6312_not-searchable
/befolkning/statistikker/folkendrkv/kvartal
6312
Mot ein ny, rekordstor folketilvekst
statistikk
2007-11-15T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkendrkv, Folkemengde og befolkningsendring, innbyggjarar, folketilvekst, fødde, døde, innvandring, utvandring, innflytting, utflytting, fødselsoverskott, middelfolkemengd, befolkningsutvikling, folkemengde, nettoinnflyttingBefolkning, Folketall, Flytting, Fødte og døde, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false

Folkemengde og befolkningsendring3. kvartal 2007

Statistikken inneheld endringstal per kvartal og for heile kalenderåret. Folkemengde etter kjønn og alder ved årsskiftet finn ein i statistikken Folkemengde.

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Mot ein ny, rekordstor folketilvekst

Noreg vil oppleve ein ny, rekordstor folketilvekst i 2007. Folketilveksten så langt i år var alt 1. oktober på 40 500 personar, 400 færre enn den rekordhøge tilveksten på 40 900 personar i heile 2006. Den uvanleg store folkeauken kjem av at nærare 10 000 fleire innvandra.

I dei tre første kvartala i år var det 43 800 innflyttingar frå utlandet, eller 9 800 fleire enn i fjor. Av utanlandske statsborgarar er det framleis flest polakkar som flyttar til Noreg. I tredje kvartal flytta 3 850 polske statsborgarar til Noreg, slik at det så langt i år har kome 9 600 polakkar, 2 750 fleire enn i heile 2006.

Fødselsoverskot, nettoinnflytting og folketilvekst. 3. kvartal 2007 og 1-3. kvartal 2007

Nettoinnvandring av utanlandske statsborgarar. Ti på topp. 3. kvartal 2007

4 721 600 busette 1. oktober

Av tilveksten på 40 500 personar per 1. oktober, kom 17 000 i tredje kvartal slik at folketalet i Noreg nådde 4 721 600 busette. Folketilveksten var 5 600 høgare enn i same kvartal i fjor, og kjem av fleire innvandringar. I dette kvartalet var det 18 700 innvandringar, 5 200 fleire enn i fjor. Talet på utvandringar var 7 000, vel 400 lågare enn i fjor. Fødselsoverskotet, 5 400, var omtrent det same.

Størst auke i folketalet i Oslo og Akershus

Av den totale folketilveksten på 17 000 gjekk over 6 200, eller nær 37 prosent av tilveksten, til Akershus og Oslo. Alle fylka hadde auke i folketalet, unnateke Nordland, Troms og Finnmark. Desse opplevde ein samla nedgang i folketalet på 600. Sett i høve til folketalet var reduksjonen størst i Finnmark. Nedgangen i folketalet i Nord-Noreg kjem av innanlands flyttetap til Sør-Noreg.

Ser ein berre på flyttingane mellom utlandet og Noreg, opplevde alle fylka fleire flyttingar frå enn til utlandet i tredje kvartal. Størst innflyttingsoverskot frå utlandet fekk Oslo med 2 100. Innanlands flytteoverskot var det i tolv av fylka i dette kvartalet. Størst innanlands flyttetap hadde dei tre nordnorske fylka, saman med Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Fødselsunderskot i Telemark

I tredje kvartal blei det fødd bortimot 15 400 barn, som er vel 100 færre enn i fjor. Om lag 9 900 personar døydde, omtrent like mange som same kvartal i fjor.

I alle fylka, så nær som i Telemark, blei det fødd fleire enn det døydde i tredje kvartal. Fødselsoverskotet var størst i Oslo, Rogaland, Hordaland og Sør-Trøndelag.