290306
/arbeid-og-lonn/statistikker/komregsys/aar
290306
Halv million sysselsette i kommunane
statistikk
2017-03-15T08:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Offentlig sektor
no
komregsys, Sysselsette i kommunal sektor, avtalte årsverk, kommunale tenester (for eksempel pleie- og omsorg, barnehagar, skole), fylkeskommunale tenester (for eksempel vidaregåande opplæring, tannhelse, administrasjon)Offentlig forvaltning , Sysselsetting, KOSTRA, Arbeid og lønn, Offentlig sektor
true
Statistikken viser sysselsetting i kommuner og fylker målt ved bl.a. antall ansatte og årsverk. I 4. kvartal 2016 nådde antall kommunalt ansatte 500 000.

Sysselsette i kommunal sektor

Oppdatert

Neste oppdatering

Foreløpig ikkje fastsett

Nøkkeltal

507

tusen sysselsette i kommunane

Sysselsette og årsverk i kommunane og fylkeskommunane. Heile landet12
20152016Endring i absolutte tallEndring i prosent
2015 - 20162015 - 2016
1Oslo er inkludert i tala for fylkeskommunane berre for vidaregåande opplæring og tannhelseteneste.
2Frå og med 2015 byggjer statistikken på nye datakjelder (A-ordninga), sjå nærare omtale i «Om statistikken». Totaltalet på sysselsette blir ikkje lenger samordna med Arbeidskraftundersøkinga (AKU) slik det blei før 2015, og dermed samsvarer ikkje totaltalet lenger med AKU sitt totaltal. Årgangane frå og med 2015 kan følgjeleg ikkje samanliknast med tidlegare årgangar. Sjå nærare omtale i artikkelen knytt til 2015-tala: https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/statistikker/regsys/aar/2016-05-27
Kommunar
Sysselsette497 656506 8799 2231,9
Avtalte årsverk371 236,1380 447,19 211,02,5
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvere333 747,4342 638,28 890,82,7
 
Fylkeskommunar
Sysselsette49 01349 1341210,2
Avtalte årsverk42 723,942 900,1176,20,4
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvere39 603,639 745,1141,50,4

Sjå fleire tabellar om emnet

Tabell 1 
Avtalte årsverk i kommunane og fylkeskommunane, etter område. 4.kvartal. Heile landet

Avtalte årsverk i kommunane og fylkeskommunane, etter område. 4.kvartal. Heile landet12
201520161Endring i absolutte allProsentvis endring
20162015 - 2016
1Oslo er inkludert i tala for fylkeskommunane berre for vidaregåande opplæring og tannhelseteneste.
2Frå og med 2015 byggjer statistikken på nye datakjelder (A-ordninga), sjå nærare omtale i «Om statistikken». Totaltalet på sysselsette blir ikkje lenger samordna med Arbeidskraftundersøkinga (AKU) slik det blei før 2015, og dermed samsvarer ikkje totaltalet lenger med AKU sitt totaltal. Årgangane frå og med 2015 kan følgjeleg ikkje samanliknast med tidlegare årgangar. Sjå nærare omtale i artikkelen knytt til 2015-tala: https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/statistikker/regsys/aar/2016-05-27
Kommune, avtalte årsverk i alt371 236,1380 447,19 211,02,5
Administrasjon inkl. kulturminne, bustad og næringsverksemd49 719,951 648,81 928,93,9
Barnehage42 641,242 273,3-367,9-0,9
Grunnskule98 945,3101 224,42 279,12,3
Helse- og sosialtenester160 041,7165 269,45 227,73,3
Kultur inkl. musikk- og kulturskule7 585,57 508,8-76,7-1,0
Anna (inkl.VAR, samferdsel, brann og ulykkesvern)12 302,612 522,4219,81,8
 
Fylkeskommune, avtalte årsverk i alt142 723,942 900,1176,20,4
Administrasjon5 062,15 355,6293,55,8
Vidaregåande opplæring34 353,334 101,3-252,0-0,7
Tannhelse2 947,83 063,7115,93,9
Anna (inkl.samferdsel og kultur)360,6379,518,95,2

