5904_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/skattred/aar
5904
Færre reiarlag likna etter særreglane
statistikk
2004-12-06T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap
no
skattred, Skattestatistikk, rederierSkatt for næringsvirksomhet, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Skattestatistikk, rederier2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre reiarlag likna etter særreglane

Stadig færre reiarlag vert likna etter dei særskilte skattereglane for skipsaksjeselskap. I 2003 vart 420 aksjeselskap likna etter desse frivillige reglane mot 475 året før. Sjølv om færre selskap nyttar ordninga, auka samla utlikna skatt med 25 millionar kroner eller 8 prosent frå året før.

Til saman vart det utlikna 337 millionar kroner i skatt for skipsaksjeselskapa i 2003.

Skattepliktig inntekt

Samla skattepliktig inntekt utgjorde 964 millionar kroner, eller 135 millionar kroner meir enn i 2002. Auken kjem i hovudsak av ein auke i skattepliktig utbytteinntekt. Skipsaksjeselskap som er med i ordninga, vert skattlagde for positiv netto finansinntekt, utbytteinntekt og anna skattepliktig inntekt. Driftsoverskotet i selskapa blir ikkje skattlagt før eigarane eventuelt tek ut inntekt som ikkje er skattlagt eller reiarlaga trer ut av ordninga.

Skatt og frådrag i skatt

Sum utlikna fellesskatt utgjorde 270 millionar kroner, ein auke på 38 millionar samanlikna med 2002. Tonnasjeskatten utgjorde 75 millionar kroner, ein nedgang på 14 millionar. Frådrag i skatt utgjorde 8 millionar kroner, ein nedgang på 1 million. Størstedelen av frådraget gjeld godtgjerslefrådrag.

Talet på selskap

Totalt vart 611 selskap likna etter den frivillige ordninga i 2003. Ordninga omfatta 420 skipsaksjeselskap og 191 deltakarlikna selskap. Statistikken syner berre inntekt og utlikna skatt for skipsaksjeselskap då skattlegginga av deltakarlikna selskap skjer på deltakar si hand.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken bygger på opplysningar frå Sentralskattekontoret for storbedrifter etter ordinær likning. Då det er innført ny årssyklus med endringar i rutinar og fristar ved likninga for næringsdrivande 2003, kan tala bli endra.

Tabeller: