Innhald
Om statistikken
Omgrep
-
Namn og emne
-
Namn: Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal
Emne: Arbeid og lønn
-
Ansvarleg seksjon
-
Seksjon for arbeidsmarkeds- og lønnsstatistikk
-
Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane
-
Ved val av sentrale omgrep og definisjonar har Statistisk sentralbyrå (SSB) lagt vekt på å følgje dei tilrådingane som Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) har gitt for utarbeiding av arbeidsmarknadsstatistikk. I EØS-samarbeidet er det gjort presiseringar av ILO-tilrådinga.
Personar over ein viss alder skal bli klassifiserte etter deira tilknyting til arbeidsmarknaden i løpet av ein spesifisert, kort periode, anten ei veke eller ein dag. For den norske AKU har SSB vald tidsperioden ei veke (referanseveka) som referanse for opplysningar om dei personane som inngår i utvalet.
Sysselsette er personar i alderen 15-74 år som utførte inntektsgivande arbeid i minst ein time i referanseveka, i tillegg til personar som har eit slikt arbeid, men som var mellombels fråverande pga. sjukdom, ferie, løna permisjon e.l. Personar som er inne til førstegongs militærteneste, vert rekna som sysselsette. Personar på sysselsettingstiltak med løn frå arbeidsgjevar blir óg klassifiserte som sysselsette, til skilnad frå deltakarar på andre typar tiltak (kvalifiseringstiltak) der det berre blir utbetalt kursstønad e.l. Ufrivillig heilt permitterte, med samanhengande varigheit på inntil 3 månader, blir rekna som sysselsette, midlertidig fråverande.
Arbeidslause er personar utan inntektsgivande arbeid som prøvde å skaffe seg slikt arbeid i dei siste fire vekene, og som kunne ha teke på seg arbeid innan to veker. Ufrivillig heilt permitterte blir rekna som arbeidslause etter ei samanhengande varigheit på tre månader eller meir.
Arbeidsstyrken er summen av dei sysselsette og dei arbeidslause, dvs. personar med tilknyting til arbeidsmarknaden (blir ofte omtalt som dei yrkesaktive). Arbeidsstyrkeprosenten (yrkesfrekvensen) blir berekna i forhold til befolkninga i den aktuelle aldersgruppa.
Utførte timeverk/faktisk arbeidstid omfattar alle timeverk utført i inntektsgivande arbeid, inklusive overtid eller ekstraarbeid, og eksklusive fråver pga. ferie, sjukdom, permisjon, arbeidskonfliktar o.l.
Alder
Fra 2006 blei definisjonen endra frå alder ved utgangen av året til alder på referansetidspunktet for AKU. Formålet med endringa var i første rekke å kome i samsvar med praksis i andre land. Samtidig blei nedre aldersgrense for å vere med i AKU senka frå 16 til 15 år.Registrerte heilt arbeidslause er arbeidsføre personar som søker inntektsgivande arbeid gjennom NAV, og som er disponible for arbeid. I tillegg må vedkomande ha vore utan inntektsgivande arbeid dei siste to vekene.
Ordinære tiltaksdeltakarar er arbeidssøkjarar som på referansetidspunktet deltar i eit tiltak retta mot ordinære arbeidssøkjarar.
-
Standard klassifikasjonar
-
Ikkje relevant.
Administrative opplysingar
-
Regionalt nivå
-
Nasjonalt
-
Kor ofte og aktualitet
-
Frekvens: Månadsvise tal. Aktualitet: Det blir gjort kontinuerlege undersøkingar i AKU, dvs. at alle årets veker blir kartlagde. Dei sesongjusterte AKU-tala blir normalt publiserte 4 veker etter utløpet av den aktuelle månaden. Sidan det blir gjort ei glatting av tidsserien (tremånaders glidande sentrerte gjennomsnitt), vil tala i praksis bli presenterte med ein månads tidslag. Oversikt over publiseringsdatoar for dei næraste 4 månadene finst i statistikkalenderen.
-
Internasjonal rapportering
-
Ved kvar publisering blir tal for arbeidsløyse og sysselsetting sende til Eurostat (ujusterte og sesongjusterte tal, i tillegg til trendtal, fordelte på aldersgrupper og kjønn)
-
Lagring og bruk av grunnmaterialet
-
Grunnfiler blir lagra permanent.
Bakgrunn
-
Føremål og historie
-
Formålet med dei sesongjusterte AKU-tala er å gi informasjon om utviklinga i sysselsetting og arbeidsløyse på kort og lang sikt.
