6298_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkendrkv/kvartal
6298
Folketalet auka med 13 400 i 2. kvartal
statistikk
2009-08-21T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkendrkv, Folkemengde og befolkningsendring, innbyggjarar, folketilvekst, fødde, døde, innvandring, utvandring, innflytting, utflytting, fødselsoverskott, middelfolkemengd, befolkningsutvikling, folkemengde, nettoinnflyttingBefolkning, Folketall, Flytting, Fødte og døde, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Folkemengde og befolkningsendring2. kvartal 2009

Statistikken inneheld endringstal per kvartal og for heile kalenderåret. Folkemengde etter kjønn og alder ved årsskiftet finn ein i statistikken Folkemengde.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Folketalet auka med 13 400 i 2. kvartal

I 2. kvartal auka folketalet med 13 400 til 4 825 500 busette. Det har si orsak i eit fødselsoverskott på 6 400, og ei nettoinnflytting frå utlandet på 7 000. Alle fylka i landet opplevde folkevekst i 2. kvartal.

Sett i høve til folketalet var folkeveksten høgast i Rogaland, Akershus og østfold, der folketalet voks med respektive 1 800, 2 100 og 900 personar. 295 av landets 430 kommunar opplevde folkevekst, 16 hadde ingen endring og 119 hadde folketap i 2. kvartal.

Fødde, døde og fødselsoverskott. 2. kvartal. 1987-2009

Fødselsoverskott, nettoinnflytting og folketilvekst. 2. kvartal. 1987-2009

Mange fødde

Høge tal for fødde saman med låge tal for døde gav eit høgt fødselsoverskott i andre kvartal. Med 370 fleire fødde og 260 færre døde enn same kvartal i fjor ligg tala for fødde og døde på respektive 16 200 og 9 800.

Fødselsoverskott i alle fylka

Det blei født fleire enn det døydde i alle fylka i 2. kvartal. Oslo hadde høgast fødselsoverskott med 1 500 fleire fødde enn daude. Sett i høve til folketalet, var fødselsoverskottet i Oslo høgast blant fylka med 2,6 per 1 000 innbyggjar. Oslo stod for bortimot ein firedel av det samla fødselsoverskottet for heile landet. Etter Oslo følgde Rogaland, Hordaland og Sør-Trøndelag med høgast fødselsoverskott sett i høve til folketalet.

I første halvår blei det fødd 31 050 barn, 450 fleire enn i første halvår i fjor. 21 350 personar døydde, nokre fleire enn i fjor. Fødselsoverskottet i første halvår blei dermed på 9 700, om lag 200 høgare enn i første halvår i fjor.

Færre innvandra

13 100 personar flytta frå utlandet til Noreg i 2. kvartal, medan 6 100 flytta frå Noreg til utlandet. Samanlikna med same kvartal i fjor var det 2 400 færre innvandringar og 550 fleire utvandringar, og flytteoverskottet på 7 000 blei dermed nesten 2 950 mindre enn førre året.

Innvandring, utvandring og nettoinnflytting, etter statsborgarskap. 2. kvartal 2009

Framleis flest polakkar som innvandra

Sjølv med ei mykje lågare innvandring enn tidlegare, er polske statsborgarar stadig den største gruppa utlendingar som kjem til Noreg. Samanlikna med 2. kvartal i fjor kom det 45 prosent, eller 1 700 færre polske statsborgarar til Noreg i 2. kvartal i år. Nest størst nedgang var det blant tyskarar, 320 færre tyskarar innvandra i 2. kvartal i år samanlikna med same perioden året før.

I tillegg til polakkar, var det flest innvandringar av personar frå Sverige (1 160), Litauen (634) og Eritrea (575). Samanlikna med i fjor, auka innvandringa mest for dei med eritreisk statsborgarskap (400) og islandsk statsborgarskap (300).

Alle fylka opplevde flytteoverskott frå utlandet. Blant kommunane var det berre 34 som hadde flyttetap, 37 som hadde balanse og heile 359 som hadde flyttevinst frå utlandet.

I første halvår flytta 29 700 personar frå utlandet til Noreg, 2 700 færre enn i same periode i fjor. 13 150 personar flytta frå Noreg, 3 100 fleire enn i same perioden i fjor. Innflyttingsoverskottet for heile landet på 26 300, blei difor 5 800 lågare enn i fjor.

Nettoinnflytting. Innanlandsk og frå utlandet i prosent av folkemengda. 2. kvartal 2009

Samla flyttetap i Oslo og Finnmark

Akershus hadde det største samla flytteoverskottet, med 1 300. Sett i høve til folketalet hadde østfold størst flytteoverskott med 775 fleire inn- enn utflyttingar. Oslo hadde størst flyttetap i 2. kvartal når ein ser innanlandske flyttingar og flyttingar til og frå utlandet under eitt, med 160. Finnmark hadde eit lite samla flyttetap på 9.

Oslo hadde 2 800 innvandringar i 2. kvartal, 1 000 færre enn i same kvartal i fjor. Det er likevel høgt i forhold til same kvartal åra før. 2 200 utvandra frå Oslo i 2. kvartal. Det er nærare 500 fleire enn i same kvartal i fjor, og det høgaste talet for 2. kvartal noko år etter at SSB starta publisering av kvartalstal for inn- og utvandring i 1997.

Størst innanlandsk flyttevinst til østfold og Akershus

Av dei i alt sju fylka som hadde innanlandsk flyttevinst hadde østfold og Akershus størst innanlandsk nettoinnflytting med 800 og 400 kvar seg. I tillegg hadde Oppland, Buskerud, Vestfold og Agderfylka flyttevinst. Rogaland hadde like mange innanlandske inn- som utflyttingar. Finnmark, Oslo og Troms var fylka som hadde størst innanlandsk flyttetap i høve til folketalet.

Excel tabellen (alle kommunar) er fjerna frå og med 2. kvartal 2009 fordi tilsvarande tal kan hentas frå Tall i Statistikkbanken, se tabell 1222 .