Tabell 2 
Avtalte årsverk og avtalte årsverk eksklusive lange fråvere i pleie og omsorg, etter utdanning. Heile landet

Avtalte årsverk og avtalte årsverk eksklusive lange fråvere i pleie og omsorg, etter utdanning. Heile landet12
20152016
1Delinga i grupper av personell er basert på ein kombinasjon av yrke og utdanning.
2Frå og med 2015 byggjer statistikken på nye datakjelder (A-ordninga), sjå nærare omtale i «Om statistikken». Totaltalet på sysselsette blir ikkje lenger samordna med Arbeidskraftundersøkinga (AKU) slik det blei før 2015, og dermed samsvarer ikkje totaltalet lenger med AKU sitt totaltal. Årgangane frå og med 2015 kan følgjeleg ikkje samanliknast med tidlegare årgangar. Sjå nærare omtale i artikkelen knytt til 2015-tala: https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/statistikker/regsys/aar/2016-05-27
Avtalte årsverk i alt135 432,9137 950,0
Endring i prosent siste år1,9
Personell med helse- og sosialfagleg utdanning196 635,999 190,3
Pleiepersonell utan godkjend utdanning35 712,034 494,6
Serviceyrke (kjøken, reinhald og vaktmeister)1 765,82 999,3
Administrativt personell1 319,31 265,9
 
Delen avtalte årsverk i kommunal verksemd92,091,9
Delen avtalte årsverk i privat verksemd8,08,1
 
Avtalte årsverk eksklusive lange fråvere119 961,0122 384,8
Endring i prosent siste år2,0
Personell med helse- og sosialfagleg utdanning, inkl. miljøterapeutar84 405,186 909,6
Pleiepersonell utan godkjend utdanning32 731,131 626,9
Serviceyrke (kjøken, reinhald og vaktmeister)1 601,32 681,5
Administrativt personell1 223,51 166,8
 
Delen avtalte årsverk eksklusive lange fråver i kommunal verksemd91,991,8
Delen avtalte årsverk eksklusive lange fråver i privat verksemd8,18,2

Om statistikken

Føremålet med statistikk over sysselsette i kommunal sektor er å gje informasjon om struktur og utvikling i sysselsetjinga blant tilsette i kommunane og fylkeskommunane. Statistikken omfattar både bosette og ikkje-bosette personar samt bijobbar.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Sysselsette: Personar som utførte inntektsgjavande arbeid av minst ein times varighet per 4. kvartal, samt personar som har slikt arbeid, men som var fråverandre på grunn av sjukdom, ferie, lønna permisjon osb. Tala gjeld alle tilsette i kommunar/fylker, og dei som berre har ekstraarbeid her.

Avtalte årsverk: Tilsette i referanseveka der den avtalte arbeidstida for veka er rekna om til heiltid. Storleiken er av formidlingsomsyn beskrive som årsverk, sjølv om han berre gjeld ei veke og referanseveka ikkje kan seiest å vere representativ for heile kalenderåret.

Frå 2015 er avtalte årsverk berekna ved bruk av variabelen stillingsprosent. Avtalte årsverk = stillingsprosent/100.

Fråvere målt i årsverk, dvs. legemeldt sjukefråvere og foreldrepermisjon.

Avtalte årsverk eksklusive lange fråver: Avtalte årsverk korrigert for tapte årsverk på grunn av legemeldt sjukefråvære og fødselspermisjon.

Standard klassifikasjonar

Næring er frå statistikkåret 2009 koda etter Standard for næringsgruppering (SN2007) (NOS D 383). Den registerbaserte sysselsettingsstatistikken nyttar kommuneinndelinga som gjeld i publiseringsåret

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Sysselsette i kommunal sektor
Emne: Arbeid og lønn

Ansvarleg seksjon

Seksjon for arbeidsmarkedsstatistikk

Regionalt nivå

Tal for kommunane, fylka og landet blir presenterte.

Kor ofte og aktualitet

Statistikken blir publisert årleg i juni månad for situasjonen i 4. kvartal året før. Publisering av førebelse tal skjer samstundes med KOSTRA si publisering 15. mars.

