landbruksregisteret til Statens landbruksforvaltning og omfattar alle som fyller eit eller fleire vilkår knytt til minstemål for drifta. Døme på slike vilkår er at ei eining som hovudregel skal ha minst 5 dekar jordbruksareal i drift.

Datakjelder og utval

Storparten av opplysningane kjem direkte frå oppgåvegivarane som fyller ut skjema til den årlege landbruksundersøkinga. Opplysningar om storleiken på jordbruksareal og skogareal, personar med tilknyting til eigedomen/jordbruksbedrifta og kva for tilknyting dei har til eigedomen/jordbruksbedrifta blir henta frå Landbruksregisteret.

Det blir kvart år trekt eit utval som skal gi oppgåve til Landbruksundersøkinga. Storleiken på utvalet varierar mellom 10 000 og 12 000 av dei jordbruksbedriftene som er registrert som aktive. Utvalet blir stratifisert utifrå storleiken på jordbruksareal og driftsform innan kvart fylke.

Datainnsamling, revisjon og berekningar

Skjema blir sendt ut til dei jordbruksbedriftene som blir trekt ut til å vere med i undersøkinga. Det er brukaren av jordbruksbedrifta som skal gi oppgåve. Til og med 2005 assistera dei kommunale landbrukskontora ved innsamling og grovkontroll av skjema.

Det blir gjort ei rekkje kontrollar og rettingar for å sikre konsistensen både innan eitt enkelt skjema og mellom skjema og tilgjengelege registeropplysningar. Mellom anna blir det teke kontakt med dei lokale landbrukskontora for å avklare ymse spørsmål.

Populasjonen blir gruppert etter fylke, arealstorleik og driftsform. Sjansen for å bli trekt ut i kvar gruppe er proporsjonal med arealdelen til gruppa. Kvar eining som er med i utvalsundersøkinga får berekna ei vekt under estimeringa av totalar.

Konfidensialitet

Det heftar uvisse ved alle utvalsundersøkingar, og ved for få observasjonar blir tala undertrykt ved publisering av resultata.

Samanlikningar over tid og stad

Statistikken er stort sett samanliknbar tilbake til slutten av 1940-åra. For nokre variable vil det jamvel vere eit brot i tidsserien. Til dømes mellom 1998 og 1999, då metoden som blei brukt for å berekne talet på jordbruksbedrifter før 1999 gradvis førte til for høge tal. Dette kom klart til uttrykk ved den fullstendige jordbruksteljinga i 1999, som resulterte i ei nedjustering. Etter 1999 er utvala til Landbruksundersøkinga baserte på eit årleg oppdatert register, og det skulle gi betre tal. Frå 1999 blei alt som blir drive som ei eining uavhengig av kommunegrenser rekna som ei jordbruksbedrift. Før 1999 var den statistiske eininga for jordbruksbedrift innskrenka til å vere alt innan ein kommune.

For åra 2000-2009 er opplysningane i tabellane om talet på jordbruksbedrifter og storleiken på jordbruksareal i drift henta frå SSBs system for berekning av totaltal i jordbruket. Grunnlagsdata for dette systemet er opplysningar frå registeret over søknader om produksjonstilskott i jordbruket. Gjennom kopling mot andre administrative register, slik som Landbruksregisteret, Leveranseregisteret for korn og oljevekstar og leveranseregisteret for slakt, er det henta inn opplysningar om produksjonen også på einingar som ikkje søker om produksjonstilskott. Desse produksjonsopplysningane dannar grunnlag for berekning av areal og talet på husdyr på einingar som ikkje søker om tilskott.

I 2007 vart spørsmålsstillinga kring tilleggsnæringar utvida. I tillegg til spørsmål om type tilleggsnæring vart det spurt om kva bruttoinntekt tilleggsnæringa(ne) gav. Endringa kan ha ført med seg at nokon kan ha unnlata å gi opp tilleggsnæring. Vi reknar likevel med å ha fanga opp alle som driv med eit visst omfang ved å kontrollere mot opplysningar frå næringsoppgåva.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Jordbruksbedrift: Verksemd med jordbruksdrift inkludert husdyrhald og hagebruk. Bedrifta omfattar alt som blir drive som ei eining under ei leiing og med felles bruk av produksjonsmidlar, og er uavhengig av kommunegrensar. Til og med 2003 blei omgrepet driftseining nytta.

Brukar(ane): Den/dei som er ansvarleg for jordbruksdrifta. I Bedrifts- og foretaksregisteret vil brukaren vere registrert som innehavar av enkeltmannsføretak, eller som eigar eller deltakar i eit selskap.

Jordbruksareal i drift: Omfattar alt eige og leigd/forpakta jordbruksareal i drift i bedrifta, medrekna eittårig brakk. Som jordbruksareal reknast fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite.

Tilleggsnæring: Ein aktivitet som utnyttar areal, bygningar eller maskinar som høyrer til jordbruksbedrifta.

Bruttoinntekt: Summen av alle inntektene utan mva. før det er trekt frå kostnader.

Standard klassifikasjonar

I tabellane blir følgjande grupperingar nytta: Fylke, jordbruksareal i drift på jordbruksbedrifta og driftsform.

Feilkjelder

Feilkjelder og uvisse

Primærdata er henta frå dei skjema som oppgåvegivarane fyller ut. Dei kan innehalde feil som den enkelte oppgåvegivar gjer når vedkomande fyller ut skjema. Ei rekkje av feila blir oppdaga og retta av dei som går gjennom skjema ved revisjon i Statistisk sentralbyrå. Ein del feil ved innsamling og handsaming av data er uunngåeleg. Det kan vere feil som oppstår ved revisjon, feil i IT-handsaming mv. Det er utført eit omfattande arbeid for å minske desse feila så mye som mogleg.

Fråfall i undersøkinga skuldast manglande innlevering av oppgåve frå einskilde oppgåvegivarar, eller at ein eigedom er selt eller ikkje lenger blir drive som ei aktiv sjølvstendig jordbruksbedrift.

Varians: Det heftar uvisse ved alle utvalsundersøkingar. Generelt blir resultata meir usikre dess færre observasjonar dei er baserte på. Grupper basert på få observasjonar vil vere særs merkbare for ekstreme verdiar, det vil si verdiar som avvik mykje frå gjennomsnittet. Slike ekstreme verdiar er difor gitt ei vekt lik 1, slik at dei berre representerer seg sjølve i materialet.

Skakke: I utvalet til Landbruksundersøkinga skal alle typar jordbruksbedrifter inngå. For å gi ein betre representasjon i enkelte fylke med få einingar, er det trekt ein høgare prosent av jordbruksbedriftene i desse områda.

Registerfeil: Kvaliteten på registergrunnlaget for trekking av utvalet har også noko å seie for kvaliteten på det ferdige resultatet. Kvaliteten på registergrunnlaget reknast som god.

Tilbakemelding

Fann du det du leita etter?