145982_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/komregsys/aar
145982
Framleis vekst i kommunane
statistikk
2014-06-16T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Offentlig sektor
no
komregsys, Sysselsette i kommunal sektor, avtalte årsverk, kommunale tenester (for eksempel pleie- og omsorg, barnehagar, skole), fylkeskommunale tenester (for eksempel vidaregåande opplæring, tannhelse, administrasjon)KOSTRA, Offentlig forvaltning , Sysselsetting, Arbeid og lønn, Offentlig sektor
false

Sysselsette i kommunal sektor2013, 4. kvartal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis vekst i kommunane

Kommunane hadde meir enn 466 000 sysselsette i 4. kvartal 2013. Samanlikna med 2012 er dette ein auke på 1,2 prosent. Oppgangen svarar til 5 400 personar, eller nær 4 500 årsverk. Samla blei det utført 361 000 årsverk i kommunane i 2013.

Sysselsette og årsverk i kommunane og fylkeskommunane. Heile landet.12
20122013Endring i absolutte tallEndring i prosent
2012 - 20132012 - 2013
1Oslo er inkludert i tala for fylkeskommunane berre for vidaregåande opplæring og tannhelseteneste.
2Tala for Oslo for 4. kvartal 2012 låg noko for lågt. Årsaka er at Oslo kommune hadde manglar i rapporteringa til NAVs Aa-register som er eit av grunnlagsregistra for statistikken.
Kommunar
Sysselsette460 964466 3775 4131,2
Avtalte årsverk356 650,0361 135,04 4851,3
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvere321 643,6327 491,25 8481,8
 
Fylkeskommunar
Sysselsette47 87048 1983280,7
Avtalte årsverk41 880,542 054,71740,4
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvere38 896,839 164,72680,7

Kommunale helse- og sosialtenester sysselset flest av dei kommunetilsette. 43 prosent av alle sysselsette i kommunane arbeider i desse tenestene. Dette utgjer 155 500 årsverk. Helse- og sosialtenestene hadde ein auke i avtalte årsverk på 1,7 prosent frå 2012, det vil seie nær 2 700 årsverk. For dei andre kommunale områda har det berre vore mindre endringar i avtalte årsverk sidan 2012.

På visse tenesteområde organiserer kommunane verksemda si i interkommunale selskap. Årsverk knytte til desse er ikkje med i tala som er presenterte over. I 2013 blei om lag 9 800 årsverk utførte i slike interkommunale verksemder. Desse selskapa er mest vanlege innanfor områda vatn, avløp og renovasjon samt brann- og ulykkesvern.

Meir faglærd personell i pleie og omsorg

Nær 71 prosent av dei avtalte årsverka i pleie og omsorg blei utførte av personell med helse- og sosialfagleg utdanning. Delen faglærd personell har auka frå drygt 68 til 71 prosent sidan 2009

Når ein tek med tenester kjøpte frå anten private tenesteytarar eller frå interkommunal verksemd i pleie- og omsorgstenestene, syner tala at dei avtalte årsverka gjekk opp 1,2 prosent frå 4. kvartal 2012 til 4. kvartal 2013. Dette inneber drygt 1 500 fleire årsverk. Dei private tenestene utgjorde 7,0 prosent av årsverka innanfor pleie- og omsorgstenestene i 2013. Prosentdelen til dei private tenestene har auka svakt i løpet av dei siste åra.

Stabil situasjon i fylkeskommunane

Talet på avtalte årsverk i fylka viste ein svak oppgang, 0,4 prosent, frå 4. kvartal 2012 til 4. kvartal 2013.

Sysselsettingstalet auka med om lag 330 personar i den same perioden. Dette utgjer ein vekst på 0,7 prosent.

Vidaregåande opplæring svarar framleis for 81 prosent av dei avtalte årsverka i fylkeskommunane. Talet på avtalte årsverk i vidaregåande opplæring har vore nær uendra samanlikna med situasjonen i 2012: 0,2 prosent auke det siste året.