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Datafiler som har gått gjennom koplings- og omkodingsprogram blir lagra.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet med registerbasert statistikk over sysselsette i kommunane er å gje informasjon om struktur og utvikling i sysselsetjinga blant tilsette i kommunane og fylkeskommunane. Statistikken som viser sysselsetjinga i kommunane og fylkeskommunane inkludert interkommunal verksemd vart fyrste gong publisert saman med KOSTRA i 2007, med tal for 2005 og 2006.

Brukarar og bruksområde

Kommunar, fylke, Helsedirektoratet, Helse- og omsorgsdepartementet, Arbeidsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og intresseorganisasjonar er viktige brukarar. Statistikkgrunnlaget blir brukt i KOSTRA

Likebehandling av brukere

Ikkje relevant

Samanheng med annan statistikk

SSB publiserer også totale sysselsetjingstall for kommunar og fylkeskommunar i kvartalsvis Nasjonalrekneskap (KNR).

Talet på sysselsette personar vil vere høgare enn i KNR, fordi KNR berre inkluderar dei som har hovudarbeidet sitt i ein kommune/fylkeskommune. I registertala er alle med hovud- eller biarbeid inkluderte. Tala i registeret for avtalte årsverk er og høgare enn KNR sine tal for normalårsverk. Her tek KNR omsyn til ekstraarbeid. Når det likevel er nokre forskjellar i tala skyldast dette mest truleg at systema for berekning er ulike. I KNR er eit normalårsverk rekna ut ved å dividere lønnsummane med eit tal for gjennomsnittleg årsløn per heiltidsekvivalent i kommune /fylkeskommune.  For båe kjelder er tala førebelse.

Lovheimel

§3-2 i Statistikkloven (administrative register)

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Populasjonen i statistikken er personar som er sysselsette i kommunane og fylkeskommunane. Eit unntak er tabellane for tilsette i pleie og omsorgstenestene. Her er og tilsette i private verksemder inkluderte. Statistikken gjeld og utlendingar med kortvarig opphald i Noreg. Observasjonseininga er person og statistikkgrunnlaget inneheld alle arbeidsforhold ein person har.

Totaltala omfattar all sysselsetjing i verksemdene som er med i rekneskapen for kommunane og fylkeskommunane. Sysselsette i Oslo kommune er registrerte slik at sysselsette i tannhelseteneste og vidaregåande opplæring er grupperte som "fylkeskommune" medan øvrige kommunale tenester er grupperte saman med "kommune"

Skiljet mellom kommune - kommunekonsern og fylkeskommune - fylkeskonsern er at det som høyrer under kommune-/fylkeskasse blir rekna inn i det som er omtala som kommune/fylkeskommune. I tala for konsern reknar ein i tillegg med kommunen sin del av interkommunale selskap (IKS) og andre kommunale/fylkeskommunale føretak, til dømes kommunale føretak (KF) og fylkeskommunale føretak (FKF) som leverer eigne rekneskapar. I dei interkommunale selskapa (IKS) er dei sysselsette og årsverka delte etter eigardelane som er registrerte i Einingsregisteret.

Datakjelder og utval

Data for statistikken er bygd på fleire ulike register. Hovudkjeldene til opplysingar om utdanning for helse- og sosialpersonell er helsepersonellregisteret til Helsedirektoratet og Nasjonal utdanningsdatabase (NUDB). I tillegg kjem opplysingar frå Fastlegeregisteret.

Informasjonen om lønstakarar blei fram til 2015 henta frå arbeidstakarregisteret til NAV og løns- og trekkoppgåveregisteret (LTO) som var administrert av Skattedirektoratet.

Frå 2015 er a-ordninga ny kjelde for opplysingar om lønstakarar. A-ordninga er ei felles kjelde for Skattedirektoratet, NAV og SSB. Ho erstattar Aa-registeret til NAV og Løns- og trekkoppgåveregisteret (LTO), hovudkjeldene for opplysningar om lønstakarar frå 2000 - 2014.

Einingsregisteret og Verksemd- og føretaksregisteret gjev opplysingar om næring, institusjonell sektor og adresse for verksemdene (arbeidsstadene). I tillegg kjem informasjon frå NAV sine register for foreldrepengar, samt SSB sitt register over legemeldt sjukefråvære.