-
Brukarar og bruksområde
-
I tillegg til å gi styresmaktene og andre interesserte informasjon om situasjonen og utviklinga på arbeidsmarknaden, skal AKU tene som grunnlag for prognosar og utgreiingar, og gi arbeidsmarknadsforskinga statistisk materiale. Viktige brukarar er Finansdepartementet og dei ulike fagdepartementa, Noregs Bank, NAV, forskings- og utgreiingsinstitusjonar, fag- og næringsorganisasjonar, internasjonale organisasjonar, i tillegg til media.
-
Likebehandling av brukere
-
Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før den er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter førehandsvarsling seinast tre månader før i Statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre likebehandling av brukarane.
Sjå Prinsipper for likebehandling for meir informasjon.
-
Samanheng med annan statistikk
-
SSB publiserer ein statistikk over registrerte arbeidslause og personar på arbeidsmarknadstiltak som blir utarbeida på grunnlag av NAV sitt arbeidssøkjarregister (ARENA). Arbeidslause, slik AKU måler dei, må ikkje forvekslast med dei registrerte arbeidslause. Tala frå AKU inkluderer også arbeidslause som ikkje registrerer seg hos NAV, og nokre av dei som går på arbeidsmarknadstiltak. På den andre sida blir ein del av dei registrerte arbeidslause ikkje klassifiserte som arbeidslause i AKU (på grunnlag av spørsmål om søking etter arbeid og tilgjenge til arbeidsmarknaden). Dette gjeld særleg eldre personar med lange arbeidsløyseperiodar.
AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er derfor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil AKU derfor ikkje vise fall i sysselsettinga eller auke i arbeidsløysa. I nasjonalrekneskapstala (NR) vert derimot sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette, så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. I tillegg blir tal for sysselsette og arbeidslause som ikkje er busette i Noreg, årleg publisert i ein eigen statistikk, sjå sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .
-
Lovheimel
-
Lov om offisiell statistikk og statistisk sentralbyrå §§ 10 og 20.
-
EØS-referanse
-
Rådsforordning (EF) nr 577/98, 1991/2002 og 2257/2003, og dessutan Kommisjonsforordning nr. 1575/2000, 1897/2000, 2104/2002, 430/2005 og 377/2008.
Produksjon
-
Omfang
-
AKU skal dekkje personar i alderen 15-74 år busette i Noreg. Alder er definert på referansetidspunktet for undersøkinga. Busett er definert som å ha opphald i landet på minst eit halvt år.
Utvalet blir trekt frå Det sentrale folkeregisteret, som er det offisielle registeret for busette i Noreg. Andre personar som oppheld seg i landet, kan derfor ikkje bli trekt ut i AKU. Undersøkinga dekkjer difor ikkje sysselsette i Noreg som pendlar inn frå utlandet, eller som har opphald i landet på mindre enn eit halvt år.
-
Datakjelder og utval
-
Hovudkjelda for AKU er data frå kontinuerlige intervjuundersøkingar kopla til registerdata. Dei sesongjusterte tala over registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar blir lagde på bakgrunn av datamateriale innhenta frå NAV sitt saksbehandlarsystem, ARENA.
På grunnlag av Det sentrale folkeregisteret blir det gjort ei tilfeldig trekking av familieeiningar som til saman utgjer 24 000 personar (per kvartal) i den aktuelle aldersgruppa. Kvart familiemedlem i alderen 15-74 år blir intervjua om si tilknyting til arbeidsmarknaden i ei nærare spesifisert referanseveke. intervjuobjekta deltar i alt 8 gonger i løpet av 8 påfølgjande kvartal.
-
Datainnsamling, editering og beregninger
-
Alle intervju skjer per telefon. Ein del opplysningar gitt ved tidlegare intervju blir nytta ved etterfølgjande intervju. Demografiske data blir innhenta frå Befolkningsregisteret i SSB. Personar som er trekte ut til å delta, skal helst svare sjølv, men om lag 15 prosent er indirekte intervju, dvs. ved svar frå nære familiemedlemmer. Det er oppgåveplikt, men tvangsmulkt blir ikkje praktisert.
Under sjølve intervjuet, som skjer ved bruk av PC-basert spørjeskjema, er det lagt inn fleire maskinelle rutinar for å førebyggje feil svar og/eller feil registrering av svar, t.d. når det gjeld talet på arbeidstimar i løpet av veka. I nokre tilfeller får intervjuaren "åtvaringar" ved registrering av svar, medan det i andre tilfelle er lagt inn maksimums- eller minimumsverdiar.
