Halv million sysselsette i kommunane

Publisert:

Talet på sysselsette i kommunane har passert ein halv million og utgjorde 507 000 personar i 4. kvartal 2016. Dette er knappe 2 prosent fleire enn på same tid i 2015.

Samla sett hadde dei sysselsette i kommunane avtale om 380 000 årsverk i 4. kvartal 2016, som er ein vekst på 2,5 prosent frå året før. Mesteparten av denne veksten var i grunnskulen og helse- og sosialtenestene som hadde ein auke i avtalte årsverk på høvesvis 2,3 og 3,3 prosent. Talet på avtalte årsverk i barnehagane og kommunale kulturtilbod har derimot hatt ein liten nedgang som utgjorde om lag 1 prosent i den same perioden.

Svak auke i fylkeskommunane

Figur 1

Figur 1. Avtalte årsverk i kommunane, etter område. 2016

Fylkeskommunane, med sine 49 000 sysselsette, hadde i 2016 ein liten auke både i talet på sysselsette og avtalte årsverk på høvesvis 0,2 og 0,4 prosent samanlikna med same tidsrom året før. Vidaregåande opplæring syner ein nedgang i avtalte årsverk på 0,7 prosent og omfatta 34 000 årsverk i 4. kvartal 2016, noko som utgjer omtrent 79,5 prosent av dei totale årsverka i fylkeskommunane. 

Meir faglærd personell i pleie og omsorg

Figur 2

Figur 2. Avtalte årsverk i interkommunale selskap og kommunale føretak, etter område. 2016

71,9 prosent av dei 138 000 avtalte årsverka i pleie og omsorg vart utførte av personell med helse- og sosialfagleg utdanning i 4. kvartal 2016. Delen faglærd personell har dermed auka litt frå året før da han var 71,4 prosent.

 

Kontakt