92316
statistikk
2013-02-21T10:00:00.000Z
Befolkning
no
ekteskap, Ekteskap og skilsmisser, vigslar, giftarmål, vigselstypar (for eksempel borgarleg, statskyrkjeleg, i utlandet), ekteskapslengd, separasjonar, partnarskapBarn, familier og husholdninger, Befolkning
true

Ekteskap og skilsmisser2012

Innhald

Fleire vigslar og litt færre skilsmisser

I 2012 vart det inngått 24 350 ekteskap, 1 200 fleire enn året før. Talet på skilsmisser var 9 900, noko som er 300 lågare enn året før, og det lågaste sidan 1999. Det er likevel på same nivå som det har vore dei seinare åra.

Inngåtte ekteskap, skilsmisser og separasjonar
2012 Endringer i prosent
2011 - 2012 2007 - 2012 2003 - 2012
Inngåtte ekteskap 24 346 5,2 3,7 8,9
Skilsmisser 9 929 -2,7 -3,4 -7,7
Separasjoner 11 094 -1,3 -2,8 -13,1
Inngåtte ekteskap1, skilsmisser og separasjonar. 1975-2012
Inngåtte registrerte partnarskap 1993-2008. Inngåtte ekteskap mellom same kjønn 2009-2012
Inngåtte ekteskap1, skilsmisser og separasjonar. 1975-2012Inngåtte registrerte partnarskap 1993-2008. Inngåtte ekteskap mellom same kjønn 2009-2012

Etter at talet på vigslar gjekk ned både i 2010 og 2011, gjekk det opp att i fjor. Med unnatak av tre einskilde år, må ein attende til 1970-talet for å finna høgare tal for vigslar.

Heilt sidan 1989 har talet på skilsmisser vore på rundt 10 000 i året. 2004 og 2005 var dei åra med høgast tal, på omkring 11 000 kvart år. Talet på separasjonar, som var 11 100 i 2012, held fram med å gå noko ned, og var det det lågaste talet sidan 1987.

Det var om lag like mange par av same kjønn som gifta seg i 2012 som i 2011. 269 par av same kjønn gifta seg i fjor. I same året vart 57 ektepar av same kjønn separerte, medan 23 ektepar av same kjønn skilde seg.

Tilbakemelding

Fann du det du leita etter?