Statistikken frå AKU blir berekna slik at tala skal tilsvare heile befolkninga i alderen 15-74 år. Estimeringa byggjer på at kvar person i utvalet representerer fleire personar. Kor mange varierer, men for kvartalstal i 2017 er det om lag 195.
Estimeringsmetoden bruker fleire demografiske data og registeropplysningar relevante for tilknytinga til arbeidsmarknaden for å minimere standardfeil og rette opp mest mogleg av effekten av skeive svarutval i AKU, sidan fråfallet ikkje er tilfeldig. Ny metode blei lansert april 2018, men blir brukt også på data tilbake til 2006 for å få mest mogleg samanliknbare tidsseriar.
Estimeringsmetoden i AKU skjer i fleire steg, og kallast multippel modell-kalibrering (MMK). Innleiingsvis blir hovudarbeidsmarknadsstatus i AKU modellert, det vil seie sysselsett, arbeidslaus og utanfor arbeidsstyrken, konsistent med ein multinomisk logit-modell[1] forklart med ei rekke registervariablar kjent for alle i populasjonen. Registerinformasjonen er registrerte heilt ledige, på tiltak og personar med nedsett arbeidsevne hos NAV, registerinformasjon om uførepensjonistar, utdanningsnivå, sivilstand, familiestorleik og innvandrarkategori, landbakgrunn, kjønn og alder, bustadfylke, og informasjon fra A-ordninga og Skattemeldingsregisteret. Modellen gir predikerte sannsynlegheiter for dei ulike hovudstatusane i AKU for einkvar i populasjonen. Månadsvektene i AKU blir kalibrerte ved hjelp av dei predikerte sannsynlegheitane og fleire registervariablar direkte[2]. Dette gjer at vektene også blir konsistente med populasjonen for tala i bl.a. befolkningsregisteret etter kjønn, ulike aldersgrupper og landsdel, i tillegg til konsistente vekter for talet på heil/deltids-lønstakarar etter kjønn og registersysselsette innvandrarar etter 2 landgrupper.
Multippel modell-kalibrering gir noko variansreduksjon, ved å utnytte meir effektivt at vi har tilgjengelig god hjelpeinformasjon om alle i populasjonen frå ulike register som SSB har kopla saman.
Utgangsvektene, før kalibreringa, er forholdet mellom talet på personar i populasjonen og bruttoutvalet pr. fylke, og tar omsyn til at personar i ulike fylke har ulik sjanse for å bli trekte ut i AKU.
For meir detaljert teknisk informasjon om ny estimeringsmetode, sjå Documents 2018/16 [https://www.ssb.no/en/arbeid-og-lonn/artikler-og-publikasjoner/new-estimation-methodology-for-the-norwegian-labour-force-survey]
[1] Ein multinomisk logit-modell er ein logistisk regresjon generalisert til meir enn to moglege diskrete resultat. Modellen blir brukt til å predikere sjansane for dei ulike moglege utfalla av ein kategorisk distribuert avhengig variabel, gitt eit sett med uavhengige variablar.
[2] At vektene er konsistente for ein registervariabel, for eksempel kjønn, betyr at summen av vektene i svarutvalet i AKU gir same tal som i heile populasjonen for kvar kategori av registervariabelen, eksempelvis talet på menn og kvinner i populasjonen.
-
Sesongjustering
-
For å gjera tolkinga av endringar mellom dei siste månadsvise tala enklare, blir tala sesongjusterte ved bruk av X12-ARIMA.
Justeringa skjer indirekte, ved at vi sesongjusterer seriar for alder over/under 24 år kvar for seg for tala på sysselsette og arbeidslause. For utførte vekeverk sesongjusterer vi følgjande 3 seriar kvar for seg: personar 24 år og under, menn over 24 år og kvinner over 24 år. For registrerte heilt ledige hos NAV og registrerte heilt ledige hos NAV + personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak sesongjusterer vi fire seriar fordelt på kjønn kryssa med alder over/under 24 år kvar for seg. Totalane får vi ved å summere dei sesongjusterte delseriane i ettertid. Vi konstruerer kjønnsfordelte sesongjusterte tal for sysselsette, arbeidsledige og utførte vekeverk for personar 24 år og under ved at sesongjusterte seriar fordelte på alder blir brotne ned på kjønn ved hjelp av månadlege fordelingsnøklar. Fordelingsnøklane er laga av uoffisielle trendtal frå ekstrakjøringar av X12-ARIMA basert på AKU. Vi overlet til sesongjusteringsprogrammet å avgjere om additiv eller multiplikativ dekomponering av seriane gir best resultat, i tillegg til val av ARIMA-modell, og sesong- og trend. Desse optimale vala blir vanlegvis låste for eit år av gongen. Vi lar X12-ARIMA berekne sesongkomponentane og parametrane i prekorrigerings-regresjonane på nytt kvar månad. Dette er beste praksis for innstillingar av sesongjusteringsprogrammet, i følgje EUROSTAT, og blir gjort for å få lite revisjon av dei sesongjusterte tidsseriane gjennom året.