Fullteljing av alle arbeidsforhold. 

 

 

Datainnsamling, editering og beregninger

Helsedirektoratet sitt helsepersonellregister (HPR): Helsepersonellregisteret gjev oversikt over alt helse- og sosialpersonell som har fått autorisasjon til å utøve yrket sitt. Statistisk sentralbyrå (SSB) tek i mot status pr. 3. uke i november for alle personar som er autoriserte. HPR inneheld ikkje alle helse- og sosialutdanningar, berre utdanningar med krav til autorisasjon. Personar med helse- og sosialutdanning som ikkje har søkt om slik autorisasjon, vil ikkje være med i dette registeret. HPR kan og innehalde personar som har fått autorisasjon i Noreg, men som ikkje bur eller er i landet på referansetidspunktet.

Nasjonal utdanningsdatabase (NUDB): Frå 2006 har ein brukt Nasjonal utdanningsdatabase (NUDB) til å trekkje ut personar med helse- og sosialfagleg utdanning. Denne databasen inneheld alle utdanningar ein person har teke ved norske lærestader. Intern opplæring i verksemdene er ikkje med i dette registeret. Vi bruker NUDB frå året før statistikkåret, pga. lang produksjonstid på registeret.

A-ordninga: SSB tek kvar månad frå 1.1.2015 i mot filer med opplysingar om lønstakarar via a-ordninga. Med innføringa av a-ordninga blei Løn- og trekkoppgåveregisteret (LTO) lagt ned. Alle opplysingane frå LTO er no i a-ordninga.

Sjølvmeldingsregisteret: SSB hentar årleg inn eit uttrekk av datamaterialet frå Skattedirektoratet.

Einingsregisteret: Variablane knytte til verksemd som næring og arbeidsstadkommune vert henta frå Einingsregisteret.

Sysselsette er definert som personar som utførte inntektsgjevande arbeid av minst éin times varighet i referanseveka, samt personar som har eit slikt arbeid, men som var midlertidig fråverande pga. sjukdom, ferie, lønna permisjon e.l. Personar som er inne til førstegangs militær- eller sivilteneste vert rekna som sysselsette. Personer på sysselsettingstiltak med lønn frå arbeidsgjevar vart og rekna som sysselsette.

Avtalte årsverk

Avtalte årsverk er berekna ved å måle avtalt arbeidstid i veka i forhold til vanleg heiltid(37,5 timer pr uke). Ein tek utgangspunkt i avtalt arbeidstid på referansetidspunktet som er tredje veke i november (4. kvartal) og antar at han er representativ for heile året. For tilsette i næringane innanfor helse- og sosialtenester som har helse- og sosialfagleg utdanning, er vanleg heil stilling satt til mellom 33 og 40 timer for å ta omsyn til at vanleg heil stilling i desse gruppene kan vere lågare enn 37,5 timer pr veke, til dømes ved turnus og skiftordninger. 

Frå 2015 er årsverk berekna ved bruk av variabelen stillingsprosent. Årsverk = stillingsprosent/100.

Avtalte årsverk eksklusive lange fravær er summen av heiltidsjobbar (arbeidsforhold) og deltidsjobbar rekna om til heiltidsjobbar. Årsverk tapt på grunn av legemeld sjukefråvær og foreldrepermisjon er trukke frå. Talet på avtalte årsverk eksklusive lange fråvær vil ikkje være identisk med dei faktisk utførte årsverka sidan statistikken ikkje fanger opp overtids, eigenmeld sjukefråvær, ferie og andre avvik frå avtalt arbeidstid, utover legemeld sjukefråvær og foreldrepermisjonar.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Tal blir ikkje gjorde offentlege dersom dei gjev opplysingar om enkeltpersonar slik at dei blir gjenkjende.

Samanlikningar over tid og stad

Om nytt datagrunnlag frå og med 2015

Registerbasert sysselsettingsstatistikk, som er hovudkjelden til statistikk over sysselsette i kommunal sektor, er frå og med 2015 basert på eit nytt datagrunnlag for lønstakarar. Hovedkjelden til og med 2014 var NAVs Arbeidstakerregistar (Aa-registeret). I 2015 vart rapporteringa frå arbeidsgjevarane til NAV til dette registeret samordna med rapportering av løns- og personelldata til Skatteetaten og SSB. Det felles rapporteringssystemet blei kalla a-ordninga. A-ordninga gir generelt eit betre datagrunnlag ved at det er meir korrekt på individnivå samt at det dekkjer fleire lønstakarar enn Aa-registeret.