Vi lar sesongjusteringsprogrammet prekorrigere tidsseriane ved bruk av regresjonsanalyse. Vi har spesifisert høgresidevariablar for å ta omsyn til ekstreme verdiar og effektar av fridagar som ikkje plasserer seg på kvardagar i same månad i AKU kvart år. Dei sesongjusterte seriane for sysselsetting og arbeidsløyse for dei over 24 år og tala for utførte vekeverk blir prekorrigerte dersom påska er i mars. Tala for utførte vekeverk er dessutan sensitive for meir enkeltståande fridagar, og vert difor i tillegg prekorrigerte for effektar av: 2. påskedag i mars, 1. mai, 17. mai, Kristi himmelfartsdag og 2. pinsedag. I tillegg korrigerer vi for talet på offentlege fridagar på vekedagar i desember og talet på normalarbeidsdagar i romjula og talet på vekedagar i juni som i AKU kjem i juli, fordi ein i AKU aldri deler referanseveker (måndag-søndag) mellom månader, slik kalenderen gjer (vi tar også høgde for at to av desse fridagane kan hamne på ein og same dato, f. eks. Kristi Himmelfartsdag på 17. mai i 2007 og 2012 og på 1. mai 2008). Alle høgresidevariablane er rekna som avvik får respektive månadsgjennomsnitt. I tillegg er variablane justert med ein vekemultiplikator for betre å justere for at nokre månader i AKU har 5 referanseveker, medan andre har 4.
Sjå punktet Om sesongjustering lenger ned for meir informasjon om sesongjusteringa.
-
Konfidensialitet
-
Ikkje relevant.
-
Samanlikningar over tid og stad
-
Ny estimeringsmetode publisert i april 2018 tar i bruk fleire register som vil redusere statistisk usikkerheit og effekten av skeive utval. Dette fører til litt lågare nivå på sysselsette og nesten tilsvarende høgare nivå for personar utanfor arbeidsstyrken enn førre metode. Talet på arbeidslause endrer seg lite totalt sett. For å få mest mogleg samanliknbare tal, er tidsseriane reviderte tilbake til 2006 i Statistikkbanken. Justeringane varierer litt mellom grupper og over tid. For meir informasjon om endringane, sjå eigen artikkel: https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/artikler-og-publikasjoner/ny-metode-gir-bedre-aku-tall.
AKU gjekk gjennom ei større omlegging frå januar 2006 , mest for å kome i samsvar med endringar som også er gjort i EU-landa i tråd med nye ILO-tilrådingar. Endringane gjaldt nokre mindre definisjonsendringar og justeringar av spørjeskjemaet. Samstundes blei utvalet utvida til å omfatte alle 15-åringar, og frå då blei alder definert som fylte år på referansetidspunktet for undersøkinga, i tråd med opplegget i andre land. Før 2006 var alder definert som fylte år ved utgangen av året. Frå og med publiseringa av tala for 1. kvartal 2012 handterer vi omlegginga i 2006 ved å starte tidsseriane i 2006. Fram til mars 2012 blei det gjort ved å halde 15-åringane utanfor talgrunnlaget som vart sesongjustert, for å unngå brot i tidsseriane.
Også i 1996 var det ei større omlegging. Frå april 1988 t.o.m. 1995 hadde vi berre ei veke i månaden som referanseperiode i AKU, medan vi frå og med 1996 gjekk over til kontinuerlege referanseveker, dvs. at alle vekene i året blir kartlagde. Før 1996 prøvde ein å unngå innslag av rørlege heilagdagar og fridagar i referansevekene (bortsett frå juli), for å gjera tala mest mogeleg samanliknbare frå år til år.
Brot i tidsseriane før 2006 blir nærare forklart i Arbeidskraftundersøkelsen 2001 (NOS C 748).
Internasjonale standardar blir brukte ved definisjonar og grupperingar, jfr. pkt 4.1, slik at tal frå AKU kan samanliknast med tal frå andre land med denne typen undersøkingar som kjelde.
Nøyaktigheit og pålitelegheit
-
Feilkjelder og uvisse
-
Generelt vil det kunne oppstå feil både under intervjuet og i kodinga av variablane i ettertid. I Notater 2002/24 Dokumentasjon av arbeidskraftundersøkelsen er det gjort greie for denne type feil for ein del av variablane. I AKU blir ein del personar intervjua indirekte, dvs. via svar frå eit anna familiemedlem. Undersøkingar viser at sysselsettinga i gjennomsnitt er undervurdert blant dei som blir intervjua på denne måten. Dette gir særleg utslag for aldersgruppa under 30 år.
Storleiken på fråfallet i prosent av bruttoutvalet har variert mykje sidan AKU starta opp i 1972. Dei 20 første åra låg det stort sett rundt 10-12 prosent. I åra 1992-1997 var det særleg lågt, berre 6-8 prosent, for deretter å auke gradvis til ein topp på 21 prosent i 2013. Etter systematisk arbeid blei så fråfallet redusert til rundt 16 prosent i 2017.
Kvart kvartal blir 1/8 av utvalet fornya. Delutval som kjem til kvart kvartal, blir ikkje justert for endringar i populasjonen etter at det er trekt. I estimeringa sikrar ein likevel at utvalet samla sett er riktig kvart kvartal etter alder, kjønn og fylke.
Utvalsusikkerheit er eit uttrykk for den usikkerheita ein får i resultata fordi desse byggjer på opplysningar om berre ein del (eit utval) av befolkninga. Ved å berekna ein storleik som blir kalla standardfeilen, får ein eit mål for kor stor utvalsusikkerheita er. Standardfeilen vil variere med kva slag variabel ein ser på. Dersom standardfeilen var kjent, kunne ein finne eit intervall som med eit bestemt sannsyn inneheld den sanne verdien av ein estimert storleik (den verdien ein ville ha fått om ein hadde gjort ei totalteljing i staden for ei utvalsundersøking). Dette intervallet blir kalla konfidensintervallet. Kallar ein den estimerte verdien M, vil intervallet med yttergrensene M ± 2 s med 95 prosent sannsyn innehalde den sanne verdien av estimatet.
Standardfeilen for kvartalsgjennomsnitt for talet på arbeidsledige 15-74 år er rundt 4600 i 2017. Det svarar til ein variasjonskoeffisient på 3,9 prosent. Standardfeilen for kvartalsgjennomsnitt for talet på sysselsette 15-74 år i AKU er rundt 8600 personar i 2017. Variasjonskoeffisienten for sysselsettingstala blir då på rundt 0,29 prosent. Fleire berekningar vil seinare bli publisert i Statistikkbanken.
Det er uvisse i samband med sjølve sesongjusteringa. Sesongjusteringsprogrammet gir modellbaserte framskrivingar av data som blir nytta i utrekningane av dei sesongjusterte tala og trenden. Det er modelluvisse i samband med framskrivingane, noko som gir uvisse i dei sesongjusterte tala og trenden mot slutten av tidsserien, spesielt det siste året. Før sesongjustering blir seriane prekorrigerte ved hjelp av regresjonsmodellar i X12ARIMA, der vi har spesifisert forklaringsvariablane. Seriane blir prekorrigerte for ulike brot, ekstreme verdiar og effektar av fridagar som ikkje plasserer seg på kvardagar i same månad i AKU kvart år. Dei sistnemnde effektane er mest aktuelle for sesongjustering av tal for utførte vekeverk. Det er uvisse i samband med regresjonsestimata over. Eventuell feilspesifikasjon av effektane over kan gi upresise tal.
-
Revisjon
-
Tala blir reviderte som følgje av sesongjusteringar. Sjå arkfana Om sesongjustering for meir informasjon om revisjonsrutinane.
Relevant dokumentasjon
- New estimation methodology for the Norwegian Labour Force Survey. Notater (2018/16)
- Dokumentasjon av Arbeidskraftundersøkelsen (AKU) etter omleggingen i 2006. Notater (2015/15)
- Sesongjustering av hovedseriene i AKU - dokumentasjon av ny metode og resultater. Notater (2004/24)
- Arbeidskraftundersøkelsen 2001 (NOS C748)
- Omleggingen av arbeidskraftundersøkelsen (AKU) i Økonomiske analyser 07/1996
- Omleggingen av arbeidskraftundersøkelsen (AKU) i 1996
Statistikken blir no publisert saman med Arbeidskraftundersøkelsen.