Endring i tidsserien frå og med 2015

Etter overgangen til det nye datagrunnlaget frå 2014 til 2015 får vi meir presise tal om sysselsette. Det samla talet på sysselsette, som inkluderer alle sektorar, er 60 000 lågare i det nye datagrunnlaget enn i det gamle opplegget basert på landstalet for sysselsette i Arbeidskraftsundersøkinga (AKU). I forhold til det totale talet på sysselsette er forskjellen liten, 2,4 prosent, men det gjer at registertal for talet på sysselsette i 4. kvartal 2014 jamført med 4. kvartal 2015 ikkje utrykker faktisk endring.

I tillegg gir det nye datagrunnlaget meir presise tal om små jobbar, som gjev utslag i pleie og omsorgstenestene - eit område der ein tradisjonelt har mange små jobbar.

Bruk av NUDB

Overgangen til bruk av NUDB som kjelde for opplysingar om utdanning (frå 2006) førte til at ein fekk med fleire personar med fullført helse- og sosialfagleg utdanning enn tidligare år, og då særskilt for dei gruppene som ikkje har krav om autorisasjon, til dømes sosionomar og barnevernspedagogar.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Frå og med 2015

Det er manglar i rapporteringa av stillingsprosent, som nyttast for å berekne årsverk og avtalt/vanleg arbeidstid. For mange av desse er stillingsprosent berekna ut frå talet på betalte timar (gjeld i hovudsak timelønte). Det vart arbeide med å få betre kvalitet på rapporteringa, samtidig som SSB testar ut metodar for å justere for manglar ved rapporteringa.

Sjølvstendig næringsdrivande vart identifisert ved hjelp av informasjon frå Sjølvmeldingsregisteret. På grunn av lang produksjonstid ligg opplysningar om næringsvirksomhet frå året før til grunn for statistikken. Som følge av tidsforskyvninga kan personar dermed feilaktig bli klassifisert som sysselsatte, om dei avslutta verksemda året før.

Totaltalet på sysselsatte blei før 2015 bestemt av AKU samlet og fordelt på lønstakarar og sjølvstendige. Frå og med 2015 er det berre talet på sjølvstendige som blir bestemt av AKU. For lønstakarar slipp ein difor utvalsusikkerheiten som fulgte med AKU-tala.

2000-2014

I tabellane for pleie og omsorgstenestene skal ein og ha med tilsette i private verksemder som produserer slike tenester etter avtale med kommunane. Omfanget av kjøp av slike tenester kan variera over tid og stad. Typisk kan dette gjelda støttefunksjonar som reinhald og kantine. Når det gjeld heimesjukepleie og institusjonar (som til dømes sjukeheimar), reknar ein med god dekning. I høve til privat heimehjelp er det noko underdekning. Dette gjeld ein del private verksemder som har avtale med kommunane om heimehjelpstenester, men som og driv liknande tenester reint kommersielt (til dømes reinhaldsføretak). Den einskilde tilsette i slike føretak, vil kunne skifte mellom heimehjelp og reinhaldsarbeid i løpet av ein arbeidsdag eller ei arbeidsveke, og det er difor vanskeleg å skilja desse to tenestene frå kvarandre.

For personar som er definerte som sysselsette og lønstakarar berre på grunnlag av opplysingar frå løn- og trekkoppgåveregisteret (omkring 8 prosent av lønstakarane), er arbeidsforholdet ikkje datert. For rundt halvparten av massen hentar ein informasjon frå andre administrative kjelder, som er med på å tidfeste arbeidsforholdet. For dei resterande ligg informasjon om storleiken på løn til grunn for om personen reknast som sysselsett. Det er difor knytt ein viss usikkerheit om arbeidsforholdet faktisk var aktivt i 4. kvartal.

Revisjon

Ikkje relevant

Kontakt

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB